fredag 13. februar 2009

Om regidebut

Det eg likar best med ordet "regidebut" er at dei to orda som dannar ordet rimar (alle mine opplyste leserar veit sjølvsagt korleis "debut" uttalast).
Eg likar ogso at eg kan nytte det ordet om det eg har jobba med førre veke.
No har eg vore regissør ogso.
Kven veit kvar dette endar?

(so lenge det korkje er nygårdsparken eller broadway kan det eigentleg gå kvar det vil)

tirsdag 3. februar 2009

Om å vere so sint at ein har lyst til å vere ung på slutten av syttitalet slik at ein kunne ha spela i pønkeband.

Eg er nemleg so sinna. Uffdå, tenkjer kan hende de som les dette. Det tykkjer eg ikkje de skal gjere. Eg trur nemleg sinne kan vere ei stor kreativ kraft, berre den kanaliserast rett. Eg føler at eg kunne ha måla eit ganske so godt bilete no, til dømes. Eller vore pønk-vokalist. Då måtte eg ha levd på slutten av syttitalet, dog. Pønken er daud, det låg i naturen hans.
Eg har ogso lyst til å skrive ein rasande kronikk i ei avis. Eg veit ikkje om kva, men eg finn nok noko å kanalisere sinnet mitt mot straks eg opnar eit eksemplar av dagspressa. Særskilt dersom det er ein av desse tabloidane.
Det er eigentleg fint å vere sint. Problemet er berre at eg ikkje er heilt sikker på kvifor eg er sinna, det er berre humøret mitt i dag. Ingen har gjort meg nokon direkte urett i dag. Jaja, satsar på at me får noko positiv destruksjon ut av dette sinnet.

onsdag 21. januar 2009

Om eit av mine små irritasjonsmoment som eg nettopp fann ut har ein verdi: Dei får meg til å gløyme ordentlege bekymringar

I dag hadde eg min fyrste førelesning i miljøfilosofi. Det var ganske kult.
Førelesaren hadde veldig lett for å kome inn på digresjonar, og han vart litt sett ut kvar gong nokon kom for seint, so eg er litt redd for at me aldri kjem gjennom alt me skal, men han var kul; veldig engasjert, vittig og dessutan oppfordra han oss til ikkje å lese heile pensum, men berre det me ville lese.
Det som irriterte meg med førelesninga var at flesteparten av studentane kjem frå BAS. Bergen ArkitektSkule altso. Noko som sikkert er ein flott institusjon, og arkitektspirene eg traff i dag er sikkert nokon jæklar på å teikne hus og elles flotte menneske, men ein ting mangla dei totalt: Elementær kunnskap om filosofiske omgrep.
Noko som førte til at ein stor del av førelesninga vart repitisjon av exphil for min og dei andre arrogante akademikerane frå Høyden sin del.
Kunne dei ikkje gjett dei eit ark med ordforklaringar? Eller ei ekstraførelesning berre for dei? Det er ekstremt keisamt å få forklart kva cogito, ergo sum eigentleg tyder for tredje gong, eller få servert definisjonen av metafysikk for femte gong.
Det er liksom 200-nivå, assø.

Sjå so herleg arrogant eg er på veg til å verta!!

mandag 12. januar 2009

Om kva me har lært i København og Berlin

  • Forsikre deg om at bussen har toalett i god tid før avgang, særskilt dersom du har smaka deg gjennom diverse tyske øltypar.
  • Ikkje sovne på golvet i hovudbanegården i København. Ledda dine kjem til å stivne. Gjer noko anna i stadan, nyt til dømes eit medbrakt måltid med dessert.
  • Hugs å ha euro i lommeboka når du kjem til eit euroland på nyttårseftan. Ingen bankar er opne.
  • Ikkje kom attende til Motel One i Tyskland (dette gjeld eigentleg berre oss).
  • Tyskerane er galne når det kjem til fyrverkeri, det kastast inn i folkemengda og skytast ut frå hendar. Pass på!
  • Byt hotel fyrste nyårsdag, særskilt dersom du finn eit med bakfulle resepsjonistar som har vandra rett ut frå "Absolutely Fabolous" og gjev deg rabatt dersom du er to kjekke unge nordmenn som spanderar Fernet Branca.
  • Ikkje et kinamat frå gatebodar i Berlin.
  • Gå lang tur i Christiania.
  • Gløym at du har fleire pengar, då får du deg hyggelege overraskingar.
  • Kos deg.

