lørdag 26. september 2009

Om å løsne

Ein dag løsnar ein berre.
Ein har venta so lengje på å løsne. Ein har freista so lengje å løsne. Ein trur ein har klart å lirke seg lausare og lausare, vore på god veg til å løsne, og so har ein opplevd at ein likevel var heilt innsausa.
Ein dag stend ein opp med feil bein, men (dette tenkjer ein ikkje over medan ein stend opp med det feile beinet, for då er det nettopp det ein helst tenkjer på) det er ikkje på grunn av den vanlege grunnen lenger. Ein ringjer nokon folk ein har utsett å ringje, det gjeng overraskande bra. Ein gjeng heimom ein tur, vaskar opp ein utruleg skitten men heldigvis ikkje so stor oppvask, gjeng for å sømje, er litt kikkar i garderoben, handlar masse på matbutikken, lagar god middag, les litt, får gjester, et mat og drikk vin, vert eismall att, ligg på senga og drikk meir vin.
Og kjenner at ein løsnar. Håpar verkeleg at no skjer det, no skal ein løsne. No skal ein få lov til å flyte fritt att. Versosnill.

tirsdag 15. september 2009

Om ein fiasko av særs nyttig karakter

Fiasko fiasko fiasko! Nok ei gong refererar eg til ei teaterførestilling eg sikkert er den einaste som har sett, ganske sikkert eigentleg av di denne bloggen er skrive på norsk medan teaterførestillinga so vidt eg veit aldri har vorte sett opp i Noreg, og uansett føregjeng på italiensk (eg snakkar om Turandot, i versjon av Teatro Potlach), men det gjer ingen ting. Ordet fiasko repetert tre gonger lagar uansett ei tøff lydeffekt. Og det var minst trippel fiasko for meg i helga.
Scenario: Dyrsku'n, Noregs største fesjå (sjå ordboka dersom de ikkje kjenner dette særs rurale omgrepet) som etter kvart har utvikla seg til eit enorm kaos med framleis mykje preg av landbruksutstilling, men godt krydra med omreisande tivoli og alle som har noko å selje, det vere seg kjøkkenreiskap eller det glade bodskap om Jesus. 75 000 vitjande i løpet av tre dagar, og årets høgdepunkt i Vest-Telemark.
Aktørar: Meg og min flammeblåsande kompanjong som har fengje lov til å opptre for hatten på nemnte arrangement. Ikkje berre fengje lov, faktisk vorte bedt om å gjere ei opptreden. Eg med min lille avantgardeteaterbakgrunn vil lage ei førestilling som baserar seg på både gamle mytiske idear, gibberish og aktiv deltaking frå publikum.

FIASKO 1: Denne teaterestetikken passa ikkje so veldig bra på Dyrsku'n. Å involvere publikum i eit gateteater er ikkje so lett, det burde eg ha visst sidan eg faktisk har skrive oppgåve om dette (gateteateret sin retorikk er å fange publikum, noko som er ekstremt vanskeleg, so då må det vere enno verre å få dei til å delta aktivt!). Me må improvisere og det vert slik halvbra. Ved litt dårleg mot, eg har kjensla av at det einaste som gav oss suksess, var min kompangjongs alltid populære flammer (uansett kor mykje, lite, bra eller dårleg innpakkinga av flammeblåsing er, vert det populært so lengje ein ser at det ikkje er fyrste gong flammeblåsaren bles) samt det faktum at eg var kvitmåla. Noko som leiar oss over til...

FIASKO 2: Eg fekk etter mykje leiting tak i vassfast, oljebasert, kremete kroppsmåling som eg påførte lekamen min før eg drog frå Førsdal til Seljord, mykje av den vart gnidd vekk i løpet av bilturen, og det avgnidde sat att på bilen sitt interiør. Dessutan sto eg veldig tidleg opp for å rekkje å måle meg, og dagen før hadde eg brukt ein varmtvasstank på å fjerne alt kroppshår. Vel heime klarar eg ikkje å fjerne denne målinga, og må få ekstern hjelp til oppdraget: Skrubbing med babyolje og grønsåpe. Eg finn ut at resten av dagane vil eg ha eit anna kostyme, det er forsåvidt heilt greit sidan opptrinnet vårt har vorte sopass endra. Eg lagar eit provisorisk og særs kult kostyme, som eg gler meg til å bruke. Men nei då...

FIASKO 3: Min kompangjong får omgangssjuke. Førestillinga vår var haltande, og eg har definitivt ingen ting eg kan setje opp åleine. Med andre ord: Ingen fleire opptredanar, noko som resulterte i lite pengar i hatten og ein tur som for min del gjekk med underskot.

