fredag 18. desember 2009

Om jolesongar

Sidan slutten av november har eteren blitt oversvømd med jolemelodiar, både i form av radiobølgjer og (ofte som fylgje av desse) lydbølgjer. Som nemnt i førre innlegg har eg ei meir eller mindre velsigna evne til å stenge ute det eg tykkjer er påtrengjande ved førjulstida, so eg har ikkje blitt lei av jolesongar, og gler meg til mamma finn ut at det er tid for å spele nokon av dei på CD.
Eigentleg burde eg ikkje like jolesongar i det heile. Anten er dei religiøse, eller so er dei søtsuppe, eller so er dei båe delar. Dei har i alle fall særs høg sviskefaktor, noko ogso meisterverk kan få (for ein del av desse songane er jo klassiske meisterverk, i kunstmusikktydinga av klassisk). Med andre ord burde eg, som likar å kalle meg kresen når det gjeld kulturinntrykk (visse unntak finnest, ingen nemnde, ingen gløymde), absolutt ikkje setje pris på jolesongar.
Kan hende var det med dette i bakhovudet at eg meldte meg på straumbrevlista Alternativ Julekalender (http://alternativjulekalender.blogspot.com/). Her får eg kvar dag eit nytt straumbrev med ein lenkje eg kan laste ned ei eller to jolesonger frå ein av Noreg sine unge håpefulle innanfor meir eller mindre alternativ populærmusikk. Ein skulle tru at dette inneheldt sviande oppgjer med heile jolesongsjangeren, men nei: Her har me sentimentalitet i bøtter og spann, berre med nordafjellsdialekt og vokale krumspring, som dei to songane som båe heiter "Hjem Te Jul" signert høvesvis The Beards og Kråkesølv, eller eit jazza arrangement av eit av dei nemnde klassiske sviskene ("Lytt til englesangens ord" med Mathias Eick m.fl.) - for ikkje å snakke om min yndling, som eg høyrer på so ofte at eg kjem til å kunne spele den på slurva når eg er lei av han: Rest of My Life sin versjon av "Sonjas sang til julestjernen"! Den mest kitschy av alle norske jolesvisker, litt ekstra sviska opp med indiesviskesjangertrekk, slik at den vert herleg sviskeskranglete. Nam nam. Side Brok er ein av dei få som utfordrar sjangeren litt, men alt i alt er jo både ribbe og jolesprit ting som høyrer med.
Jola er eit rituale, anten ein vil det eller ikkje. Menneske treng rituale, og rituale treng rituell musikk. Jolesongane appellerar truleg til eit eller anna kulturelt skjema, eller kan hende til og med til eit eige område i hjarnebarken, som får meg til å like dei kjempegodt. So lengje eg set pris på sjølve jola, vil eg nok alltid setje pris på jolesongar ogso.
So får eg heller svelgje kultursnobberiet mitt for nokre veker. Det er eigentleg ganske stas å vere både ganske alvorleg og ganske ironisk når eg gaular ut "julsetjerne, kom til meg".

