fredag 13. august 2010

Om å forgifte seg

Som det søppelmennesket eg iblant tykkjer eg er, innleiar eg dette innlegget (ha!) med eit ordspel.
Å forgifte seg er å gifte seg for mykje.
Eg håpar mi kjære Lina Kristine, ei av dei heller fine, ikkje forgiftar seg i morgon. Eigentleg tykkjer jo eg at all gifting er forgifting, men folk må jo få gjere som dei vil. Dessutan er det som kjent gradsskilnad på kor gifte gifte menneske er (og ugifte ogso, ikkje for det), og her trur eg Lina vil oppnå ein fin balanse, og at eg framleis kan gå på date med ho (det vert eigentleg ekstra stas å gå på date med ei gift kvinne, det har eg aldri gjort før. Derimot har eg gått på date med eksen til bestekameraten min, fyrst og fremst for å ha nokon å ovundre Johnny Depp med, men ogso for å gjere bestekameraten min sjalu [hennar mål] og for å skape fred mellom ho og bestekameraten min [litt mitt, men fyrst og fremst bestekameraten min sitt mål]).
Eg er, som de kan hende har skjøna, innbitt motstandar av ekteskap, utan at eg skal gå plagsomt mykje inn på det no. Men eg er ogso veldig romantisk, og difor sjølvsagt ein stor tilhengjar av bryllaup. Eit paradoks, men kjenner eg Lina rett, mestrar ho paradoks som få andre. Bryllaupet i morgon vert stor stas, og eg forventar å byrje å grine. Viss ikkje vil eg ha togbillettpengjane mine attende.

HJARTELEG TIL LUKKE PUZEN!

onsdag 11. august 2010

Om alle eg har vore forelska i. Som ikkje finst, i alle fall ikkje i det daglegdagse røyndomsplanet

Galadriel. Men det veit de vel, dersom de har lese denne bloggen ei lita stund. Ho er framleis den finaste eg veit. Presiseri g: Den Galadriel eg er forelska i, er ho i bokmålomsetjinga av bøkane. Diverre er ho nok på eit heilt anna nivå enn meg når det kjem til intellektuell og personleg mogenheit.

Pinky. Gud, han var fin han. Eg trur ikkje eg forsto at eg var forelska i han før eg blei stor. Eg likar han ogso litt (ganske mykje) enno, og drit langt i at det gjer meg til pederast. Ogso her trengs det ei presisering: Objektet for mitt attrå er den Pinky som opptrer i den originale Skatten i Kjuttaviga. Og veit de kva: Eg klarar ikkje å finne bilete av han på nett. Difor blir ogso dette eit biletlaust blogginnlegg. Dei seinare Pinky-ane er nesten like ille som Sunniva, både mindre pene og ikkje minst kvalmande nymoralistiske. Stor vyrdnad frå mi side om nokon klarar å finne eit bilete av den originale Pinky (anno 1992), og sende det til meg.

Ei namnlaus jente, som har vore "stand-in" for mine gutteromansar dersom nokon, som oftast ein perifer slektning, har spurt om eg har ei jente på gang, og eg tvert om har hatt ein gut på gang, og ikkje orka å forklare det. Ho er eit produkt av min latskap og min feigskap, men fortener kan hende ein lite grann respekt fordetom.

Eg veit har ein del til. Men dei har eg delvis gløymt. Du veit, gløymt dei på den måten at eg ikkje får bilete av dei i hovudet når eg skriv eit blogginnlegg som dette, men ikkje gløymt på den måten at eg ikkje kjem på at eg har vore forelska i dei dersom eg ser dei att.

Iblant lurar eg forresten på om ikkje alle mine romansar har vore fantasifigurar.

mandag 14. juni 2010

Om ferie

Fyrste måndag i sommarferien. Eg tek ferie med godt samvit: Gode eksamensresultat, og sidan arbeidet i studentorganisasjonar er minst like viktig som studeringa (det er rektor samd med meg i, so det so) slengjer eg på ein suksessfull teaterproduksjon som god grunn til det. Dårlegare samvit har eg når det kjem til miljøfronten, her må eg innrømme at eg har både sluntra unna og på anna vis nedprioritert mykje av arbeidet eg kunne ha gjort for å redde verda. Men i desse kretsar har eg til gjengjeld kome særs godt frå det på det personlege plan, høhø. Uttrykket "tek det att på sjarmen" kjem verkeleg til sin rett.
Eg tek bloggferie ogso, freistar å rette kreativ energi inn mot andre ting i sommar, bloggen har blitt ein litt "lett utveg" i det seiste, so eg trur både eg og han har godt av litt kvile. Me sjåast 14. august. Isj.
God sommar.

onsdag 9. juni 2010

Om at the course of true love never did run smooth

Ein skal ikkje snakke med blomar. Ein skal sjå på dei og lukte på dei.
Du blir so alt for glad i dei viss du snakkar til dei
Og dei har tornar. Og dei visnar.
Blomar og blod. Blomar og blod.

lørdag 5. juni 2010

Om når livet er lite glamorøst, og innhaldsrikt på ein tørrbitter måte

Når natta er alt for ljos, og eg er alt for trøytt. Når eg er ein sosial meitemakk og ein fagleg sprellemann. Når eg brukar pengar på absurde ting og prøvar å få kontakt med gamle avstandsforelskingar att. Når den ventande ferien får meg til å gruve meg til å sitje mange timar i varm buss. Når eg kranglar på SMS og skriv oppgåve på epost. Når eg luktar sur mjølk og fyllesvette. Når eg stressar slik at musklar og hjerne vert like stive, utan at dei har vorte brukt nemneverdig, nokon av dei.

fredag 4. juni 2010

Om å sleppe ting rett nede på golvet i staden for å leggje dei på plassen sin

Eg skal snart flytte. Det gler eg meg til.
Men kombinasjonen masse å gjere + vårslapphet + vissleiken om at eg skal flytte snart og då må gjere ein skikkeleg sjau, har ført til at eg har slutta å rydde og vaske på romet mitt.
Æsj. Eg veit. Eg er kjempeekkel. Det ligg ein tom mjølkekartong på golvet mitt, og der har den loge i minst to veker, liksom. Sikkert mange spennande bakteriekulturar. Håpar det er løysinga på kreftgåta som ligg i den, ikkje ein ny slag ebola ("...og det handler ikke lenger om å finne en kur mot byllepest eller kreft eller noe som helst". Eg kjenner meg litt slik ogso, det er ein av grunnane til at eg ikkje ryddar).
Eit pønkarpoeng og eit guttepoeng, i alle fall. Og eg er i alle fall reinare enn min nye ven, som er gamal narkoman og blir glad kvar gong han ser meg fordi eg skiljer meg ut, seier han. Minst tre gonger i løpet av det minuttet me snakkar saman, og det er mest dagleg. Fyrst irriterte det meg, men no har eg klart å bli glad i han, gitt. Smart type, han var det ei gong, i alle fall, og full av kjensler. Han har ikkje haldt sin sti rein, og det slit han med no, for å kome med eit sjølvinnlysande fakta.
Men som kjent: Lite skit i hörnen er bättre än ett rent helvete.

mandag 31. mai 2010