mandag 18. januar 2010

Om ein by som Alice

Det er ein boktittel. I alle fall nesten. "En by som Alice", heiter boka. Av Nevil Shute. Ein av dei få bøkene som har stått på lista mi og vorte stroke derifrå utan at eg har lese den (grunna ein lite tiltrekkjande vaskeseddel, den handlar om Vietnamkrigen so vidt eg veit, og so har Nevil Shute skrive utruleg mange bøkar som sto på ei lite tiltalande rad (rapårapåra) på Fyresdal Folkebibliotek, og alt dette gjorde at eg las noko anna i staden). Sidan eg aldri har lese den, skal ikkje dette innlegget handle om den, men om folk som byar. Eg tenkte på foljk og eg tenkte på byar i kveld, sidan eg har vore med folk i ein by og samtala dreide inn på både ymse folk og ymse byar, og uavhengig av det kom eg til å filosofere om mitt tilhøve til både byen min og folk rundt meg. Kva er då meir naturleg enn å karakterisere sju (mennesket sitt tal) av mine kjente ut i frå to eigenskapar dei hadde hatt dersom dei hadde vore min by. Eg satsar på at ingen av dei vert sinte av di eg røpar fornamnet deira.

Mari er ein by som aldri søv. Den har heilt særeigen arkitektur og satsar på morgondagen.
Jon er ein stasjonsby som berre ventar på at toget skal stoppe der. Kvar gong det gjer det, vert det full fest - og for ein fest! Diverre køyrer toget ofte forbi.
Åsne er den byen i verda med flest fruktbodar, bibliotek og sjelesørgjarar i verda.
Jack er ein by som ogso er ein fristat. Logistikken er perfekt men innbyggjarane er so stae at heile byen gjeng i stå i blant. Gode festar.
Yvonne er en by der innbyggjarane spelar mykje Radiohead, lev eit fasjonabelt jetsetliv og er både dana og utdanna.
Robert er ein særs lurvete by. Låg BNP, slitte hus og lite fungerande infrastruktur. Likevel låg valdsstatistikk og gjestfrie, dana innbyggjarar.
Millan er ein by der det er karneval kvar dag. Likevel har eit dei beste universiteta i verda sete der.

