onsdag 10. desember 2008

Om årsmøte og jolebord hjå miljøvernerane

1700: Eg kjem til møtelokalet, der det berre er ein frammøtt, R. Eg og R vert sinte på at folk ikkje kan halde tida. I det me ringer for å kjefte rasar F og G inn. Dei hadde kome seint av di G måtte sminke seg.
1718: Årsmøtet startar, me ler hånleg av alle skrivefeila i årsmeldinga, og ergrar oss over at rekneskapsføraren vår er so ærleg at han krevjer at me må betale gjeld til oss sjølve. Snart kjem H, og sidan me er fulltallige, veljer me oss sjølve til nytt gamalt styre.
1810: Årsmøtet er over, me gjeng over til ordinert møte, startar med å disse sentralt som er nokon diktatorar. Deretter er det på tide å sjå på vårt hemmelege prosjekt, H vert sint når han ser at samarbeidspartnerane våre ikkje har gjort det dei skulle. H kjem til å vere mykje sint i kveld.
1850: Bergen Økologiske Landsby har kome, me må bytte lokale. Eg og F ler av at økolandsbyen ikkje har møtene sine ute i skogen. R bestemmer at eg skal presentere menyen, og at F skal halde unisex-tale, sidan me ikkje let oss avgrense av snevre kategoriar som mann og kvinne. Q kjem, han valte å hoppe over årsmøtet og heller konsentrere seg om jolebordet.
1940: Eg, Q, F og G gjeng for å hente maten, me krevast kontant betaling, ingen av oss har nok, etter å ha ringt R og bedt han kome finn me ut at me allikevel saman kan skrape saman akkurat nok.
2000: Jolebordet burde ha opna, men G har mista dressingen i trappa og må vaske. Den trappa kjem til å få gjennomgå meir. F har invitert fire vener av di ho ikkje trudde me andre hadde nokon. Desse kjem, ein av dei er iført dress og kårast straks til kveldens best kledde.
2015: Eg held velkomen til bords-tala, gjev råd om kva mat som skal etast til kva humør, me finn ut at det berre er lettsinding mat på bordet, ingen ting for det store alvor eller dei djupe tankar. Det hindra oss ikkje so veldig.
2115: Me er mette, og har ikkje ete opp halvparten. Eg finn ut at eg drikk for sakte, og byrjar å ta fleire og støre slurkar av min rare kvitvin. Etter kvart kjem eg til å angre på den avgjerda.
2130: H gjeng til åtak på feminismen. Me finn ut at han er feminist, og at han bør uttale seg meir om feminisme i media for å nyansere biletet folk flest har av feministar som mannehaterar.
2200: H gjeng til åtak på exphil og exfac. Me andre forsvarar det heftigt, H vert snurt. Me kosar oss (ikkje av di me ikkje likar H, men ingen ting er jo som ein skikkeleg diskusjon!)
2215: G har ein kollektiv date, og må gå. Før dette har han haldt ein lang utlegning om at han ofte vert sjekka opp av gamle menn. F fortel oss rett etterpå at ho ei gong fann ein fjortenåring på kjøkkenet deira som G hadde tekje med heim.
2302: H takkar for godt lag, men han må arbeide i morgon og må gå. Eg har halsbrann, og kjenner at eg har drukke vinen min litt for fort. Gjeng på do.
2315: R fortel at Bryggen har vorte stengt med ein gitterport, slik at H ikkje har kome seg heim, og me andre er ogso innestengt i verdsarven. H stend og nistirrar på gitterporten og er rasande.
2320: R ringar til nokon som har nøkkel, dei er på veg.
0010: Nøklane kjem og 20 min. Eg diskuterar med Q om tid finnest eller ikkje. Q meiner at det berre finnest mange augneblink, medan eg meiner at det er jo nettopp dette som er tid. Då eg ber han fiksere eit augneblink for meg, berre ler han og sa at han aldri meinte at tid ikkje eksisterar, men berre at det gjeng an å argumentere for det. Eg vert sur.
0040: Nøklane kjem, han gjev oss dei og spring fort vekk. Me vil på garage eller fincken, men tvingar kvarandre til å rydde fyrst. Ein av venene til F er litt dårleg, og spyr i trappa. Me har no både vore innestengt i og spydd på verdsarven.
0104: Me er ferdige, og gjeng ut. R forlet oss, me andre gjeng på nachspiel hjå F.
0122: Frame hjå F, det vert te- og baileysnachspil
0215: Eg er gal av lengsel, takkar for meg og gjeng for å finne kjærasten min.
0221: Eg finn han, me vert glade og gjeng heim.

Ingen kommentarer: