mandag 30. august 2010

Om ikveld

No sit eg eismall ved kjøkkenbordet, berre tastaturet som slår, klokka som slår, kjøleskåpet som brummar, dei farga ljosa som strålar fredeleg held meg med selskap. Snart skal eg leggje meg og lese eit langt kapittel i ei fantastisk bok eg ikkje har tatt meg tid til å lese nok i i det seiste. Kanelbutikkene, Bruno Schulz, forteljingar/noveller/ein roman, barokk og fabulerande, og like sanseleg som lukta av ostepop og kjekke menn, les ho.
Eg har lese om bilete i dag, om bilete som bilete, og øva meg i å skrive kunstkritikk. Det er rart at det skulle bli kaffi og bilete som pregar store delar av universitetsdagane mine, eg som eigentleg kom med te og tekst som tyngste ballast. Eg er ein nerd, seier dei eg bur saman med. Eg er usamd, seier eg. Sanninga er vel midt i mellom: Eg er glad i å vere paradoksal, og flink til å vere ein allsidig nerd. Kan hende er det det dei kalte flogvit i gamle dagar, men eg kjenner meg alt for dum til å vere det. Særskilt når eg les bøkar eller gjeng på førelesingar av flinke professorar, eller når eg studerar krava for å kome inn på Berkeley. For naiv i høve til og med for liten kunnskap om bilete, dei som er so mektige og farlege, og for dårleg ein skribent til å skape gode tekstar om dei. I mitt kunstkritiske essay klarte eg å nemne Miro sju gonger på litt over ei side, det er ikkje heilt bra. Namneslepping av denne verda.
Slik tenkjer eg, og lakenskrekken aukar proporsjonalt med alt det eg sublimerar inn i hjernen min slik at natta vert fyllt av ville draumebilete, der eg står på brygga heime, vatnet stormar og eg diskuterar Det Sublime som nett no ogso er trygt smamn med ein intellektuell kjendis i lang frakk, før eg brått sit i ei stove med fem tyrkiske menn og får han eg tenkjer mest på nett no slengt inn av dørvakta (i mitt hus?), mørbanka, grinande, og avvisande ovanfor all trøyst.
Kan hende eg berre er litt skrullete. Bah, skrull, nerding eller flogvit, omgrep er fattige, det er einskildfenomena som tel. Difor legg eg meg trygt. Eg gler meg.

Om å sniffe og lukte duftar og stankar

Brått kom eg på Pondus: Det luktar svett pung. Eller ostepop. Klassiske fraser derifrå, på klassisk bergensk ordkunstvis.
Eg er usamd med Joachim og Patrick. Korkje svett pung eller ostepop luktar so ille som mange skal ha det til, sjølv om eg neppe ville nytta nokon av dei som parfyme.
Uansett: Lukt er fint. Proust og syrinane, liksom. Eg har det på same vis: Luktar eg syriner, tenkjer eg straks på gatene heime. Endå meir dersom eg kjenner den sjeldnare lukta av hegg. Hjerneforskarar (ikkje rakettforskarar) meiner at luktesansen, som vår eldste sans, er mest knytt saman med instinkt, det undermedvitne, minna våre. Berre tenk på feromon. Alle som har lukta nokon dei likar godt i nakken bør vite kva eg meiner. Åh, so godt folk luktar i nakken!
Eg var barnevakt her om dagen for ein liten gut, og det slo meg kor annleis han lukta enn dei vaksnare menneska eg vanlegvis tilbringar tid med. Overraskande surt, ein kunne merke at han framleis har ein sterk mjølkebasert diett. Samstundes var lukta hans so rein: Dette er hud, ingen deodorant, parfyme, svette eller feromon.
Heilt til han bæsja på seg.

Om lukt er instinktivt og opphaveleg, har eg av å jobbe med kaffi lært at ur-sansen likevel kan kultiverast i høg grad. Eg tykkjer det er intenst fascinerande at steikte frø frå same blante kan lukte so ulike ting som frå rått kjøt, akkurat slik eg minnes det frå marknaden i Palermo, til vanilje og lime. Få ting luktar so godt og variert som kaffi - ingen ting har so mange identifiserte aromastoff. Ein av mine topp ti sanseopplevignar er å grave hendane mine ned i ein stor boks espressobrente bøner (eg er sjølvsagt rein på hendene) og kjenne lukta stige opp, samstundes som eg kjenner dei oljete bønene gli mellom fingrane mine og høyrer dei risle ned i boksen. Nam.
Like god er ikkje kaffilukta blanda med den ogso elles gode hudlukta, det erfarar eg frå min egen kropp kvar gong eg er ferdig på jobb. Trass dette kjenner eg at eg blir fornærma dersom nokon uttalar seg mot slik kvasikaffilukt.
Til dømes når eg låg tett på, og saug inn dufta av, han lisle vene, og fekk servert kommentaren: "Du lukter kaffe". Turnoff. Og eg blei fornærma, sjølv om det var sant nok.
Nett no luktar eg ikkje kaffi, og eg skulle gjerne ha loge ved sida av han. Eg var kostbar i dag, og angrar litt, sjølv om eg er litt nøgd òg. Men han var jo veldig veldig fin i dag, om mogleg meir enn vanleg, og lukta heilt fantastisk.

søndag 22. august 2010

Om ein som ikkje har opna døra (og no er kassert?)

