lørdag 6. februar 2010

Om a few of my favorite things

(eller eit kjenslemessig forsvar for ein slags materialisme, avgrensa til dei tinga som finnest på romet mitt).

- Radioen som ser ut som ein pingvin med store, rullande auge, og desse auga byrjar å rulle når radioen er på! Eg har freista å finne ein samanheng mellom lydane frå radioen sin høgtalar og rullinga til radioen sine auge, men det har ikkje lukkas meg å samle nok empiri til korkje å avkrefte eller stadfeste ein slik samanheng.
- Dei to hasjpipene (ubrukte, og det er sant, ikkje noko eg seier fordi eg latar som om eg aldri i livet kunne tenkt meg å drive med slikt) som ligg i bokhylla mi, den eine er skikkeleg jalla, i mørkt tre med utskjeringar, det fylgjer med ei pakke med fem rister til den, pakka ligg ved sidan av med ei rist utanfor, den fekk eg til jol frå ei veninne ei gong, godt innpakka i gåvepapir, turkepapir, blikkboks og meir turkepapir, eg turde ikkje vise den gåva til bestemor og onkelen min, so mamma fekk sjå den etterpå og lo godt. Den andre er ei maispipe med rist i, gjeve meg i gåve av ein amerikansk gamal hippie eg snakka i to timar med utanfor Bergen Offentlige Bibliotek i sumar, om litteraturen og kjærleiken, og om ein spesiell måte å røyke på han gjorde, han fortalte meg korleis og gav meg pipa til nettopp det føremålet, eg får av og til litt dårleg samvit sidan eg ikkje har nytta den til det.
- Den fine boksen som stend oppo bøkane i same hyllerad, den brukte å stå på kjøkkenet heime hjå mamma, og er forma som ein bygård, motivet på den er nettopp gatene foran ein slik bygard, med kastanseseljarar, kjærastar som seier farvel til kvarandre ved ei inngangsdør, og ikkje minst ein konfektbutikk. Eg minnes at eg likte den boksen veldig godt når eg var liten, so gløymte eg en. Heilt til eg fekk den, fylt med sveitsisk sjokolade, til jol i år. No har den flytta til Bergen
- Ei plate frå fyrsteopplaget av "London Calling", eigentleg skulle eg berre få sjølve vinylen (som er so ripete at den er uspelbar), men eg klarte å mase til meg det småfillete coveret ogso, frå ein ven av ein ven som no har blitt min ven.
- Eit hvaløyra måla som eit halvt andlete, som pappa har funne ein stad. Han har ein eigen evne til å frambringe raritetar, eg forstår ikkje kvar han finn dei og er særs misunneleg på han for en evna, samstundes er eg glad for at eg slepp den (kan hende?) slitsame leiteprosessen, og heller kan overraskast og gledast av skattane pappa syner meg nettopp for å glede og overraske meg.
- Eit tigerauga (altso ein stein) eg fekk når eg skulle flytte til Italia, for i eit nytt land kom eg til å måtte lære mykje, og for å lære måtte eg vere flink til å sjå. Steinen låg på nattbordet mitt der nede, og eg snudde den med jamne mellomrom slik at ulike sider av han skulle vere retta mot meg i senga mi. No ligg han på skrivebordet mtit og overdøvast litt av den store (i høve til den) dataskjermen og papirhaugane, men den er likevel alltid innanfor rekkevidde av blikket mitt når eg sit og skriv.

