søndag 20. februar 2011

Om korleis det faktisk såg ut (meir eller mindre) (eller: Eit fotografisk utval av livet mitt medan eg var bloggar)

Då eg fyrst baka, og so blei blond (eg har sørgja for at det ikkje finst fotografiske prov på det seiste).




Hotellet me budde på i Berlin, spanderte Fernet på resepsjonistane, sto nakne i snøveret på balkongen og drakk vin, og ikkje minst rota veldig mykje på romet. Dama bak disken er ikkje ein av dei me traff, men ho er sikkert hyggeleg, ho og.





Fråtsing og matlaging saman i kjent stil (eigentleg ikkje det måltidet eg skreiv om her, men pytt)






Å spele i eigen dramatikerdebut
(eg burde hatt bilete av festen)




Ein av dei eg gjerne skulle ha lukta i nakken



På paljettdate



Her sat me på 17.mai og var romantiske.




Grøn bukse
og raude sko langs kanalane i Amsterdam



...og edderkopphotell i Mumbai.




Det var alt. Takk for meg, og vel blåst. Det hjelp å smile til verda.

Om å flytte ut

Eg er på den staden eg ei gong flytta ifrå no. Kan hende let eg meg lure av eit vinterparadis, gledja over å lage teater kvar dag, verdas framleis beste seng, blonde krøllar, men trass alt: Det er betre enn det har vore på lengje. Eg har mest lyst til å flytte heim att, men eg trur eg skal nytte reise- og oppbrotslysta mi til å take litt lengre og meir modige reiser. Om ei stund, det er mykje å gjere enno, og mykje eg bør gjere betre slik at eg ikkje luskar vekk frå eit reir.
Eg tenkjer mykje på meg sjølv for tida, forstå det slik at eg er i ein ganske lang sjølvevalueringsprosess. Fælt ord, og litt fæl ting ogso, men eg trur det er rett no. Som skrive i førre innlegg er eg på god veg til å bli grinete, fordi eg er litt bitter rett og slett, og eigentleg burde eg ikkje vere det - sjølv om eg kanskje har tusen gode grunnar. Eg må bli litt vaksen på fleire måtar og bryte barnleg uvanar, flytte sinnet mitt litt.
Ein stad det skal flyttas ut frå er denne staden på verdsveven. For godt. Den har blitt det den ikkje skulle bli når den blei fødd i 2008. To og eit halvt år er ei grei levetid i bloggosfæren tykkjer eg; meir enn Voe, t.d.. Lesartalet kan eg heller ikkje seie noko på. Det eg skriv her derimot har vorte for lettvint, og skalet av anonymitet eg gjerne ville ha er vekk for alltid. Om eit par månadar er denne nettstaden, og all tekst lagra på han, det same.
Farvel, kjære blogg og lesarar. Eg skriv kan hende blogg att, men i ein annan form, og aldri meir mellom stolane. Sjølv om det vel er der eg høyrer heime og aldri vil flytte ifrå.

Dette er nest seiste innlegg. Ein skal jo ha nedvask óg.

tirsdag 15. februar 2011

Om å vere positiv og slikt shait

Eg skal gjere noko med innstillinga mi imorgon, for eg byrjar å bli ein gamal grinebitar og litt av ein drittslengar. eg skuldar på veret og tek det att på sjarmen.
Idag skal eg derimot klage litt, for eg sit på Drammen stasjon i halvanne time ++, og som ikkje det var ille nok i seg sjølv, er venteromet stengt og ein er henvist til eit varmetelt. Det er ikkje særskilt varmt, skal eg seie dykk.
Heldigvis har eg Querelle de Brest i snippveska! Den må de lese. Fint sitat:
"Querelle! Alle Quereller i krigsflåten! Vakre sjømenn, dere har alle den søte smaken av villhavre."
Apropo sjømenn i krigsflåten, grinebiting og positivitet
Dedikert til min eigen Querelle i krigsflåta, heile shaiten. No gjeng toget og eg skal vere ei heil veke i barndomsheimen i ei bygd utan eye-candy. Jaja. Bra eg skal byrje med positiv innstilling. Hurra!

mandag 14. februar 2011

Om å klø seg i øyra i staden for i hjarterøtene

I dag (mhm, denne lada datoen!) brukte eg opp den seiste tingen som falt i kategorien "kan brukas opp/skal brukas opp" (blomar, mat, vin, det som kallas venleiksprodukt etc.) blant tinga eg fekk av den førre kjærasten min.
Det var ei pakke med 200 Q-tips.
Eg tenkte at dette kunne blitt fylt av masse symbolikk særs tolkbar i mange retningar, men eg følte eigentleg ikkje at det blei noko av.
Ja ja, det er godt å kleie seg i øyra lell. Takk, mr. Tiger. Eg har kjøpt nye allereie heilt sjølv.

lørdag 5. februar 2011

Bergensguide del 2: Åtte ting å gjere i Bergen gratis, og to når du må spare og ikkje berre vil sitje heime med linser og ris

1. Klatre opp mot det gamle brannvakttårnet (eg likar å tenkje på det som fyrtårnet, og det er jo ikkje heilt gale) på Skansen, anten heilt opp eller stopp under eit av lindetrea i eit av svingane, og sjå på solnedgangen. Dette er aler best dersom du har nokon å kysse, ja, minst like bra som Sacre-Coeur om ikkje betre, for her er det ingen romantikk-turistar, berre romantiske lokale, dessutan er du garantert å finne din heilt eigne grasflekk, og dersom du bur i Bergen og din kjæraste berre er på besøk eller ny i byen, vert han garantert overlukkeleg.
Fint eismall òg.