Berre so du veit det, so er eg dritsur på deg. Eg kjenner same uro i kroppen som fylgte med kjærleikssorga i sommar, og eg kjem på kvifor eg ikkje er so overvettes begeistra for slike ljose kveldar, og eg har lyst til å drikke cava med deg, og det sitrar i kjønnsorgan og rumpehol og det er ei stor hand inne i magen min og kring hjartet, og øyret sitrar det ogso faktisk, og lippene, kyss meg, eller ver i det minste hyggeleg mot meg, svar på henvendingane mine for å nytte eit heilt gruvsamt ord, eg er berre snill og dette er ikkje farleg, og vil du det so skal eg gå (trur eg, nei eg veit, eg skal vere snill som eg sa), og me kan berre vere venner og gløyme dei to nettene me har hatt på den måten, men eg vil aller gjernast ha fleire av dei, for eg er so forelska at eg vert toskete og når du er so JÆVLA UMOGLEG vert det mindre moro enn det er slitsamt, du tek opp ein stor del av min kognitive aktivitet, og den cerebrale aktiviteten elles ogso er eg redd, gud veit kva det undermedvitne i meg styrer med, og stakkar det ekteparet som sat ved sidan av meg på den flyturen der eg er mest sikker på at eg grov meg heftig i skrittet medan eg sov, det var deg eg tenkte på då, ja for du er jævla fin og det er so trist dersom du ikkje kan spele ut det, ver fin, men ta imot dei som beundrar deg ogso, eg kan godt hjelpe men ikkje sukk, snakk, du har allereie gjeve etter for driftene dine og det er bra so du ikkje vert som ein katolsk prest eller det som verre er, og eg veit at dette ikkje var nokon eksprementeringslyst berre, ut frå den store trongen og det fine fine sukket du kom med då du ville sjå, yo sexy, kan hende kan me møtast under endå betre tilhøve neste gong, gjerne allereie i natt?

«True love never runs smooth»

tirsdag 17. august 2010

Om bare

...nokon kunne opne ei dør.

Eg sa ei gong (eller eigentleg fleire gonger) at eg ikkje finst sjalu.
Det var langt i frå sant. Eg er kjempesjalu, berre på litt andre måtar enn prototypen på sjalusi (noko eg håpar alle sjalu menneske er, elles hadde livet vore litt vel likt amerikanske TV-seriar).
I kveld hadde det kunne vore fullt av sjalusi rundt meg, eg kunne hatt ein gyldig grunn for det. Likevel ikkje, landstøtinga skapte ingen grønne bølgjer som traff meg og skaka meg opp. Berre mjuke, blå som kjærteiknar og gjer meg glad. Eg er ikkje sjalu, eg er tvert om veldig, veldig glad.

Dette er ikkje sjølvfornekting eller sorgarbeid i form av omskriving. Det er akkurat det det forhåpentlegvis minnar om: Indre jubel. Nett som denne lisle teksten, skriven i den andre enden av denne historia, men likevel på passande vis særs høveleg nett no:

Bergensonsdagar
kan ein gå til KRIK
for gratis fråtsing til magen
og Jesuspåfyll til hjartet.

Heldigvis
er hjartet mitt
allereie fylt
av deg.

Eller som dette, frå ein heilt annan historie:

Jeg er fri! Jeg er fri! Jeg er fri!
Mit fangenskabs liv er forbi!
Jeg er fri som en fugl! Jeg er fri!

For fyrste, og forhåpantlegvis einaste gong, set eg inn eit smilefjes på herverande vevlogg:

