søndag 28. desember 2008

Om god og dårleg jol

Nok ein banalitet:

Nokon har det bra, andre har det ikkje fullt so bra, einskilde har det ikkje bra i det heile.

Noko me alle samen veit, men ikkje tenkjar so mykje over. Dersom me ikkje tilhøyrer seistnemnte gruppe.

Unnateke når me set oss ned for fem minutt med ettertanke. Slik som eg har gjort nå, tyner ut nokon ord me har høyrd femti millioner gonger før, ord me alle er samde i, men allikevel ikkje bryr oss om meir enn to minutt etter at me har høyrd eller lese dei.

Allikevel skriv eg desse orda no.

For i natt sov eg glad og full av forventingar for dei næraste dagane og livet generelt, medan ein jamnaldring av meg drap seg sjølv ikkje so langt vekk.

For denne helga har mange nordmenn fråtsa og bytta gåver dei ikkje likte, medan 200 palestinerar har vorte bomba vekk.

For denne jola har ikkje berre vore ei god jol.

tirsdag 23. desember 2008

Om stjerner

Stjernene heng høgt oppe på himmelen.
Der opna eg med ein banalitet, gitt. Vel vel, heldigvis kan eg skulde på den herlege kombinasjonen jol og stormande forelsking. Då har eg lov til å skrive slike ting.
Altso: Eg likar å kikke høgt opp på himmelen, sidan stjernene heng der. Eigentleg er dei langt vekk, ikkje høgt oppe, og dei er alle enorme kjernekraftverk. Å vite det gjer ikkje opplevinga mindre. Når eg ser på stjernene, tenkjer eg at eg er bitteliten i noko uendeleg stort. Det treng ikkje vere ei negativ kjensle. Dessutan vert eg brakt litt nerare i å fatte det mirakelet kosmos faktisk er.
Ikkje minst er stjernene ufatteleg vene. Dei får meg til å drøyme. Karlsvogna. Lillebjørn. Sjustjerna. Drøyme om å fly ut blant dei, og om alt det fantastiske som kjem til å skje. Under stjernene.

onsdag 17. desember 2008

Om jol, joleferie og tannfyllingar

No er det jammen meg joleferie. Eg trur dette må vere den tidlegaste ferien eg har hatt sidan eg byrja å take ferie. Det er ganske so kjekt. Eg har truleg stått på alle eksamensoppgåver, og er soleis godt i gang på min veg mot å verta bachelor i kultur og samfunn - som det so intentsigande heiter.
Joleferie. Eg er eit jolemenneske, truleg av di eg forbind jola med masse tid til å lese og hyggeleg familie. Sjølv om familien min er "splitta" og inneheld einskilde meir eller mindre dysfunksjonelle element, likar eg den godt.
Eg trur ikkje at han som vart fødd i ein stall for 2000 år sidan var son til nokon andre enn ein tømmerhoggar, so det er ikkje difor eg feirar jol. Eg feirar alt det at eg har mange å vere glade i, har eg kome fram til. I år har eg dessutan allereie fått tidenes beste førejolsgåve.

Ferien har starta med at eg forflytta min person på Bergensbanen - flott tur! - til Oslo, der eg var nådig nok til å vitje mi syster (storveges!), var på ei genial teaterførestilling og feira bursdagen til kjære Ingrun. Deretter gjekk turen til pappa i Kragerø. Dessutan har Jack synt meg Porsgrunn og vart til og med med meg til tannlækjaren (takktakk!). Eg har satt ny rekord i antal hol (han rakk ikkje å fylle alle) og må skjerpe meg no.
Tek det att på sjarmen!

