torsdag 30. september 2010

Om kanalane i Amsterdam

Amsterdam er truleg den byen i verda med flest kanalar. Fleire enn Venezia.
Til gjengjeld er kanalane i Venezia einaste farbare veg for alle andre i fotgjengarar, medan det i Amsterdam dett ca. ein bil i veka frå veg til kanal i mislukka freistnad på lukeparkering.
Ein vert ogso advara i alle reiseguidar mot å ete sopp åleine i Amsterdam, sidan den sterke opplevinga kan føre til at du i ei semi-viljeshandling styrtar deg sjølv i ein kanal.
Nei, eg snakkar ikkje om sjukt gode kantarellar.
Når me er inne på slike rusmiddel, lurar eg på om det er nokon som røyker seg sopass fjerne at dei berre spaserar rett fram og ut i ein kanal. Eg fann korkje åtvaringar, statistikk eller sjølvsyn som kunne seie meg noko om det.
Når kanalane ikkje er flyt av bilar og tripperar, er det mange guidebåtar, eller kanalbussar, der. Minst sju ulike selskap, mellom anna eit som heiter Fun Tours. Det bør vere gøy. Eg tok ein annan tur, det var ikkje so stas. Dei orienterte oss mellom ana om husbåtane me kunne sjå i nemnte kanalar, om at dei ulovleg parkerte ikkje var kobla til kommunal straum og kommunalt vatn.
Overraskande.

Eg har veldig lyst til å flytte til Amsterdam no, og bu i ein husbåt. Han skal vere gul og ha mange blomsterkasser. Og eit lite tårn der eg skal sitje på kalde, klare haustkveldar og kikke på dei kjempesmale husa (smale sidan eigedomsskatten før gjekk på fasadebreidde) og tenkje på at nederlandsk renessanse er mykje artigare enn italiensk renessanse, i det minste når det kjem til arkitektur.

Å døme etter alle dei italienske turistane, er Nederland framleis artigare enn Italia. Eg trur eg må flytte ned for å finne ut om det stemmer.
Og innreie husbåten med tng eg finn her

lørdag 18. september 2010

Om tre gode grunnar til å kome innom Det Lille Kaffekompaniet imorgon ettermiddag

* Eg er den einaste baristaen i Bergen som spør om du vil ha mjokk i kaffien og som forklarar at toalettet ligg bak den einaste dynna i lokalet.
* Eg har "Pinkys sang" på vere-på-jobb-på-kaffibar-ein-haustkveld-spelelista mi. Kor ofte får du høyre Kaptein Sabeltannsongar på kafe?
* Me har Bergens beste kaffi. Det har folket sagt.

tirsdag 14. september 2010

Om å lære noko du ikkje vil læra frå nokon du ikkje vil lære noko av

Eg trur det er det viktigaste du lærar.
For å vere snusfornuftig, og det er noko eg er flink til.
Whatever doesn't kill you, makes you stronger. Kan hende, om ein minnes at det gjeng an å bli drepen sakte.
Heldigvis er verda ganske flott. Og for å øve meg i å snakke opnare om alt mogleg skal eg byrje her i det små, ved å kalle han lisle vene (som smilte til meg venare enn noko gong her om natta, og som kan hende skrive tidlegare er noko av det vanskelege med han at han eigentleg ikkje smilar) for L på herverande nettstad.
Og i løpet av månaden skal eg ringe folk; fråreiste vener og gamle kjærastar og storesystra i ein annan by, og vere glad i dei på telefonen.
No gler eg meg til å sove, draume om stavkyrkjer, og ete frukost med alle i morgon.
Det er kan hende synd på menneska, men det er ikkje særskilt synd på meg.

