mandag 22. mars 2010

Om frynsene mine og kva som frynsar meg til

Den personen eg plukkar opp desidert flest ord frå og set dei til å arbeide i daglegspråket mitt, er storesystera mi (nummer to er den typiske bergensar, som særskilt påverkar ordstillinga mi - istad skreiv eg "mi storesyster" fyrst, før eg retta det til det meir (for min del) dialektnære "storesystera mi"). Eit epitet eg har henta frå hennar vokabular og lagt over i mitt, er "frynsete". Eg vert heil frynsete.
Det er mange ting som gjer meg frynsete. Av og til irriterar eg meg frynsete over dyr og folk som gjer ting eg ikkje set noko vidare pris på gjentekne gonger, til dømes katten til nemnte storesyster som likar å gnåle (nok eit ord eg har frå den kanten) og dersom gnålet ikkje førar fram, bite meg i nasen.
Ein anna type å vere frynsete på er å vere blakk. Eg kan godt forstå at folk som er ordentleg fattige, og ikkje berre småfattige som meg, gjeng rundt og er i konstant dårleg form. Opium til folket har nok noko for seg, i det minste for sjelefreda si skuld. Men no er vel folket so rike og nøgde at dei ikkje treng opiumet lenger for sjelefreda, dersom ikkje dei velhaldte plenane deira skaffar dei like stor eksistensiell angst som eg fekk av å sjå at dei fantest når eg gjekk på vidaregåande.
Aller mest frynsete vert eg av folk eg likar veldig veldig godt, og som ikkje likar meg like godt, eventuelt veit eg ikkje kor eg har dei (enno verre!). At dei fleste slike tilsynelatande er like frynsete som meg, men av andre grunner, gjer det ikkje noko betre: Eg hadde vore mykje mindre frynsete dersom eg visste at personen som frynsar meg til er ein stabil, rasjonell aktør (eg kjennar kan hende berre eitt slikt menneske, men det er lov å håpe, sjølv om lite tydar på at eg ville ha blitt særskilt tiltrekt av ein slik person). Latterlege oppfinningar som mobiltelefonar og sosiale medium gjer frynsene større, fleire og djupare. Kor herleg hadde det ikkje vore å vere totalt avskore frå tilfrynsaren, ikkje potensielt i nærkontakt av andre grad slik eg mest er til ei kvar tid no. Eg vil gå lange turar på fjellet, utan mobiltelefon, utan dekning, utan mac, utan mobilt breiband, utan ei turisthytte med telekommunikasjonshøve innanfor to dagsmarsjar, heilt eismall, gjerne med mange kalde fjellbekkar eg kan bade i slik at eg trekk meg so mykje saman at frynsene gror att (gode, gamaldagse kalde avrivingar hadde nok noko for seg). Langt vekk frå digital lusking og ei sterk lengt etter å for ei gongs skuld få ein kjekk SMS.

Men det hadde sikkert ikkje hjulpe det heller. Katten kan eg hive ut, og pengane kan eg trass alt spare, men blondusar (det er sjølvsagt det det handlar om, eg byrjar å bli fiksert ser de), særskilt slike som er umoglege og tydlegvis har alt for mange motstridande tankar i hovudet på ei gong, held seg i hovudet ditt dei, og frynsene hadde garantert hengt på plass att dag 1 attende i byen. Kan hende skal eg spørje psykolog Sissel Gran om hjelp:
"Sissel har trukket bena godt opp under seg i sofaen, dette med kjærlighet kan hun alt om."
Då trur eg heller på deLillos. Det høver jo dessutan med mitt harde humanistoppfatning om at kunsten lærar oss meir om menneskesinnet sine krokar og sjela sine irrgangar enn det psykologien gjer:
"Har noen mennesker lært dette å bli ekspert på kjærlighet
Er det noen skam om du føler deg lam av kjærlighet
Om du føler deg altfor ung
Om du føler deg alt for liten og dum
Så er det ingen av oss som vet noe mer enn deg
Nei, det er ingen av oss som vet noe mer enn deg"

fredag 19. mars 2010

Om blondt hår


Dersom eg har eit nazistisk karaktertrekk, må det vere min kjærleik til blondt hår. Ein av mine finaste bussturar var over fjellet på veg til Bergen der eg sat foran ei jente med blonde dreads, dei fyrste slike eg nokon sinne såg. Dei var ikkje skittenblonde eller heilt kvite som blonde dreads ofte vert, nei, desse var heilt perfekt gyldenblonde slik mest ingen hårprydar er det. Minnes eg i alle fall. Eg blei forelska heilt til Odda.Seist eg var blond var eg eit av dei styggaste vesena som vandra på Høyden. Takk gud for hattar. Eller, takke faen for hattar dersom dei dekkjer andre sitt blonde hår. Eg vil helst forsvinne inn i blondt hår. Det er eit fint dikt om det, kven som har skrive det kan de inne ut sjølv:
Fargen først
Glem kjærleiken.
Bare jeg får daue
i det gule
håret ditt.