tirsdag 2. februar 2010

Om god ost som gjer det leveleg å ete middag i eit absurd teaterstykke

Eg er den einaste i bufellesskapet mitt (eit slikt eit organisert av SiB, Studentsamskipnaden i Bergen) som et middag på kjøkkenet. Stort sett er eg ogso den einaste som lagar meg meir avansert middag enn ferdigpizza, smørbrød, pylse i brød eller kjipas-taco (that is, kjøtdeig steikt med tacokrydder i tortillalefse). Eg veit godt kvifor eg er den einaste: Me klarar nemleg ikkje å snakke so godt saman i fjerdeetasjen vår. Det får meg, og har alltid fått meg, til å tykkje at dei fire menneska eg ikkje samtalar med er idiotar, men eg har nok ein del av skulda sjølv. Det er liksom noko med stemninga: Det er rotete og skittent der ute, me er eigentleg ikkje so interesserte i kvarandre nokon av oss, og som sagt: Det er berre eg som lagar det eg, i min matsnobbeteheit, ville kalla middag. Det er ei veldig merkeleg kjensle, å sitje og ete medan den eine etter den andre av dine sambuarar kjem inn, seier hei etter at de har sett på kvarandre og blitt skuffa over at den andre er der, sitje å ete stille vidare medan din sambuar romsterar litt, for å forsvinne utan eit ord. Det er som om sjølve den eksistensielle einsemda sjølv har vorte menneske (rettare sagt: To menneske) og kome inn i romet.
Dette er faktisk skikkeleg ubehagleg. Eg kan gjere noko med det, men kjem neppe til å gjere det, og eigentleg trur eg det er for seint, dette bufellesskapet er nok dømt til denne skjebnen so lengje me som bur her no bur her. Likevel held eg fram med å ete på kjøkkenet. Eg likar å bruke roma eg har, van som eg er heimafrå med 390 kvadrat, og romet mitt er berre på 16. Maten smakar mykje betre når den nytast i sitt eige rom, måltidet vert meir markert, skilt frå eventuell stress eller keisemd inne på romet mitt (pluss at eg ikkje søler mat i senga, noko eg hadde gjort dersom eg åt der inne. Det er mykje kjekt ein kan ha i senga, men ikkje matrestar). Det fortener det når eg har sopass fine råvarer som det eg hadde i dag.
Ein liten bit ost, av pecorino-arten, dvs. ein mogna saueost frå Italia, helst fjellområda har eg høyrt men det er kan hende berre litt ekstra romanse kring den, den kan ved fyrste blikk forvekslast med parmesan men det er stor skilnad, ikkje minst av di parmesan berre finnest i ein variant, medan pecorino er det utallige rasar av, og det finnest ein butikk i Bergen med godt (og dyrt!) utval, der var eg og kaupte to, den eine tenkte eg skulle nytast i varme rettar, den er for mild og mjuk til det synte det seg, men eg smakte på han medan eg reiv han (noko som var vanskleg sidan han var so mjuk), og du! Den var mild som norsk gulost men full av smak og karakter, dersom du ikkje har visst kva ordet "delikat" tyder før, veit du det etter å ha ete denne. Heldigvis var den so mjuk og voksaktig at mykje av den hekk fast i rivjernet, slik at eg kunne plukke, forsiktig for ikkje å skjere meg og spolere osten med blodsmak, ørlisle bit etter ørvesle bit av og putte den i munnen. Nam.
(dette er forresten ikkje fyrste gongen eg bloggar om ost. Men den osten var eigentleg det stikk motsette av dagens, sterk og valdleg som han var. Fellestrekket deira er den herlege smaken. Og her kom eg på det eg har lese om og hatt førelesing i i dag, nemleg mellomaldarfilosofane sitt syn på venleik, deriblant Thomas Aquinas som meinte at venleiken var mangfaldig, alt kan vere vent på sitt eige premiss so lengje det er i harmoni med sitt vesen, og det vil eg absolutt seie desse særs vene ostane er, og dersom du kan hende har blitt berre litt underhaldt av dette blogg-innlegget, kan eg avslutte med eit sitat frå ein annan mellomaldarfilosof eg las om i dag, han heitte Hugh, og delte inn dei praktiske kunnskapane mennesket har i sju delar, og den seiste er ars theatrum: "the art which provides for and organizes entertainment". Åh, so fint!)

lørdag 30. januar 2010

Om laurdag

Laurdag er dagen for å vaske seg, derav namnet - laugardagen. Eg har vaska meg i dag, men ingen storvask, det må seiast.
I staden har eg ete frukost på senga, vore på både kafe og restaurant, lese kriminalromanar og sett på norsk åttitalskunst, og eg har kjøpt den fyrste og beste rosa vinen eg fann på polet (ein italienar du kan nyte i selskap med kake, fugl, grønsaker eller åleine (som italienerar flest), han er relativt sterk og har det dragande namnet "Romeo"), og sidan det er retorikarar eg skal hengje med i kveld, gjeld det at eg finn ei høvleg skjurte for ikkje å gjere skam på kairos. Trur eg satsar på grått og stilfylt for å motverke den tullute vinen eg dreg inn i huset, og ikkje minst for å skape ein liten kontrast til alle fargane eg vanlegvis bringar til gards. I kveld skal eg vere ein retorisk figur. Men fyrst skal eg liggje på senga, høyre på skranglemusikk, vite at det er herleg vetter med sno ute, lese avis og vere glad for særs godt selskap både før og seinare i dag.