onsdag 13. januar 2010

Om kåpa mi, The Rocky Horror Show og St. Sebastian

Det er vinter i Noreg, til og med i Bergen. Sidan i fjor har vinterjakka mi vore ei kåpe som ei gong tilhøyrde oldemora mi. Sidan i år har kåpa hatt knall raudt for, den fargen eg sjølv har gjett namnet konkubineraudt (sidan det er fargen som gjeng att i dei aller aller fleste kinarestaurantar, og eg tykkjer den ser litt horete og vulgær ut). Kåper med konkubineraudt for er ikkje eit plagg ein vanlegvis assosierar med sverdsida, ikkje ei gong med HF-studentar innanfor arten (der herskar duffelarmeen til alle året sine tider, eg må med ei blanding av sorg og gledje melde om at eg truleg vert sesongsoldat der frå og med våren av). Difor har eg dei seiste dagane fundert på ein motreplikk til ein replikk eg forventar kjem frå ein av mine kjente i næraste framtid, nemleg "Den kåpå der va vel ikkje akkurat maskulin, va den vel?". Då skal eg svare "Nei, det er difor den berre kan brukast av menn som er sikre på sin eigen maskulinitet". Eg tykkjer det er ein god motreplikk. Diverre trur eg nemnte kjente kjem til å ha eit svar klart til den ogso, nemleg "Å være sikker på sin maskulinitet forutsette vel at ein har ein". Eg har ikkje nokon fengjande slengmerknad til den enno...
Mange menn er litt for opphengt i å vere mannete. I hine hårde dagar kunne eg bli skulda for å vere feminin grunna mitt lange hår, etter at eg forlot heimbygda til fordel for dei meir urbane strøk skjer ikkje det so ofte lenger (med unntak når eg er på brun pub fyrste joledag og fulle menn sjekkar meg opp når dei berre har sett ryggen og bakhovudet mitt. Eg forstår ikkje korleis nokon kan vere so desperate at dei sjekkar opp nokon dei berre har sett baksida av kroppen til, men dei om det), men eg merkar at kåpa er meir enn einskilde likar. Eg skal straks innrømme at eg gjer det med vilje, likevel mislikar eg ogso fenomenet. Truleg er ogso eg litt opphengt i min eigen manneteheit. Det irriterar meg litt, sidan eg er veldig glad i og ikkje minst fascinera av androgynitet, og dyrkar androgynitet på so mange måtar som råd. Eg trur androgyniteten kan bringe fram venleik som elles hadde vore skjult, og ikkje minst medverke til å bryte kjønnsrollene me har sementerte i hovuda våre.
Interessant soleis at eg skal vere produksjonsleiar for studentteateret si oppsetting av The Rocky Horror Show denne våren. Her er jo nettopp det androgyne særs so sentralt, hovudpersonen er nemleg ein hipp transvestitt (frå transseksuelle Transylvania). Maskuliniteten og mannekroppen syngjast - bokstavleg tala - opp i skyane - ogso mest bokstavleg tala - den særs tradisjonelle, muskelmannenete mannen til og med! - men han som syng prisen er eigentleg det motsette av alt dette! Ganske interessant, eigentleg, frå både skeive, rette og ikkje minst reint humoristiske perspektiv. Kor mange tradisjonelle menn likar tanken på å få kyt frå ein homofil transvestitt liksom?
St. Sebastian var ein helgen som leid martyrdøden ved å gjennomborast av pilar. Av ein eller annan grunn eg ikkje har funne ut enno, har han vorte dei homofile sin skytshelgen - kan hende av di han ofte framstillast på ein gutteaktig, androgyn og nokso erotisk måte i kunsten. Eg har fått portrettet mitt teikna som St. Sebastian - med mykje breiare hofter og ein mykje kvinnelegare mage enn eg har i røynda. Eg likar det veldig godt. Andre som har avbilda St. Sebastian er ein av mine yndlingsmålarar, El Greco, og ikkje minst det notoriske franske paret Pierre & Gilles - som kombinerar fotografiet og målekunsten på ypperste campvis. Her er det verkleg ei dyrking både av den tradisjonelle mannskroppen og av mannleg androgynitet på spel. De kan jo sjå sjølv. Og so syner eg dykk El Greco ogso, sidan han er so ufatteleg bra.