onsdag 10. desember 2008

Om årsmøte og jolebord hjå miljøvernerane

1700: Eg kjem til møtelokalet, der det berre er ein frammøtt, R. Eg og R vert sinte på at folk ikkje kan halde tida. I det me ringer for å kjefte rasar F og G inn. Dei hadde kome seint av di G måtte sminke seg.
1718: Årsmøtet startar, me ler hånleg av alle skrivefeila i årsmeldinga, og ergrar oss over at rekneskapsføraren vår er so ærleg at han krevjer at me må betale gjeld til oss sjølve. Snart kjem H, og sidan me er fulltallige, veljer me oss sjølve til nytt gamalt styre.
1810: Årsmøtet er over, me gjeng over til ordinert møte, startar med å disse sentralt som er nokon diktatorar. Deretter er det på tide å sjå på vårt hemmelege prosjekt, H vert sint når han ser at samarbeidspartnerane våre ikkje har gjort det dei skulle. H kjem til å vere mykje sint i kveld.
1850: Bergen Økologiske Landsby har kome, me må bytte lokale. Eg og F ler av at økolandsbyen ikkje har møtene sine ute i skogen. R bestemmer at eg skal presentere menyen, og at F skal halde unisex-tale, sidan me ikkje let oss avgrense av snevre kategoriar som mann og kvinne. Q kjem, han valte å hoppe over årsmøtet og heller konsentrere seg om jolebordet.
1940: Eg, Q, F og G gjeng for å hente maten, me krevast kontant betaling, ingen av oss har nok, etter å ha ringt R og bedt han kome finn me ut at me allikevel saman kan skrape saman akkurat nok.
2000: Jolebordet burde ha opna, men G har mista dressingen i trappa og må vaske. Den trappa kjem til å få gjennomgå meir. F har invitert fire vener av di ho ikkje trudde me andre hadde nokon. Desse kjem, ein av dei er iført dress og kårast straks til kveldens best kledde.
2015: Eg held velkomen til bords-tala, gjev råd om kva mat som skal etast til kva humør, me finn ut at det berre er lettsinding mat på bordet, ingen ting for det store alvor eller dei djupe tankar. Det hindra oss ikkje so veldig.
2115: Me er mette, og har ikkje ete opp halvparten. Eg finn ut at eg drikk for sakte, og byrjar å ta fleire og støre slurkar av min rare kvitvin. Etter kvart kjem eg til å angre på den avgjerda.
2130: H gjeng til åtak på feminismen. Me finn ut at han er feminist, og at han bør uttale seg meir om feminisme i media for å nyansere biletet folk flest har av feministar som mannehaterar.
2200: H gjeng til åtak på exphil og exfac. Me andre forsvarar det heftigt, H vert snurt. Me kosar oss (ikkje av di me ikkje likar H, men ingen ting er jo som ein skikkeleg diskusjon!)
2215: G har ein kollektiv date, og må gå. Før dette har han haldt ein lang utlegning om at han ofte vert sjekka opp av gamle menn. F fortel oss rett etterpå at ho ei gong fann ein fjortenåring på kjøkkenet deira som G hadde tekje med heim.
2302: H takkar for godt lag, men han må arbeide i morgon og må gå. Eg har halsbrann, og kjenner at eg har drukke vinen min litt for fort. Gjeng på do.
2315: R fortel at Bryggen har vorte stengt med ein gitterport, slik at H ikkje har kome seg heim, og me andre er ogso innestengt i verdsarven. H stend og nistirrar på gitterporten og er rasande.
2320: R ringar til nokon som har nøkkel, dei er på veg.
0010: Nøklane kjem og 20 min. Eg diskuterar med Q om tid finnest eller ikkje. Q meiner at det berre finnest mange augneblink, medan eg meiner at det er jo nettopp dette som er tid. Då eg ber han fiksere eit augneblink for meg, berre ler han og sa at han aldri meinte at tid ikkje eksisterar, men berre at det gjeng an å argumentere for det. Eg vert sur.
0040: Nøklane kjem, han gjev oss dei og spring fort vekk. Me vil på garage eller fincken, men tvingar kvarandre til å rydde fyrst. Ein av venene til F er litt dårleg, og spyr i trappa. Me har no både vore innestengt i og spydd på verdsarven.
0104: Me er ferdige, og gjeng ut. R forlet oss, me andre gjeng på nachspiel hjå F.
0122: Frame hjå F, det vert te- og baileysnachspil
0215: Eg er gal av lengsel, takkar for meg og gjeng for å finne kjærasten min.
0221: Eg finn han, me vert glade og gjeng heim.