Men aldri so gale, ikkje sant! Eg har lært masse om å bereikne sitt publikum og om kroppsmåling, eg fekk utvikla eit kult kostyme, arbeidet med den opphavelege førestillinga var veldig givande og ein heilt ny arbeidsmetode for min del, og eg fekk to dagar ekstra ferie, noko eg nok trengte.

Fine fiaskoane.

søndag 6. september 2009

Om hygiene

Hygiene er eit særs relativt omgrep.
Sett i forhald til dei fleste eg kjenner på min alder av mitt kjønn (jadå, eg veit eg byggjer opp under stereotypiar) har eg eit godt blikk for støv, og eg fjernar det til og med med jamne mellomrom.
Her har me ei nøkkelsetning: Med jamne mellomrom. Eg kjenner nemleg fleire som ogso har eit godt blikk for støv, og fjernar det når dei ser det. Eg fjernar det ikkje nødvendigvis når eg ser det, men held meg til å fjerne det med jamne mellomrom - det vil i praksis seie at eg avstøvar hybelen min annankvar veke, uavhengig av kor mykje støv det er der.

(eg kjenner andre igjen som har dårlegare blikk for støv enn meg, men likevel fjernar det straks dei har sett det - det vil vanlegvis seie annankvar månad når dei registrerar at vinduskarmen har vorten mjuk.)

Dette mønsteret gjenspeglar seg eigentleg på alle område som har noko med hygiene å gjere. Eg kan godt sjå at eit hygienisk løft trengs, men utsett det likevel til den avsette datoen for reingjering - det er jo ikkje so farleg so lengje eg gjer reint i blant, til og med med jamne mellomrom, tenkjer eg. Men det kan det vel kanskje vere.

Usjarmerande nok kan eg vere litt slik ogso når det gjeld personeleg hygiene, særskilt når det gjeld å skifte klede. Eg har rett nok vorte betre i det seiste, og på einskilde personhygieniske område ter eg meg heilt motsett - særskilt når det gjeld deodorantbruk og intimhygiene.

Familien min er kjempehygienisk, men ikkje so kjempehygienisk at heimane mine var sterile. Kvifor har eg fengje denne nærast rituelle tilnærminga til hygiene?

Psykoanalyse med påfølgjande svar utbedast.

onsdag 2. september 2009

Om ein sommar som sluttar.

Andre dagen i fyrste haustmånaden no, det var mørkt når eg la meg i går, skumt når eg sto opp i dag, det er kaldt og regn og eple og jordeple har flytta frå landet til byen. Ikkje misnt er eg relativt godt i gang med studering og idag er min seiste dag på sommarjobben - herostratiske Lone Camping.
Sommaren har vore veldig kort og veldig lang. Kort av di det har vore lita tid til sommarlege aktivitetar og lite sommarleg vær, og lang av dei same grunnane eigentleg, den har vore litt vel dominert av jobbing og emo-tendensar mellom jobbinga. Tru meg, ingenting er verre enn kjærleikssorg i strålande sol. So sjølv om eg gjerne skulle hatt meir solskin, is, bading og utepils helsar eg hausten særs velkommen. Eg likar regn, det er godt å bli varm og tjurr att, eg likar kvardagar, dei er poetiske. Dessutan stend nye utfordringar og nye menneske i kø med eit nytt semester.

Mykje av sommaren har gjenge føre seg på camping. Eg har vaska vekk unemnelege ting frå sanitæranlegga, krangla med turistar som ikkje trur på informasjonen dei spurde etter, leita etter ferjetidene til samtlege av Vestlandet sine ferjesamband, full av språkforvirring funne opp kreative ord som "biao" og "hefwa", solgt 20 000 dusjpålettar og sjekka ut 2000 campingturistar, inn 800, blitt ein jævel på aksentar, vore alt for kjekk for minst to tenåringars mentale helse, blitt gruleg lei av å sykle og å sove i telt og blitt rikare enn eg nokon gong har vore, men sjølv om det kan kjennas som om eg ikkje har gjort noko anna i sommar enn å meir eller mindre nyte campinglivet, har eg jo det.

I sommar har eg vore turist i eiga innflyttarfylke; rafting på Voss og jonsok under open himmel i Ulvik, eg har vorte so brun som eg aldri har vore før, rett nok etter at eg har blitt so solbrent at huden datt av, ete drastisk mykje mindre is og bada like drastisk mykje mindre enn normalt om sommaren, oppdaga cava, blitt nemnt i seks heilsideoppslag i avisene og ein del notisar som fylgje av min dramatikerdebut, noko som ogso gav meg ti intense dagar med teaterjobbing og sosialisering som definitivt var sommarens høgdepunkt, og dessuten førte meg på bygdefest for fyrste gong sidan vidaregåande, og hvilken bygdefest!, og eg har vore den tristaste i heile verda, men ogso slutta å vere det.