søndag 28. desember 2008

Om god og dårleg jol

Nok ein banalitet:

Nokon har det bra, andre har det ikkje fullt so bra, einskilde har det ikkje bra i det heile.

Noko me alle samen veit, men ikkje tenkjar so mykje over. Dersom me ikkje tilhøyrer seistnemnte gruppe.

Unnateke når me set oss ned for fem minutt med ettertanke. Slik som eg har gjort nå, tyner ut nokon ord me har høyrd femti millioner gonger før, ord me alle er samde i, men allikevel ikkje bryr oss om meir enn to minutt etter at me har høyrd eller lese dei.

Allikevel skriv eg desse orda no.

For i natt sov eg glad og full av forventingar for dei næraste dagane og livet generelt, medan ein jamnaldring av meg drap seg sjølv ikkje so langt vekk.

For denne helga har mange nordmenn fråtsa og bytta gåver dei ikkje likte, medan 200 palestinerar har vorte bomba vekk.

For denne jola har ikkje berre vore ei god jol.

tirsdag 23. desember 2008

Om stjerner

Stjernene heng høgt oppe på himmelen.
Der opna eg med ein banalitet, gitt. Vel vel, heldigvis kan eg skulde på den herlege kombinasjonen jol og stormande forelsking. Då har eg lov til å skrive slike ting.
Altso: Eg likar å kikke høgt opp på himmelen, sidan stjernene heng der. Eigentleg er dei langt vekk, ikkje høgt oppe, og dei er alle enorme kjernekraftverk. Å vite det gjer ikkje opplevinga mindre. Når eg ser på stjernene, tenkjer eg at eg er bitteliten i noko uendeleg stort. Det treng ikkje vere ei negativ kjensle. Dessutan vert eg brakt litt nerare i å fatte det mirakelet kosmos faktisk er.
Ikkje minst er stjernene ufatteleg vene. Dei får meg til å drøyme. Karlsvogna. Lillebjørn. Sjustjerna. Drøyme om å fly ut blant dei, og om alt det fantastiske som kjem til å skje. Under stjernene.

onsdag 17. desember 2008

Om jol, joleferie og tannfyllingar

No er det jammen meg joleferie. Eg trur dette må vere den tidlegaste ferien eg har hatt sidan eg byrja å take ferie. Det er ganske so kjekt. Eg har truleg stått på alle eksamensoppgåver, og er soleis godt i gang på min veg mot å verta bachelor i kultur og samfunn - som det so intentsigande heiter.
Joleferie. Eg er eit jolemenneske, truleg av di eg forbind jola med masse tid til å lese og hyggeleg familie. Sjølv om familien min er "splitta" og inneheld einskilde meir eller mindre dysfunksjonelle element, likar eg den godt.
Eg trur ikkje at han som vart fødd i ein stall for 2000 år sidan var son til nokon andre enn ein tømmerhoggar, so det er ikkje difor eg feirar jol. Eg feirar alt det at eg har mange å vere glade i, har eg kome fram til. I år har eg dessutan allereie fått tidenes beste førejolsgåve.

Ferien har starta med at eg forflytta min person på Bergensbanen - flott tur! - til Oslo, der eg var nådig nok til å vitje mi syster (storveges!), var på ei genial teaterførestilling og feira bursdagen til kjære Ingrun. Deretter gjekk turen til pappa i Kragerø. Dessutan har Jack synt meg Porsgrunn og vart til og med med meg til tannlækjaren (takktakk!). Eg har satt ny rekord i antal hol (han rakk ikkje å fylle alle) og må skjerpe meg no.
Tek det att på sjarmen!