onsdag 27. januar 2010

Om mandigheiten og dens fall

"Ja, det var tider det, når menn var menn".
Ei gong fekk eg stilt horoskopet mitt, då fekk eg mellom ana vite at huset som avgjer mitt syn på mannligheit, står tomt. Med andre ord har eg ingen "innebygde" forventingar for kva det vil seie å vere mann: Eg kan fylle det med kva eg vil. Det tykkjer eg er veldig fint, og eg har valt å tru på det.
Eg har likevel, diverre, måtte velje å tru på at visse ting knytt til visse prestasjonar knytt til sokalla kjødleg omgang er ganske avgjerande for mi kjensle av å vere mann. Kan hende er dette ein av dei få tinga som sit so djupt at dei er enno sterke, overlevande instinkt som styrer delar av identiteten vår. Trur det gjeld alle, ikkje berre meg, om det er nokon trøyst når nettopp denne mandigheiten gjeng i oppløysing som ei dårleg knytta skolisseknute ein sein kveld. Eigentleg tvert om. Eg kan ikkje skjønne at noko eg kunne ha ledd av som ein bagatell får meg til å kjenne meg som ei vaskefille som har blitt vridd om alt for brutalt, so brutalt at all verdigheit, attraktivitet og maskulinitet taut ut og blei liggjande i ein lite appetittvekkjande dam på golvet. Det gjer dagen i dag til ein møkkadag er eg redd. I tillegg regnar all snoen vekk i dag, og eg har alt for mykje eg må gjere på alt for stutt tid.
Eg har, om ikkje anna, funne ny musikk. Eller, relativt gamal som eg ikkje har kome so langt som til å høyre på før no. "Bystev" kallar systra mi slik musikk, "sosialrealistemo" kallar eg det i dag når eg er litt sur (eg meiner det eigentleg ikkje). Nokon sitat derifrå passar godt i dag. Og so kan de gjette kva for musikk eg snakkar om, sidan dette er dagen for antydingar. Ei mozartkule til den fyrste som gjettar det.

"Hon gjør det eg vil, eg gjør et par ting eg må"
"No nærmer det seg slutten, for den sjarmerende gutten"
"Unnskyld meg, gutten min, det e bare dette eg kan"

søndag 24. januar 2010

Om Mellom Stolane (eller fragment av to og eitt heilt kunstverk)

Mellom stolane

Då eg var liten freista eg
å setje meg på ein stol.

Det synte seg at den
ikkje passa rompa mi so godt.

Eg freista den neste.

Den passa ikkje den heller.

Eg sat meg mellom stolane.

Det var det aller jævlegaste.

Men kva kan ein gjere, mellomromet
er i det minste ikkje bygd av nokon
andre.

(skrive av denne bloggaren, januar 2009)

"Det er bedre å falle mellom to planeter enn mellom to stoler"

(dikttittel, Triztan Vindtorn, 1982)

(fotografi av verket "One and Three Chairs", Joseph Kosuth, 1965)

Om meg

Ferdigprodusera liste naska frå ein annan bloggar høver seg godt ein lat sundag

eg treng å vere mest heilt åleine heile dagen helst i alle fall ei gong i veka, og at folk stryk meg og gjev meg blomar
eg likar å oppdage ting i byen min eg ikkje visste om, som minner meg om at eg lev i eit eventyr
eg et for mykje mellom måltida
eg seier ja til snusk
eg seier nei til sinte bergensarmenn som fresar over at det er "fullt av knark og pakkiser" i Loddefjord. Eg har mine sterke tvil om at det er innvandrarar og narkomane som er grunnen til alt som er gale i Noreg
er er flink til å organisere, å lage mat, å lese mange ord i minuttet
eg les nett no ei norsk science fiction-ungdomsbok frå syttitalet
eg ler av rein, skjer lukke i blant
eg er gal, har eg fått høyre. Har ogso fått høyre av same person at eg er genial. Båe delar kan eg like
eg har aldri vore merkbart rampete. Synd men sant.
eg er lykkelig når eg kan vere heilt meg sjølv saman med nokon eg likar godt som tykkjer det er greitt.
eg trivst ikkje når eg gjeng på trynet i ein pinleg vassdam grunna sosial snubling
eg er dårlig på å fylgje opp løfta mine om eit nytt og betre liv.
eg er redd for å bli forlatt, for mennesket sin destruktivitet og for miljøøydeleggingar
eg elskar kunsten og livet
eg trur på kjærleiken. Kva elles?

torsdag 21. januar 2010

Om rein ufornuft

I går åt eg kake til lunsj i stadan for grovbrød.
I går snakka eg lengje om holisme og rota rundt i staden for å lese kunstteori.
I går lot eg meg påspandere middag av ein veldig veldig einsam og ikkje heilt frisk mann, og klarte å pådra meg forslag om at eg måtte prøve kjolane han hadde ervt frå bestemor si.
I går nytta eg ikkje sjansen til å snakke med ein av dei fine når eg hadde han der (sjansen+ein fin ein).
I går var eg ein alt for aktiv brukar av facebook i rusa tilstand.
I går gjekk eg midt i gata, og når det kom bil flytta eg meg. Eg skulle ha synt min motstand mot privatbilisme på eit djervare sett.

I går rota eg meg altso inn i ein potensielt særs ubehagleg relasjon og nokon dårlege vanar. Likevel koste eg meg masse i går. Lastane sin sum er konstant, har eg høyrd. So lengje eg ikkje rotar meg inn i for mange kjolar og for langt vekk frå bøkane, skal eg vel kunne leve med det.