Den gleda har eg ikkje hatt enno, men her er nokre fine blonde hårprakter eg i det minste har fengje lov til å kjenne på

torsdag 18. mars 2010

Om gnuring og sturing, furting og snurting

I dag er ein av dei dagane som følas drit utan at eg har nokon god grunn til det.
Det gjev meg dårleg samvit, noko som gjer dagen enno verre. Ogso får eg dårleg samvit av å bli enno surare, og av at eg klagar slik i skriftleg form, osb.

Eg trur eg er prototypen på snurt dersom eg fyrst finn ut at eg skal vere snurt, og ikkje minst er eg alt for flink til å vere misforstått, ulukkeleg forelska eller forsmådd elskar. Hadde det ikkje vore for at eg har sterke gledesutbrot i blant, hadde eg vore den perfekte emo. I dag hjalp det ikkje ei gong å vaske. Vanlegvis vert sinnstemninga mi ljosare i takt med at golvet vert det, men i dag vart eg berre sint då eg merka litt sterkare enn vanleg at eg har linoleum på golvet, og eg ynskja meg måla tregolv noko heilt intenst.
Eg vil ogso ha nokon (nokon meir gjerne enn nokon) å sove med om natta, mat som smakar slik det luktar i gangen min nett no, og fint ver ute. Då skal eg kan hende vurdere å vere glad.
Eg prøvde å tenkje positivt i går, men det er ikkje so lett når det eigentleg ikkje er so mykje negativt å tenkje vekk, rett og slett. Men eg konkluderte med at eg er 40 % glad for at alt som er forbi, er forbi. Altso 60 % trist. At noko er forbi, tyder jo at det kjem finare ting seinare. Merk at eg tykte det var mest trist. Skal eg vere emo, so skal eg vere emo. Det er ganske so slitsamt. Kan neppe vere bra for hjartet. Eg vurderar å leggje meg att, for no byrjar eg nesten å håpe at noko ordentleg trist skal skje slik at eg kan vere ordentleg lei meg. Det vert betre litteratur av det ogso. Å lese om småsurhet er enno verre enn å lese om ein heilt probelmfri kvardag. So det å skrive dette innlegget her, syner vel berre at eg er skikkeleg verdig til nemninga "emo".

(Gnuring, sturing, furting og snurting ber forresten desse namna på engelsk: Chafing, moping, sulking, disgrunteling)

søndag 14. mars 2010

Om facebook

Eg er ein av dei som nyttar facebook, til tider relativt mykje, sjølv om eg eigentleg mislikar nettstaden intenst. Særskilt når eg sit og "heng" der og gjer meiningslause ting, som å stalke ymse folk (det er dei same som gjeng att i periodar, t.d. ser eg mest aldri lenger på profilen til ein av dei eg heile tida stalka i 2008. Me har aldri kjent kvarandre ordentleg, og eg har aldri tykkja at personen har vore noko attråverdig. Rart det der...) eller sjekke om nokon meiner at eg ikkje er ein god kyssar (eg trur eg er veldig variabel, og dessutan vert flinkare med ein flink kyssepartnar, dersom de lurte, og det gjorde de vel). Heldigvis er eg ikkje av dei som spelar poker eller driv mafiakrigar der. Likevel nyttar eg for mykje tid der.
Eg har dessutan kome fram til den konklusjonen at Facebook er sjølve manifesteringa av at me lev i ei fragmentert verd: Me har ikkje tilgang på "heile" livet til fjesbok-venene våre, men berre utvalte delar, sidan me eigentleg ikkje delar nokre opplevingar med dei via facebook (noko eg trur ein treng i det minste indirekte fysisk kontakt for å gjere, altso ved å høyre stemmen deira eller få brev dei har tekje i, dette hadde vore spanande å argumentere for ut i frå fenomenologi, men sopass akademiske utlegningar har eg ikkje tid til no, og eigentleg høver det ikkje til bloggformatet heller).