fredag 18. desember 2009

Om jolesongar

Sidan slutten av november har eteren blitt oversvømd med jolemelodiar, både i form av radiobølgjer og (ofte som fylgje av desse) lydbølgjer. Som nemnt i førre innlegg har eg ei meir eller mindre velsigna evne til å stenge ute det eg tykkjer er påtrengjande ved førjulstida, so eg har ikkje blitt lei av jolesongar, og gler meg til mamma finn ut at det er tid for å spele nokon av dei på CD.
Eigentleg burde eg ikkje like jolesongar i det heile. Anten er dei religiøse, eller so er dei søtsuppe, eller so er dei båe delar. Dei har i alle fall særs høg sviskefaktor, noko ogso meisterverk kan få (for ein del av desse songane er jo klassiske meisterverk, i kunstmusikktydinga av klassisk). Med andre ord burde eg, som likar å kalle meg kresen når det gjeld kulturinntrykk (visse unntak finnest, ingen nemnde, ingen gløymde), absolutt ikkje setje pris på jolesongar.
Kan hende var det med dette i bakhovudet at eg meldte meg på straumbrevlista Alternativ Julekalender (http://alternativjulekalender.blogspot.com/). Her får eg kvar dag eit nytt straumbrev med ein lenkje eg kan laste ned ei eller to jolesonger frå ein av Noreg sine unge håpefulle innanfor meir eller mindre alternativ populærmusikk. Ein skulle tru at dette inneheldt sviande oppgjer med heile jolesongsjangeren, men nei: Her har me sentimentalitet i bøtter og spann, berre med nordafjellsdialekt og vokale krumspring, som dei to songane som båe heiter "Hjem Te Jul" signert høvesvis The Beards og Kråkesølv, eller eit jazza arrangement av eit av dei nemnde klassiske sviskene ("Lytt til englesangens ord" med Mathias Eick m.fl.) - for ikkje å snakke om min yndling, som eg høyrer på so ofte at eg kjem til å kunne spele den på slurva når eg er lei av han: Rest of My Life sin versjon av "Sonjas sang til julestjernen"! Den mest kitschy av alle norske jolesvisker, litt ekstra sviska opp med indiesviskesjangertrekk, slik at den vert herleg sviskeskranglete. Nam nam. Side Brok er ein av dei få som utfordrar sjangeren litt, men alt i alt er jo både ribbe og jolesprit ting som høyrer med.
Jola er eit rituale, anten ein vil det eller ikkje. Menneske treng rituale, og rituale treng rituell musikk. Jolesongane appellerar truleg til eit eller anna kulturelt skjema, eller kan hende til og med til eit eige område i hjarnebarken, som får meg til å like dei kjempegodt. So lengje eg set pris på sjølve jola, vil eg nok alltid setje pris på jolesongar ogso.
So får eg heller svelgje kultursnobberiet mitt for nokre veker. Det er eigentleg ganske stas å vere både ganske alvorleg og ganske ironisk når eg gaular ut "julsetjerne, kom til meg".

søndag 13. desember 2009

Om advent, Lucia og joleferie

Joleferie, eg er loffar som meir eller mindre vanleg har vore dei seiste tre åra. Det er fint å røre litt på seg, dersom eg vert verande for lengje ein stad gløymer eg det fine ved staden og merker berre det kjipe, som det evinnelege regnet, alle folka eg ikkje likar å treffe på og dei rutinene som er av det keisame slaget. Byen min er jo magisk, men eg gløymer det lett når den er mitt alt.
Difor likar eg å reise vekk frå han i blant. Som det kafemennesket eg har bltit har eg vore på ein kjempefin kafe i Stavanger og leika viktig teaterprodusent, og drukke klissen kakao på ein nydeleg jarnbanekafe av typen dei ikkje lagar lenger i Kristiansand. Elles har eg vore kulturell turist og vandra i dei store forfattarane sine fotspor på Kongsgård og freista å finne liknande fotspor i Kristiansand, men eg har ikkje visst kor eg skulle leite etter korkje Henrik eller Jens. I kveld skal eg lage god middag til mine husvertar, før toget tek meg heimover i morgon tidleg.
Advent tyder ankomst, det tykkjer eg er fint, ein ankjem heim til jol, snoen ankjem, og ein må reise vekk frå byen sin for å kunne ankome dit att. Dessutan er advent lilla, det likar eg, det er ein fin farge med masse rar energi i seg. Det eg ikkje likar med advent er den sinnsjuke kommersen, men eg har etter kvart utvikla eit særskilt sidesyn som gjer at eg ikkje legg merke til det.
I dag er det tredje sundag i advent. I Inge Hagerup sitt dikt om adventsljosa er det i dag lengselsljoset tennast. Merkeleg samantreff, sidan eg alltid byrjar å lengte litt ekstra når eg reiser åleine. Men på ein veldig fin måte, ikkje den gruvsame lengtinga eg av og til har åleine i senga mi, men ein avmålt melankoli som eigentleg berre er fin.
I tillegg er det Luciadag i dag, altso er det ein dag for masse ljostenning. Det må til sidan Oskoreia er ute, og sidan det er ei relativt mørk, kald og stressande tid eg personleg likar veldig godt, men eg kan særs levande skjøne kvifor einskilde ikkje likar den. Eg trur det hjelp med ljos. Det hjelp ogso å syngje ein annan av adventssongane, Tenn lys, der ein syng om dei som må sloss for rettferd og fridom i dag. Dette er liksom dagen for sosialt samvit i førjulstida. No skulle eg gjerne sagt noko vitugt og fint om sosialt samvit, men eg får det ikkje til utan å kome meg utanom flosklane, og som den originale språkkunstnaren eg pretenderar å vere, kan eg ikkje tillate meg slike. Det er bra å vere snill og kjærleiksfull, kan eg berre seie (her kom det visst likevel ein floskel). Og det er kan hende her me ser noko fint med menneskenaturen, det einaste i han som kan halde Oskoreia på avstand i alt mørket. Tenn ljos.