2. Gå under jorda. Det er mange stadar, og eg kjenner dei ikkje kjempegodt, men du til dømes kan gå ein av dei gamle hamnebanane, nedlagte jernbanetunnelar frå jernbanestasjonen til høvesvis Dokken (hamna på Møhlenpris) og Bontelabo (hamna mellom festningen og Skuteviken), kvar av dei har sin eigen sjel, og du mistar all kjensle av tid og rom, og det er kjempemerkeleg å vite at over deg sydar byen.

3. Gå på kunstgalleri. Kunstmuseet og Kunsthallen er latterleg overprisa, og du kan jo aldri vite om dei skiftande utstillingane er verdt å sjå (eg minnes enno med skrekk "Looking is political", den fyrste eg såg på Bergen Kunsthall), men det finst mange, særs gode galleri og kunsthandlarar som er heilt gratis, særskilt 3,14 som aldri er skuffande, eller visningsrommet på USF Verftet, for ikkje å snakke om galleri-butikken KNOT på Klosteret. Og ofte er det vernissage på fredagar, og då bør du utnyte høvet til gratis inngang og gratis sjampanje på Kunstmuseet eller i Kunsthallen. Lat som om du tek til fleire enn deg sjølv, so får du eit ekstra glas. Dei vante vernissage-gjengarane har uansett ikkje godt av meir alkohol.

4. Om sommaren: Bad på Verftet. Velsigna fritt for ekle saltvass-ting som skjell og tang, det nærmaste ein kjem kunstige svaberg, mange fine folk som solar seg, midt i byen mest, og ikkje minst - i tillegg til å bade irriterar du dei ekle, rike folka som bur i det tertefine borettslaget bak deg (slike som godt kunne klart seg utan kjøt, men and, det må dei ha).

5. Om vinteren: Ak ned frå Fløien. Dette er eit must når det faktisk kjem nok sno, for det er eit adrenalinkick av ei ana verd. Ein av dei få plassane dessutan som vert glatt nok til at søppelsekkaking vert bra, so om du ikkje har råd til akebrett gjeng det fint. Ver obs på at ein søppelsekk er vanskeleg å styre, og det er ganske dumt på veg ned frå Fløien sidan du risikerar å lande i skogen eller bli drept i det du treff ein fjellvegg eller metallrekkverket, men ærleg talt, kor ofte risikerar me livet i Noreg i dag.

6. Spel sjakk i bakgarden på psykologisk fakultet. Det er lett å klatre inn frå Nygårdsgaten, dei seiste vekene har nokon til og med satt opp ein stige. Det er sjølvsagt slik sjakk med mannshøge brikker eg snakkar om. Aller kjekkast dersom du har ein eingangsgrill, eller alle best tør å tenne eit bål, og har noko å grille. Det er stor fare for at Securitas kjem, men hugs at dei ikkje kan gjere ana enn å be deg om å gå - ikkje ei gong om å oppgje namnet ditt. So ver høflege mot dei og stikk før den ordentlege snuten kjem - de rekk nok å spele minst eit parti (kan hende ikkje dersom de fyrar bål, men dette har eg ikkje prøvd, berre hatt lyst til å gjere)

7. Drikk kaffi på HF sin studentpub, Ad Fontes, den kjem du til gjennom døra bak HF-bygget (rar stad med flott utsikt!), og kaffien er gratis! Gje gjerne tips.

8. Les aviser frå heile Noreg og verda i kjellaren på det offentlege biblioteket. Her er det ogso kaffi som er nesten gratis - tre kroner! Legg avisene på plass etter deg, er du snill. Dette er ogso det perfekte høvet for å lære språk - ta med deg ordbok og gramatikk og lær gjennom avisene. Kan hende kjem du ogso i kontakt med ein av våre nye landsmenn som ser at du lærar språket hennar, so får du munnleg praksis og ein ny ven i tilleg.

9. Et middag på Kvarteret. Prisane er ved fyrste augekast ikkje mindre enn på ein vanleg kafe med greie prisar, men porsjonane du får er enorme, og kokken er ekstremt oppteken av at ein skal ete skikkeleg komponerte måltid, so du er garantert ein frisk salat (heilt fri for mais og kinakål) med heimelaga dressing, masse brød og smør, i tilegg til ein gedigen tallerk lasagne, curry, suppe eller kva du no har bestilt. Dessutan kan du få gratis kaffidrikkar her, dersom dei som stend bak disken ikkje har brukt maskina før, og det er ganske ofte. Gode er dei sikkert ikkje, men det er no kaffi og det er no gratis!

10. Gå på krasjkurs i folkedans på Gimle, det fantastiske huset til Ungdomslaget Bull-Ervingen! Det kostar alt frå ingen ting til femti kroner, er kjempemorosamt, trim, og du kan godt gå eismall for når det er pardans er du jo garantert å treffe nye folk (dans er jo den perfekte isbrytar). Dessutan er du med på å vedlikehalde den norske kulturen. Eg skulle faktisk på gratiskurs i halling med ein frå Frikar (!) i dag, men søv lengje i staden.

Eg har laga Google-kart til dette innlegget! Teknologi er artig iblant!:


Vis Gratis (eller nesten) i Bergen i eit større kart

torsdag 3. februar 2011

Om kvifor det er litt stille her no

Fyrst og fremst fordi eg har det veldig travelt, faktisk beint fram kjipvaksen-tidsklemme-travelt.
Men ogso veldig fordi eg lurer veldig på kven eg er nett no.
Resignert er det fyrste adjektivet som slår meg. Det er ikkje so veldig fint.
Eg vil vere ein ananas.