mandag 1. desember 2008

Om kakebaking og mitt liv som blond

Eg er blitt blond.
Det er stygt det.
Dersom nokon lura, hadde eg aldri nokon forventingar om at det skulle verta vent. Det er berre ein mellomtilstand, håret måtte bleikast for at eg kan farge det slik eg vil. Korleis er då det? Nei, det får verta ei overrasking.
Dei aller fleste reaksjonane har vore krampelatter, særskilt ein viss herremann måtte gå litt vekk for å knekke saman av hiksta sine. Unntaka har vore ein sindig bømloing som nøgde seg med å seie "eg skjønar koffor du har på hatten" (eg har forvist meg sjølv til ein bowlarhatt, som eg etter beste evne puttar håret opp i) og Miriam, som alltid er snill og gav håret det einaste komplimentet det har fått. Tusen takk :)!
Kvifor klagar eg slik på dette håret, som eg har velgt sjølv og greier, dessutan er det jo berre ein hårfarge? For det fyrste tykkjer eg det er litt morosamt å klage over noko uvesentleg som eg dessutan kan gjere noko med. Eg kjem til å verta djupt tilfreds når eg ikkje lenger er blond. For det andre er håret mitt ein ganske viktig identitetsmarkør (ellers hadde eg aldri gidda å gro langt hår på bygda), og det funkar ikkje so bra når det er gulblondt.
Eg har ikkje berre vore blondine i helga, som den kjernefamilien eg og mi syster er her i Bergen unnagjorde me andre runde julebakst. Berre fire slag att no! Kokosmakroner og havreflarn er so lett at sjølv fulle born kan klare det, og det smakar ekstremt godt! Bakinga vart altso særs vellukka, sjølv om me nesten mista eit varmt steikefat på katten. Heldigvis var ho kjapp nok til å rygge unna.

fredag 28. november 2008

Om gamal ost og ein litt gamlare meg

I går fann eg ein brie-ost i kjøleskåpet. Eg hugsar ikkje å ha kaupt den, so den har nok ligge lenge.
Den var skikkeleg god. Ein interessant bismak av salmiakk. I natt drøymte eg at ingen ville snakke med meg av di eg stinka gamal ost.
Håpar ikkje det er sant! Eg er nemleg fylt 20 idag! Hurra! Eg vart sjarmert når telefonen min nærmast vrei seg i lufta idag til morgonen då det kom x antal meldingar og anrop tilnærma samstundes. Til og med facebook-teamet har gratulert meg.
Det er litt rart eigentleg. 20 liksom. Eg følar meg ikkje akkurat gammal, men... det er
20 ja....
hmm....
burde det ikkje skje noko no?
Neivel nei...

Men men, eg har strengt tatt berre vore 20 i 30 min! Kven veit kva dagen bringer...

Ein ting er i alle fall sikkert: GRAPPA!

onsdag 26. november 2008

Blogg... på nytt???

Ei gong hadde eg ein blogg.
Det er ikkje so lenge sidan ei gong. Eg sletta den. Grunnen var at eg ikkje trivdes heilt med den, eg følte på ein måte at eg ikkje hadde noko å skrive om den, sjølv om eg skriv konstant. Eg hadde rett og slett laga meg ein dårleg kontekst. Kan hende var det difor den var nesten hemmeleg, berre nokon ytterst få visste om den.
Denne gonga freister eg å blogge utanfor skapet. Om eg får mange leserar er ein annan sak.
Eg lovar å blogge minst ei gong i veka. Dersom eg ikkje gjer det, får de lov å bestille masse viagra til meg slik at eg druknar i postordrepakker.