Ein anna ting eg er ambivalent til er smågodt. Det smakar berre godt når det delast med andre, fann eg ut i dag. Det er i alle fall lite godt å ete det medan ein lokar på facebook.
Det er nok facebook si skuld. No skal eg sjå om det har skjedd noko der sidan seist. Og so skal eg, kan hende, lese litt ordentleg skjønnlitteratur.

Med mindre facebook fangar meg, då.

fredag 12. mars 2010

Om i morgon

I morgon er det premiere.

Snart er det prøveførestilling og generalprøve, fyrst ei lita førelesing som mest vert ei pause. Femten timars arbeidsdagar sidan måndag, og alt frå små kvardagsforgløymingar til små blonde gutar har vore nok til å nesten tippe meg overende på senga, grinande. Men eg har haldt ut, og no er det berre moro.

I morgon er det premiere. Eg står ikkje på scena, litt diverre, men eg får lov å kle meg ut likevel. Og det vert verkeleg, verkeleg herleg og sitje i salen ogso og vite at eg har vore med på det eg ser der nede.

I morgon er det premiere. Eg gler meg.

mandag 8. mars 2010

Om å vere delt i (minst) to

Den klassiske todelinga i vesleg kultur (eller eigentleg ikkje klassisk i ordet si rette tyding, den kom fyrst i barokktida) er mellom kropp og sjel. Kan hende har den, mellom anna, oppstått i det nokon kjente på den sterke motsetninga (til tider) mellom kroppslege ynskje og konseptuell motvilje. Eller melllom alminneleg høflegheit og rå attrå. Til dømes.
Men ignorerar ikkje denne tanka at ogso både kropp og sjel kan vere delt i to kvar for seg, oftast enno meir til gangs? Tiltrekking og avsky samstundes ovanfor kroppsvæsker? Eller at nokon påståast å synge som ein machomann og snakke som ein spurv?
Sjela kan til og med vere delt i mange fleire bitar enn to - alt den eigentleg har lyst til å gjere, for ikkje å snakke om: Å kjenne at hjartet sitt ligg både her og der. Det fører vidare til nok ei splitting, den velkjende at noko kan vere so godt og so vondt på same tid.
Men det er vel eigentleg definisjonen på pirring.

lørdag 6. mars 2010

Om tankar skapt av ei stutt lita samtale med tre deltakande over tre øl

Darling lisle vene, eg veit eigentleg ikkje kven eg tykte mest synd på i går når du sa at du ikkje trudde du nokon gong hadde vore forelska.
Men eg trur eg landa på deg. Det er ikkje so gale for meg. Ei ekstra utfordring gjer berre godt. Jakta er meir enn halve moroa.
Og tenk for ein siger dersom eg skulle bli den fyrste...som får den slag blikk frå ein so fin fining...då skal eg kjøpe cava eg skal sprette for meg sjølv etter at du har sagt «vi sees» til meg ein tidleg morgontime

tirsdag 2. mars 2010

Om paljettar, rosévin og Whisky Sour

Iblant må ein pimpe opp ein vanleg torsdagskveld litt.

Gode ingrediensar:

Ei enorm gryte veggisgryte med alle tenkjelege grønsaker
Ben & Jerrys-iskrem
Rosévin av ein slag ein ikkje får på Vinmonopolet
Open, prikkute skjurte
Plakat med ein person ein ikkje er so overbegeistra for, og kan stå ved sida av og sjå teit (og eigentleg litt sexy!) ut medan ein fotograferar
Paljettar
Erotisk astrologibok, der ein les høgt frå om seg sjølv, forlova og hemmelege forelskingar, og finn ut at det ikkje stemmer i det heile tekje om forlovadane og kanskje ein god del om dei hemmelege forelskingane (ein tør ikkje stadfeste eller avkrefte det som gjeld ein sjølv, ein er då anstendige menneske!)
Kjole med eigen tafseinngang
Å prøve å drikke cocktails på Fotballpuben, og måtte nøye seg med Tyrkisk Pepper
Å forlate Fotballpuben
Å gå på Legal og ikkej trengje å nøye seg med Tyrkisk Pepper
Å pose unødvendig mykje for nok ein person ein ikkje er so overbegeistra for, denne gong ein ein møter på gata
Å vere det naturlege midtpunktet på jernbanestasjonen

Einaste problemet med kvelden er at eg har hatt ein umetteleg lyst på Whisky Sour i ettertid...