torsdag 9. september 2010

Om swinging dancing shoes

Eg likar best å gå berrføtt. I Italia meir enn nokon anan stad, men der fekk eg ikkje lov. Slikt gjer ein berre ikkje i paven sitt land, og eg hadde fått streng beskjed om å ikkje skjemme ut teateret for dei landsbybuarane. Dei var enno skeptiske, etter tredve år.
(Eg skjemte ut teateret ved eit par høve, men det er fire andre historier).
Ikkje so rart at det tok lang tid før eg fekk sansen for sko, altso. Det hjalp nok å flytte til Bergen. Som min særs antimaterialistiske pappa sa; her treng ein faktisk å bytte sko tre gonger i løpet av ein dag.
Veit likevel at eg blei fanga før, faktisk nytta eg mine fyrste kjærleikssko (dei tidlegare skoa mine hadde vore meir som ynskte born) for fyrste gong dei dagane me hadde flyttesjau vekk fr det huset eg hadde budd med pappa dei fleste barneåra mine. Eg har dei framleis, nektar å kaste dei, nektar å pakke dei vekk, sjølv om såla berre heng fast i læret med nokre trådar, for ingen sko pustar so herleg, eller er so VANVITTIG gule og grøne! Sjølv om fargane rett nok har falma og er blitt grumas til leiar dei framleis hugen min opp mot høgare sfærer. Anagogiske sko.
I ei liknande forfatning er mine fyrste converse, som i tillegg er eit nummer for små, og altso mest umogege å få på og av, særskilt når dei er våte, og det blir dei jo ofte her. Det er ikkje kvar regnversdag eg orkar å ta på dei tunge støvlane, sjølv om dei er dekt av peonar og asters, og utmerkte å danse salsa i.
Danse: Eg har to skopar som kom i skoask der det sto "swinging dancing shoes". Det eine paret er favorittane mine for tida, eg likar dei betre enn eg likar fleire menneske eg kjenner. Skinnande raude, Elvis og dei blå skoa kan bere gå heim, mine er rraude som ein god tomatsaus og hjarte i anatomibøker for born. Saman med dei grøne buksene mine skal dei valse inn i solnedgangen.
Som sjølvsagt er lilla.

tirsdag 7. september 2010

Om dagane som rir avgarde som ville hestar

Semesteret har hatt ein pangstart, slik å forstå at timane gjeng like fort som ei kule. Ingen eviglange dagar på lesesalen og få keisame, inaktive kveldar. Eg saknar det mest. Særskilt når eg ikkje har nokon til å klø meg i nakken om kvelden.
Eg blir melankolsk av å vere sliten, særskilt når det kjennes som om dagane er so tunge av innhald at dei berre glir ut av hendene på meg. Eg vil ha alt eg har hatt som eg ikkje har no, og alt eg aldri har hatt vi eg og gjerne ha. Det er eit slags fys etter noko ana, eller kan hende det er ein reell svolt.
I alle fall tek eg meg iblant å lengte heilt attende til den gongen livet var roleg og keisamt, med mest bøker og meg sjølv, og varsamt oppdekne tebord. Menneske er so støyande, meg sjølv godt inkludert.

torsdag 2. september 2010

Om stadar eg har vore som eg aldri skal attende til.

Retorikar som eg er, oppteken av einskildhendinga, trur eg at det ikkje berre er arkitekturen, landskapet, luktene som gjer ein stad, men ogso menneska (sjølvsagt) som er forgjengelege. Enno meir forgjengelege er samhandlingane menneske i mellom, veret og det me fann på når me var nettopp der, og difor tykkjer eg det gjer meining at eg aldri kjem attende til ein stad. Det gjer meg trist å vite at eg aldri kjem attende til området rundt Kurfürstendamm i Berlin, eller kan hende oppsøkjer eg adressene der, men det vil ikkje vere mykje kaldare enn vanleg i Berlin, eg kjem ikkje til å ha ein tigerkjærast, damene i resepsjonen kjem ikkje til å vere bakfulle og pengane kjem til å vere fleire eller færre. La Vucciria på same måte, stanken kjem til å dra fram alle minna, men eg skal ikkje stå på balkongen til Signora Maria, skal ikkje rigge ljos i ein stall, skal ikkje site i timesvis foran ei øydelagt dør og kjenne frityrlukta frå naboen, skal ikkje gå gateløpa rundt og rundt medan eg et is og snakkar drit om sjefen.

Verst er det vel at eg aldri meir skal attende til heimbygda mi. Det kjem ikkje fleire slike påsker med alle syskenborna og tantene sin samla galskap og skiglede, slike joleftenar med ete- presang- og spelegilde, slike sommerar med teater, fjerne slektingar, marinering i ferskvatn og benkesitjing i heile sentrum. Slike kvardagar. Og dei er minst like mykje Fyresdal som Vikfjell, Fyresvatn og Folkevang er det.
Eg kjem aldri attende.