tirsdag 30. november 2010

Om å vere redd for å ikkje kome i hamn denne gongen

Merkeleg, er det ikkje, korleis alt som burde vore fint blir om ikkje ikkje-fint, so i alle fall ikkje so fint som det kunne ha vore, når det ligg ting og grumlar i området rundt nyrene og hjartet.
For fyrste gong kjenner eg at eg har gapa over for mykje, og at einskilde ting berre glir ut av hendane på meg, ut av min kontroll. Før har eg alltid hatt kontroll på alt anna enn livet mitt, no verkar det som om eg ikkje har kontroll på noko. Eg har masse å gjere, men det einaste eg har lyst til å gjere, er å kline, noko eg tykkjer eg gjer for lite sjølv om eg kan hende burde nedprioritere det fram til eg har gjort alt ana eg bør gjere. Som eksamen. Men snart skal eg på tur og då kan eg ikkje kline. Det blir godt å reise lenger vekk enn eg har vore nokon gong uansett.
Merkeleg og, korleis det gjeng an å analysere og gruble over alt for alt for mange ting, eg kjenner at spontanitet byrjar å bli eit framandord grunna eit alt for høgt refleksjonsnivå, tenk om eg kunne leggje den hjernehalvdelen frå meg når eg ville. Merkeleg at alle spøkelsa er der framleis, demonar frå eitt og tre og seks og åtte år attende, og dei bråkar og dukkar opp att no, sjølv om eg burde ha vore ferdige med dei og le av dei, kvifor bryr eg meg, de har ingen ting med den eg er no å gjere, gå vekk, eg er stor og sikker på meg no.
Merkeleg korleis fleire ting slutta før dei byrja skikkeleg. Eg lurar på korleis det gjeng med dykk, og håpar det ikkje blir slik denne gongen. Eg trur eigentleg ikkje det, håpar ikkje det, men alle nerver i kroppen for alt som skal skje og rekkjast dreg opp angsten. Håpar desember kan bli eit lite vakuum fylt av lite anna enn mangoar og jolekaker, for eg treng eit nytt år no. Sjølv om eit langt godt kyss på kvar side av månaden, det kan eg godt få i tillegg.

mandag 22. november 2010

Om Mørkets Hjerte

Skrekk...

...og gru, er ord som alltid vil fylgje oss. Eg snakkar ikkje om iskalde grøss som får deg til å riste av gledje, ikkje om det sublime eller om abjeksjon, men om den valdsamme stillheiten. Den som kjem etter at nokon har knust skallen til ein katt. Den einaste lyden omnane si utbrente aske har. Den som sit i strupehovudet ditt etter at du har vandra over enger dekt av knoklar.
Det er ei lang ferd, men djupt inni deg sjølv ligg det mørke hjertet. Vilja til å ta liv. Visjonen å drepe. Det som er kaldt og brennande på same tid. Og mørkt, gud, so mørkt det er inni oss.

onsdag 17. november 2010

Om deg som søv burt dine draumar

Det er so lett å berre vente, sitje å sjå ut av glaset, på måkene som flyg rundt den raude kyrkja, og vente og håpe. Drøyme om ting like handfast som mursteinsveggen du lenar deg mot når du ikkje orkar sjå ut i sola lenger.
Me drøymte om kvarandre, og drøymte kvarandre fram til me blei konkrete som betong og mjuke som ein grasplen om hausten, og so sov me draumane burt. Eg sovna inn i tornerosesøvna, og du sovna inn i snøkvitsøvna. Medan lippene våre blei til glas byrja eg å drøyme om andre stadar, det same gjorde du, og denne gongen kjem me ikkje til å sove dei bort. Men eg kjem til å sakne deg når du er vekk, og me skuldar kvarandre ein klem.

onsdag 10. november 2010

Om at kjærleiken sit (eller dei vitskaplege prova på at at ein legg att ein bit av hjartet sitt kvar gong ein elskar)

Kvantefysikken har funne sterke indisium på at partiklar kan kommunisere med kvarandre. Dessutan at dei kan vere fleire stadar samstundes.

Den filosofiske fenomenologien hevdar det finst eit kroppsleg minne, at kroppen minnes korleis handlingar skal utføras, og at den kjenner att ting den rører ved dersom den har rørt ved dei før. Dessutan at kroppen kan forlengjast: Når du nyttar ein hamar, vert hamaren som ein del av kroppen din å rekne. Når du køyrer bil, vert du og bilen same kropp.

Dette er blant dei alle nydlegaste tankane eg kan tenkje meg, dei opnar for so mykje. At minnet om alt hår eg har stryke gjennom framleis ligg mellom fingrane mine. At to hjarte kan snakke saman. At to elskande faktisk kan vere ein, ikkje minst.

Ven vitskap.

torsdag 4. november 2010

Om å reise ut på Det Store Eventyret

Nokon dreg, og nokon blir verande. Eg har ein god ven som, i ei elles lystig telefonsamtale, reagerte slik på at eg sa eg vurderar å ta master i Nederland eller USA:
«Du reiser alltid til plassar langt vekk, du. Og er vekk lengje.»
Kanskje. Denne gongen er det no eg som blir verande. Og eg ventar til du kjem heim igjen. I mellomtida skal eg danse vekk blå dagar, og grå dagar. For: Kjærleiken er han som tek gleda med seg og etterlet seg sorga, men han kjem ogso med sprudlande, festlege cavabobler og rolege, kvardagslege kaffikoppar med hjarte i. Dei tek han ikkje med seg, heller ikkje dei svingande danseskoa eller dei dansande tankane han gav deg.


'Cause not everyone can relate to what you and I appreciate...

So long, old bean, it's been a dream
being with you, I couldn't tell us apart
oh and I know, neither could you

Don't forget me when you float downstreams on a moon beam
So long, old bean.