onsdag 9. desember 2009

Om korleis noko skikkeleg mislukka vert skikkeleg vellukka

Eg bur i Bergen.
Alle som bur i Bergen, eller har fengje med seg nyhenda frå Bergen dei seiste tre vekene, veit kva som har engasjert bergensarane mest i denne tida:
Pepparkaker.
Elles i verda er det mogleg å engasjere seg i klimaproblemet. Kan hende særskilt aktuelt nett no, sidan dei høge herrane i verda samlast i København for å diskutere korleis dei skal freiste å gjere noko med det utan å måtte gjere so mykje sjølv.
Oss driftige miljøungdommar i Bergen såg sjølvsagt eit høve til å kombinere desse to engasjementa. Difor planla me å lage ein oljeplattform av pepparkaker me skulle knuse, for å syne at olje er slikt som høyrer fortida til, noko ein må take omsyn til når ein utarbeidar ein ny klimaavtale.
Diverre er me so skeive av oss at me overførte det til pepparkakedelane. Me smelta difor enorme mengder sukker for å lage knekk. Dersom de har litt knekkerfaring, veit de at knekk brenn se særs lett. Og at det byrjar å ryke to sekund etter at det har brent seg.
Me har kontor midt i verdsarven, nærare bestemd i verdas største mellomaldarbydel av tre. Den er godt ekvipert med røykvarslarar som varslar brannvesen. Dei gjekk. Heldigvis var det ein snarrådig heiltidsmiljøvernar som kasta seg nedover den smale trappa (ja, den som nokon spydde ned i fjor omtrent på denne tida) og fekk stoppa alarmen før den varsla brannvesenet. Me fekk kjeft, og i mellomtida stivna knekken for mykje til at den kunne nyttast til lim
Heldigvis hadde me ogso baka ein del dyr og hjarte av pepparkaker! Me strødde dei ut over eit brett, iblanda ein glad legion seigmenn, og helte knekken over. Voila! Oljekatastrofe. Av det som skulle ha vorte oljeplattformar lagde me vene aksjebrev i verda, og gjekk glade til Torgallmenningen. Me stilte oss foran pepparkakebyen (den ja...) og synte fram den harde, oljegrisete røynda til alle som skulle gå inn for å sjå på idyllen der inne. Dei som ville, fekk dessutan eit aksjebrev i verda, og vart avfotografert med det. Bileta skal sendast til dei høge herrane nede i Køben, slik at dei vert minna på at det ikkje er dei, men me alle som eig verda, og at eigarane krev ei berekraftig klimaavtale for jordkloten si.
Tabloidavisa lagde sak på det ogso.

Det er den mest vellukka mislukka aksjonen eg har vore med på!

