mandag 14. juni 2010

Om ferie

Fyrste måndag i sommarferien. Eg tek ferie med godt samvit: Gode eksamensresultat, og sidan arbeidet i studentorganisasjonar er minst like viktig som studeringa (det er rektor samd med meg i, so det so) slengjer eg på ein suksessfull teaterproduksjon som god grunn til det. Dårlegare samvit har eg når det kjem til miljøfronten, her må eg innrømme at eg har både sluntra unna og på anna vis nedprioritert mykje av arbeidet eg kunne ha gjort for å redde verda. Men i desse kretsar har eg til gjengjeld kome særs godt frå det på det personlege plan, høhø. Uttrykket "tek det att på sjarmen" kjem verkeleg til sin rett.
Eg tek bloggferie ogso, freistar å rette kreativ energi inn mot andre ting i sommar, bloggen har blitt ein litt "lett utveg" i det seiste, so eg trur både eg og han har godt av litt kvile. Me sjåast 14. august. Isj.
God sommar.

onsdag 9. juni 2010

Om at the course of true love never did run smooth

Ein skal ikkje snakke med blomar. Ein skal sjå på dei og lukte på dei.
Du blir so alt for glad i dei viss du snakkar til dei
Og dei har tornar. Og dei visnar.
Blomar og blod. Blomar og blod.

lørdag 5. juni 2010

Om når livet er lite glamorøst, og innhaldsrikt på ein tørrbitter måte

Når natta er alt for ljos, og eg er alt for trøytt. Når eg er ein sosial meitemakk og ein fagleg sprellemann. Når eg brukar pengar på absurde ting og prøvar å få kontakt med gamle avstandsforelskingar att. Når den ventande ferien får meg til å gruve meg til å sitje mange timar i varm buss. Når eg kranglar på SMS og skriv oppgåve på epost. Når eg luktar sur mjølk og fyllesvette. Når eg stressar slik at musklar og hjerne vert like stive, utan at dei har vorte brukt nemneverdig, nokon av dei.

fredag 4. juni 2010

Om å sleppe ting rett nede på golvet i staden for å leggje dei på plassen sin

Eg skal snart flytte. Det gler eg meg til.
Men kombinasjonen masse å gjere + vårslapphet + vissleiken om at eg skal flytte snart og då må gjere ein skikkeleg sjau, har ført til at eg har slutta å rydde og vaske på romet mitt.
Æsj. Eg veit. Eg er kjempeekkel. Det ligg ein tom mjølkekartong på golvet mitt, og der har den loge i minst to veker, liksom. Sikkert mange spennande bakteriekulturar. Håpar det er løysinga på kreftgåta som ligg i den, ikkje ein ny slag ebola ("...og det handler ikke lenger om å finne en kur mot byllepest eller kreft eller noe som helst". Eg kjenner meg litt slik ogso, det er ein av grunnane til at eg ikkje ryddar).
Eit pønkarpoeng og eit guttepoeng, i alle fall. Og eg er i alle fall reinare enn min nye ven, som er gamal narkoman og blir glad kvar gong han ser meg fordi eg skiljer meg ut, seier han. Minst tre gonger i løpet av det minuttet me snakkar saman, og det er mest dagleg. Fyrst irriterte det meg, men no har eg klart å bli glad i han, gitt. Smart type, han var det ei gong, i alle fall, og full av kjensler. Han har ikkje haldt sin sti rein, og det slit han med no, for å kome med eit sjølvinnlysande fakta.
Men som kjent: Lite skit i hörnen er bättre än ett rent helvete.