torsdag 30. desember 2010

Om å lande i India

Altso, eg forsov meg til toget. Heldigvis ikkje til heile turen, då hadde eg nok byrja å grine og deretter reist for å tilbringje resten av året på den straum- og vasslause støylen til bestemor, utan annan proviant enn kapteinkjeks og kvitlauk (for å unngå skjørbuk) for å spekje mitt kjød.
Flott det gjeng an å fly, eg braut alle prinsippa mine og tok mitt fyrste innanlandsfly. Lovar å aldri gjere det att. Etter å ha hengt ei stund på Gardermoen hang eg litt lengjer på Zurich Airport, nærare bestemt i Sone D, bebudd av robotliknande automatar som lagar dårleg kaffi og ei rekkje folk som forsvann i ein gang dei aldri kom ut av. Kor blei dei av? Det var turen sitt fyrste mysterium.
I India dukkar ikkje sjåføren vår opp, minibankane verkar ikkje og me har ikkje kontantar, korkje norske, indiske eller sveitsiske. Det næraste me kjem er min istykkerrivne euroseddel, men indarane har eit eller anna oppeng i at pengesedlane skal vere perfekte, so noko håp for min utanlandske fille finst det ikkje. Mirakla si tid er heldigvis ikkje forbi, og me kjem oss til eit slags hotell i Colaba, Mumbai, der sengene luktar piss og det er fullt av edderkoppar (til å ete opp mygg og kakerlakkar). Eg legg meg ganske redd, sidan me framleis ikkje har klart å ta ut pengar og nattlege indiske gater er lite innbydande. Blir me ikkje rana, blir me arresterte for ikkje å ha kunne betale hotellet og bankas opp i indiske fengsel, liksom.
(Digresjon: Å vere forelska og redd samstundes er litt fint)
Fyrste morgon i India vaknar reisefylgjet mitt med myggstikk og forkjøling gjeve av aircondition-apparatet, samt den noko merkelege kjensla av å vere på ein båt. Me et frukost på ein stad full av skulande indiske menn og får endeleg tekje ut pengar. Dagen nyttar me med å få kultursjokk på ymse måtar, ikkje minst er det utfordrande å krysse vegen. Eg blir overfalt og velsikna av ein heilag mann som deretter vil ha pengar, og håpar inderleg at ikkje Krishna vender velsikninga om sidan eg ikkje gav hans utskremde ein einaste rupi (ber i same vending om at Krishna gjev litt av sin ufattelege venleik til disiplane sine, nokon av dei treng det sårt). Me får kjenne indiske salstriks på kroppen, et gatemat, ser gateborn, og kjenner oss kvite.
Dagen etter gjeng me på brun pub til lunsj og ser tannlause gamle menn drikke utvatna whisky av kjøkkenglas, før me freistar å kjøpe billettar til Goa. Me blir lurt av ein tynn mann med snabelsko som påstend at reisefylgjet mitt ikkje likar byen hans, før han sel oss bussbillettar til fire gonger den faktiske prisen. Håpar verkeleg toget var utselt slik han sa, for den bussturen var litt smertefull. Heldigvis var eg so sliten av å ha kasta opp heile dagen at eg klarte å sove. Eg datt ikkje ned i midtgangen, heller.
Påfølgjande dag byrjar me å få byen sin rytme inn i kroppen. Det er deileg. Me er framleis veldig kvite, men det gjeng betre, og no byrjar eigentleg alt å gå seg til, og no er alt klart for oss slik at me skal bli forelska i Mumbai og India.
N

torsdag 2. desember 2010

Om at eg...

...tenkjer so mykje på deg at eg kyssar dusjveggane og vaknar med puta i armane