lørdag 5. desember 2009

Om å overfallast på open gate midt på ljose dagen

Nei, eg har ikkje blitt rana, eller utsett for seksuelt overgrep eller andre valdlege saker. Det var ikkje noko menneske som overfalt meg, men ein heilt absurd angstkjensle.
Eg lurar på om det er det ein på fint kallar "eksistensiell angst" eller "weltschmerz", men eg er ikkje sikker. Eg har ikkje hatt nokre vektige grunnar til å lide av slikt i dag, utkvilt og edru som eg vakna og med eksamen overstått og lystig lag ventande. Til og med sola fekk eg sjå og kjenne. Likevel kom angsten snikande med skumringa.
Den lot seg fyrst merke ved Fløibanestasjonen på Skansemyren, der eg gjekk forbi ein godmodig familiekrangel der mannen i huset nekta på skikkeleg dritunge-vis å reise på IKEA. Eit lite augneblikk (trur det var før IKEA blei nemnd, men eg er ikkje sikker) fekk eg lyst på born og ektefelle og eit idyllisk familieliv, og kan hende dette var fyrste årsak til angsten: Ei merkeleg blanding av melankoli for ikkje å tilhøyre ein familie på same måten som tidlegare, kombinert med ei vill redsle for å bli gamlisungdom som byrjar å tilbringe laurdagane på IKEA. Det er ille nok at eg les dei greske klassikarane på fredagskveldane iblant, liksom.
Det hjalp å setje seg på Kaffekompaniet (sjølv om eg forsovidt haldt fram med gamlisungdom-tendensane mine der, te og jolekake og Morgenbladet), men det var eigentleg alt for fullt der, og eg kjende at folk ikkje var den beste tingen eg kunne bli utsett for nett då. Eg gjekk ut, og ute var det skumt. På Godt Brød var dei utselt for pizzabollar, og eg sprang ut like snøggt som eg hadde sprunge inn. Byen som hadde vore so fin tidlegare p ådagen var særs uvenleg no. Samvirkelaget i Strømgaten var dagens lågpunkt, trengsel kring klementinene og dama foran meg i køen som kjøpte store mengder øl på plastflaske fekk verkleg nervetrådane til å sprelle av redsle. Allereie på den stutte vegen heim var eg nøydd til å opne potetgullposen eg hadde kjøpt, og ete mykje meir av den enn det eg hadde tenkt, med halve mjølkekartongen eg kjøpte til. Feitt hjelp mot alt, særskilt i kombinasjon med Clap Your Hands Say Yeah og tøysete artikkelar i Klassekampen. Det kjennest mykje betre no, eg gledar meg til graut-og-gløgg-fest att, etter nokre timar der eg ikkje kunne tenkje meg å vere korkje sosial eller åleine i kveld.

tirsdag 1. desember 2009

Om eit år som har gått

Jaja, dette innlegget kom ikkje på bloggaren sin bursdag, men det får heller vere - det er eit teikn på at han hadde anna å gjere, og det hadde han. Han hadde det særs bra.
Eg føler litt for å kvantifisere året:

Eg har brukt ca. 35 000 kr på ting som kan etast. Det har vore mi nest største utgift. Eg kunne nok kome ned i ca. 9000 utan å svelte, men det hadde vore stusseleg. Eg et ganske godt. Likar mat. Likar for mykje å småspise, særskilt dersom eg er lei meg eller rastlaus.

Eg har ikkje vakse nokon centimeter, i motsetning til året eg var 19, då vaks eg 1 cm.

Året har mest heilt nøyaktig vore delt i to mellom kjærast- og singeltilværet.

Eg har vore i fire land, det eine berre på gjennomreise.

Eg har for fyrste gong tent pengar på kunsten, meir nøyaktig 21 000 kr før skatt. Nei, nå laug eg: Førre året tente eg jo 800 kr skattefritt. Men dette er fyrste gong eg har skatta kunstinntektene, altso. Ogso fyrste gong eg har fått betalt via avtale. Det er faktisk fyrste året eg har skatta uansett. Om lag 18 000 kr. Eg reknar med å få ein del att neste år. Eg likar å medverke økonomisk til fellesskapet, men eg tykkjer det er litt teit at eg skal betale skatt med sopass lita inntekt likevel.

Eg har ete to store graskar. Det er den største mengda graskar eg nokon gong har ete

Eg har tekje meir tog enn nokon gong før. Eg orkar ikkje telle. Minst 30 gonger.


Dette blei litt stussleg. Kanskje eg utvidar innlegget seinare.