fredag 29. oktober 2010

Om 4 kjendisar eg gjerne skulle vore gift med



Ingrid Olava. Med eit atterhald: Eg må sitje på fanget hennar heile dagen, og ho skal syngje coverversjonen sin av "Her kommer vinteren". Eg trudde aldri eg skulle seie det, men hennar versjon er betre enn Jokke sin. Penare enn originalen sin opphavsmann er ho og. Og godt koneemne-namn!




Michael Cera. Åh, han er so søt! Eg får lyst til å klemme han kjempelengje kvar gong eg ser han (på film, eg ser han sjelden i den fysiske verda, diverre). Ikkje berre er han søt, han klarar å vere tøff og sexy med bart ogso, som de ser her.



Om Michael er søt, er Mitch heit. Ein av dei aller heitaste eg veit om. Eg hadde eigentleg lyst til å leggje ut eit nakenbilete av han, men slik ein blogg skal ikkje dette bli. Uansett: Hadde han vore mannen min, hadde me ikkje gått ut av senga.



Sigrid: Eg vil gjerne vere kjærasten din! Blonde, fine sjarmtroll! Stopp jakta og kom til Bergen!

torsdag 7. oktober 2010

Om den raraste guten som har sove i senga mi

Eg plukka han opp på fjellet, der han sto og såg på stjernene. Han skulle ikkje lenger enn til Røldal, men likevel blei han med heile vegen til Bergen.
Han sov hjå meg den natta, eller rettare dagen, men dag og natt gjekk i eitt og eg er enno ikkje sikker på kor lengje det varte. Han var ljoshåra sjølvsagt, og liten, med austlandsdialekt og sans for utdøyande ord. Kjakane hans hadde høge bein og mellom tærne hadde han ein føflekk som såg ut som ein L.
Han påsto at eg var modellmateriale, og når eg litt fornærma snøfta "nei", kyssa han meg slik dei kysser i mellomamerikanske filmar.
Eg har eigentleg aldri fått so mange kompliment på ei gong som eg fekk av han.
Etter at me hadde lege saman, i dusjen, vaska han tennene med dusjstråla. Han gjekk tidleg neste morgon, etter å ha gjeve meg ein kort stiv klem. Han song då han gjekk nedover gata.