søndag 13. desember 2009

Om advent, Lucia og joleferie

Joleferie, eg er loffar som meir eller mindre vanleg har vore dei seiste tre åra. Det er fint å røre litt på seg, dersom eg vert verande for lengje ein stad gløymer eg det fine ved staden og merker berre det kjipe, som det evinnelege regnet, alle folka eg ikkje likar å treffe på og dei rutinene som er av det keisame slaget. Byen min er jo magisk, men eg gløymer det lett når den er mitt alt.
Difor likar eg å reise vekk frå han i blant. Som det kafemennesket eg har bltit har eg vore på ein kjempefin kafe i Stavanger og leika viktig teaterprodusent, og drukke klissen kakao på ein nydeleg jarnbanekafe av typen dei ikkje lagar lenger i Kristiansand. Elles har eg vore kulturell turist og vandra i dei store forfattarane sine fotspor på Kongsgård og freista å finne liknande fotspor i Kristiansand, men eg har ikkje visst kor eg skulle leite etter korkje Henrik eller Jens. I kveld skal eg lage god middag til mine husvertar, før toget tek meg heimover i morgon tidleg.
Advent tyder ankomst, det tykkjer eg er fint, ein ankjem heim til jol, snoen ankjem, og ein må reise vekk frå byen sin for å kunne ankome dit att. Dessutan er advent lilla, det likar eg, det er ein fin farge med masse rar energi i seg. Det eg ikkje likar med advent er den sinnsjuke kommersen, men eg har etter kvart utvikla eit særskilt sidesyn som gjer at eg ikkje legg merke til det.
I dag er det tredje sundag i advent. I Inge Hagerup sitt dikt om adventsljosa er det i dag lengselsljoset tennast. Merkeleg samantreff, sidan eg alltid byrjar å lengte litt ekstra når eg reiser åleine. Men på ein veldig fin måte, ikkje den gruvsame lengtinga eg av og til har åleine i senga mi, men ein avmålt melankoli som eigentleg berre er fin.
I tillegg er det Luciadag i dag, altso er det ein dag for masse ljostenning. Det må til sidan Oskoreia er ute, og sidan det er ei relativt mørk, kald og stressande tid eg personleg likar veldig godt, men eg kan særs levande skjøne kvifor einskilde ikkje likar den. Eg trur det hjelp med ljos. Det hjelp ogso å syngje ein annan av adventssongane, Tenn lys, der ein syng om dei som må sloss for rettferd og fridom i dag. Dette er liksom dagen for sosialt samvit i førjulstida. No skulle eg gjerne sagt noko vitugt og fint om sosialt samvit, men eg får det ikkje til utan å kome meg utanom flosklane, og som den originale språkkunstnaren eg pretenderar å vere, kan eg ikkje tillate meg slike. Det er bra å vere snill og kjærleiksfull, kan eg berre seie (her kom det visst likevel ein floskel). Og det er kan hende her me ser noko fint med menneskenaturen, det einaste i han som kan halde Oskoreia på avstand i alt mørket. Tenn ljos.

onsdag 9. desember 2009

Om korleis noko skikkeleg mislukka vert skikkeleg vellukka

Eg bur i Bergen.
Alle som bur i Bergen, eller har fengje med seg nyhenda frå Bergen dei seiste tre vekene, veit kva som har engasjert bergensarane mest i denne tida:
Pepparkaker.
Elles i verda er det mogleg å engasjere seg i klimaproblemet. Kan hende særskilt aktuelt nett no, sidan dei høge herrane i verda samlast i København for å diskutere korleis dei skal freiste å gjere noko med det utan å måtte gjere so mykje sjølv.
Oss driftige miljøungdommar i Bergen såg sjølvsagt eit høve til å kombinere desse to engasjementa. Difor planla me å lage ein oljeplattform av pepparkaker me skulle knuse, for å syne at olje er slikt som høyrer fortida til, noko ein må take omsyn til når ein utarbeidar ein ny klimaavtale.
Diverre er me so skeive av oss at me overførte det til pepparkakedelane. Me smelta difor enorme mengder sukker for å lage knekk. Dersom de har litt knekkerfaring, veit de at knekk brenn se særs lett. Og at det byrjar å ryke to sekund etter at det har brent seg.
Me har kontor midt i verdsarven, nærare bestemd i verdas største mellomaldarbydel av tre. Den er godt ekvipert med røykvarslarar som varslar brannvesen. Dei gjekk. Heldigvis var det ein snarrådig heiltidsmiljøvernar som kasta seg nedover den smale trappa (ja, den som nokon spydde ned i fjor omtrent på denne tida) og fekk stoppa alarmen før den varsla brannvesenet. Me fekk kjeft, og i mellomtida stivna knekken for mykje til at den kunne nyttast til lim
Heldigvis hadde me ogso baka ein del dyr og hjarte av pepparkaker! Me strødde dei ut over eit brett, iblanda ein glad legion seigmenn, og helte knekken over. Voila! Oljekatastrofe. Av det som skulle ha vorte oljeplattformar lagde me vene aksjebrev i verda, og gjekk glade til Torgallmenningen. Me stilte oss foran pepparkakebyen (den ja...) og synte fram den harde, oljegrisete røynda til alle som skulle gå inn for å sjå på idyllen der inne. Dei som ville, fekk dessutan eit aksjebrev i verda, og vart avfotografert med det. Bileta skal sendast til dei høge herrane nede i Køben, slik at dei vert minna på at det ikkje er dei, men me alle som eig verda, og at eigarane krev ei berekraftig klimaavtale for jordkloten si.
Tabloidavisa lagde sak på det ogso.