:D

søndag 15. august 2010

Om bukser og når ein kan nytte dei

Best er mannen bukselaus. Naken er alltid best, og kilt er heller ikkje å forakte, for ikkje å snakke om slike varme vetterdagar (ja, dei kan vere særs varme. Inne, når ein fyrar for fullt og bikkjene steikar hjernen sin under omnen) der ein kan gå rundt i stilongs, og ikkje noko anna, heilt til ein sovnar og legg se i reint sengetøy.
Likevel har bukser sine fordelar. Dei er ofte stilige, og framhevar rompa på ein fordelaktig måte, dersom ein er so heldig å ha ei rompe som vert fordelaktig framheva av bukser (sitat bestemor: "Jeg skjønner ikke at folk med så store ender kjøper eg bukser!"). Ikkje minst finst dei i eit uttal former og fargar. Eg var i mi tid kjent (les:berykta) for mine oransje bukser, men eg har diverre ingen slike lengjer. Til gjengjeld har eg mange i ulike blåtonar, nokre av desse mest vaska heilt kvite, ein gul piratvariant har eg, ei kvit spradebukse med flotte brune lappar i sidene, nok ei blå med mønstra lappar, og ein deileg grøn ein eg kjøpte spontant no på fredag, medan eg eigentleg var på jakt etter ei lilla, etter å ha slegje frå meg lysta på raude bukser (kven skulle kunne trur for tre år sida at ein kom til å sjå ut som ein BI-student dersom ein tok på seg raude bukser i 2010. Det irriterar meg grenselaust at klede det er lett å få tak i i butikkane, som oftast er sentrale (eller på veg ut av, kan hende enno verre) i det gjeldande motebiletet.). Den skal eg vere fin i når eg skal smile og lokke til meg nye studentar til den vanvittige mengda studentorganisasjonar eg er med i (eller til berre ein av dei) måndag og tysdag.
(Då skal eg nytte den oransje buksa mi óg. Eg har ei likevel, kom eg på, typ treningsbukse. Eg skal bli flink og springe om morgonen att. Og blogge om kor fortreffeleg det er å springe i oransje bukser eg bruka å gjere akrobatikktrening i).
I går fekk eg uventa bruk for ei av mine svarte bukser. Det vil seie, eg rekna med å måtte nytte ho, men berre eit par timars tid. Rett frå vigsla i kyrkja blei eg, særs overraskande, invitert i bryllaupslag (til undernemnte brud), og måtte slå frå meg planane om å ta i andre bukser enn dressbuksa med det fyrste. Stor stas var det, ikkje minst å få stadfesta og uttrykt kor flott brudgommen var i dei selsamme buksene (mørkegrå, og glinsande) eg var prøvedokke for på dressjakt med mor og festarmøy.

Next time: Swinging dancing shoes.

fredag 13. august 2010

Om å forgifte seg

Som det søppelmennesket eg iblant tykkjer eg er, innleiar eg dette innlegget (ha!) med eit ordspel.
Å forgifte seg er å gifte seg for mykje.
Eg håpar mi kjære Lina Kristine, ei av dei heller fine, ikkje forgiftar seg i morgon. Eigentleg tykkjer jo eg at all gifting er forgifting, men folk må jo få gjere som dei vil. Dessutan er det som kjent gradsskilnad på kor gifte gifte menneske er (og ugifte ogso, ikkje for det), og her trur eg Lina vil oppnå ein fin balanse, og at eg framleis kan gå på date med ho (det vert eigentleg ekstra stas å gå på date med ei gift kvinne, det har eg aldri gjort før. Derimot har eg gått på date med eksen til bestekameraten min, fyrst og fremst for å ha nokon å ovundre Johnny Depp med, men ogso for å gjere bestekameraten min sjalu [hennar mål] og for å skape fred mellom ho og bestekameraten min [litt mitt, men fyrst og fremst bestekameraten min sitt mål]).
Eg er, som de kan hende har skjøna, innbitt motstandar av ekteskap, utan at eg skal gå plagsomt mykje inn på det no. Men eg er ogso veldig romantisk, og difor sjølvsagt ein stor tilhengjar av bryllaup. Eit paradoks, men kjenner eg Lina rett, mestrar ho paradoks som få andre. Bryllaupet i morgon vert stor stas, og eg forventar å byrje å grine. Viss ikkje vil eg ha togbillettpengjane mine attende.

HJARTELEG TIL LUKKE PUZEN!

onsdag 11. august 2010

Om alle eg har vore forelska i. Som ikkje finst, i alle fall ikkje i det daglegdagse røyndomsplanet

Galadriel. Men det veit de vel, dersom de har lese denne bloggen ei lita stund. Ho er framleis den finaste eg veit. Presiseri g: Den Galadriel eg er forelska i, er ho i bokmålomsetjinga av bøkane. Diverre er ho nok på eit heilt anna nivå enn meg når det kjem til intellektuell og personleg mogenheit.

Pinky. Gud, han var fin han. Eg trur ikkje eg forsto at eg var forelska i han før eg blei stor. Eg likar han ogso litt (ganske mykje) enno, og drit langt i at det gjer meg til pederast. Ogso her trengs det ei presisering: Objektet for mitt attrå er den Pinky som opptrer i den originale Skatten i Kjuttaviga. Og veit de kva: Eg klarar ikkje å finne bilete av han på nett. Difor blir ogso dette eit biletlaust blogginnlegg. Dei seinare Pinky-ane er nesten like ille som Sunniva, både mindre pene og ikkje minst kvalmande nymoralistiske. Stor vyrdnad frå mi side om nokon klarar å finne eit bilete av den originale Pinky (anno 1992), og sende det til meg.

Ei namnlaus jente, som har vore "stand-in" for mine gutteromansar dersom nokon, som oftast ein perifer slektning, har spurt om eg har ei jente på gang, og eg tvert om har hatt ein gut på gang, og ikkje orka å forklare det. Ho er eit produkt av min latskap og min feigskap, men fortener kan hende ein lite grann respekt fordetom.

Eg veit har ein del til. Men dei har eg delvis gløymt. Du veit, gløymt dei på den måten at eg ikkje får bilete av dei i hovudet når eg skriv eit blogginnlegg som dette, men ikkje gløymt på den måten at eg ikkje kjem på at eg har vore forelska i dei dersom eg ser dei att.

Iblant lurar eg forresten på om ikkje alle mine romansar har vore fantasifigurar.