Det er den mest vellukka mislukka aksjonen eg har vore med på!

lørdag 5. desember 2009

Om å overfallast på open gate midt på ljose dagen

Nei, eg har ikkje blitt rana, eller utsett for seksuelt overgrep eller andre valdlege saker. Det var ikkje noko menneske som overfalt meg, men ein heilt absurd angstkjensle.
Eg lurar på om det er det ein på fint kallar "eksistensiell angst" eller "weltschmerz", men eg er ikkje sikker. Eg har ikkje hatt nokre vektige grunnar til å lide av slikt i dag, utkvilt og edru som eg vakna og med eksamen overstått og lystig lag ventande. Til og med sola fekk eg sjå og kjenne. Likevel kom angsten snikande med skumringa.
Den lot seg fyrst merke ved Fløibanestasjonen på Skansemyren, der eg gjekk forbi ein godmodig familiekrangel der mannen i huset nekta på skikkeleg dritunge-vis å reise på IKEA. Eit lite augneblikk (trur det var før IKEA blei nemnd, men eg er ikkje sikker) fekk eg lyst på born og ektefelle og eit idyllisk familieliv, og kan hende dette var fyrste årsak til angsten: Ei merkeleg blanding av melankoli for ikkje å tilhøyre ein familie på same måten som tidlegare, kombinert med ei vill redsle for å bli gamlisungdom som byrjar å tilbringe laurdagane på IKEA. Det er ille nok at eg les dei greske klassikarane på fredagskveldane iblant, liksom.
Det hjalp å setje seg på Kaffekompaniet (sjølv om eg forsovidt haldt fram med gamlisungdom-tendensane mine der, te og jolekake og Morgenbladet), men det var eigentleg alt for fullt der, og eg kjende at folk ikkje var den beste tingen eg kunne bli utsett for nett då. Eg gjekk ut, og ute var det skumt. På Godt Brød var dei utselt for pizzabollar, og eg sprang ut like snøggt som eg hadde sprunge inn. Byen som hadde vore so fin tidlegare p ådagen var særs uvenleg no. Samvirkelaget i Strømgaten var dagens lågpunkt, trengsel kring klementinene og dama foran meg i køen som kjøpte store mengder øl på plastflaske fekk verkleg nervetrådane til å sprelle av redsle. Allereie på den stutte vegen heim var eg nøydd til å opne potetgullposen eg hadde kjøpt, og ete mykje meir av den enn det eg hadde tenkt, med halve mjølkekartongen eg kjøpte til. Feitt hjelp mot alt, særskilt i kombinasjon med Clap Your Hands Say Yeah og tøysete artikkelar i Klassekampen. Det kjennest mykje betre no, eg gledar meg til graut-og-gløgg-fest att, etter nokre timar der eg ikkje kunne tenkje meg å vere korkje sosial eller åleine i kveld.

tirsdag 1. desember 2009

Om eit år som har gått

Jaja, dette innlegget kom ikkje på bloggaren sin bursdag, men det får heller vere - det er eit teikn på at han hadde anna å gjere, og det hadde han. Han hadde det særs bra.
Eg føler litt for å kvantifisere året:

Eg har brukt ca. 35 000 kr på ting som kan etast. Det har vore mi nest største utgift. Eg kunne nok kome ned i ca. 9000 utan å svelte, men det hadde vore stusseleg. Eg et ganske godt. Likar mat. Likar for mykje å småspise, særskilt dersom eg er lei meg eller rastlaus.

Eg har ikkje vakse nokon centimeter, i motsetning til året eg var 19, då vaks eg 1 cm.

Året har mest heilt nøyaktig vore delt i to mellom kjærast- og singeltilværet.

Eg har vore i fire land, det eine berre på gjennomreise.

Eg har for fyrste gong tent pengar på kunsten, meir nøyaktig 21 000 kr før skatt. Nei, nå laug eg: Førre året tente eg jo 800 kr skattefritt. Men dette er fyrste gong eg har skatta kunstinntektene, altso. Ogso fyrste gong eg har fått betalt via avtale. Det er faktisk fyrste året eg har skatta uansett. Om lag 18 000 kr. Eg reknar med å få ein del att neste år. Eg likar å medverke økonomisk til fellesskapet, men eg tykkjer det er litt teit at eg skal betale skatt med sopass lita inntekt likevel.

Eg har ete to store graskar. Det er den største mengda graskar eg nokon gong har ete

Eg har tekje meir tog enn nokon gong før. Eg orkar ikkje telle. Minst 30 gonger.


Dette blei litt stussleg. Kanskje eg utvidar innlegget seinare.