fredag 18. desember 2009

Om jolesongar

Sidan slutten av november har eteren blitt oversvømd med jolemelodiar, både i form av radiobølgjer og (ofte som fylgje av desse) lydbølgjer. Som nemnt i førre innlegg har eg ei meir eller mindre velsigna evne til å stenge ute det eg tykkjer er påtrengjande ved førjulstida, so eg har ikkje blitt lei av jolesongar, og gler meg til mamma finn ut at det er tid for å spele nokon av dei på CD.
Eigentleg burde eg ikkje like jolesongar i det heile. Anten er dei religiøse, eller so er dei søtsuppe, eller so er dei båe delar. Dei har i alle fall særs høg sviskefaktor, noko ogso meisterverk kan få (for ein del av desse songane er jo klassiske meisterverk, i kunstmusikktydinga av klassisk). Med andre ord burde eg, som likar å kalle meg kresen når det gjeld kulturinntrykk (visse unntak finnest, ingen nemnde, ingen gløymde), absolutt ikkje setje pris på jolesongar.
Kan hende var det med dette i bakhovudet at eg meldte meg på straumbrevlista Alternativ Julekalender (http://alternativjulekalender.blogspot.com/). Her får eg kvar dag eit nytt straumbrev med ein lenkje eg kan laste ned ei eller to jolesonger frå ein av Noreg sine unge håpefulle innanfor meir eller mindre alternativ populærmusikk. Ein skulle tru at dette inneheldt sviande oppgjer med heile jolesongsjangeren, men nei: Her har me sentimentalitet i bøtter og spann, berre med nordafjellsdialekt og vokale krumspring, som dei to songane som båe heiter "Hjem Te Jul" signert høvesvis The Beards og Kråkesølv, eller eit jazza arrangement av eit av dei nemnde klassiske sviskene ("Lytt til englesangens ord" med Mathias Eick m.fl.) - for ikkje å snakke om min yndling, som eg høyrer på so ofte at eg kjem til å kunne spele den på slurva når eg er lei av han: Rest of My Life sin versjon av "Sonjas sang til julestjernen"! Den mest kitschy av alle norske jolesvisker, litt ekstra sviska opp med indiesviskesjangertrekk, slik at den vert herleg sviskeskranglete. Nam nam. Side Brok er ein av dei få som utfordrar sjangeren litt, men alt i alt er jo både ribbe og jolesprit ting som høyrer med.
Jola er eit rituale, anten ein vil det eller ikkje. Menneske treng rituale, og rituale treng rituell musikk. Jolesongane appellerar truleg til eit eller anna kulturelt skjema, eller kan hende til og med til eit eige område i hjarnebarken, som får meg til å like dei kjempegodt. So lengje eg set pris på sjølve jola, vil eg nok alltid setje pris på jolesongar ogso.
So får eg heller svelgje kultursnobberiet mitt for nokre veker. Det er eigentleg ganske stas å vere både ganske alvorleg og ganske ironisk når eg gaular ut "julsetjerne, kom til meg".

søndag 13. desember 2009

Om advent, Lucia og joleferie

Joleferie, eg er loffar som meir eller mindre vanleg har vore dei seiste tre åra. Det er fint å røre litt på seg, dersom eg vert verande for lengje ein stad gløymer eg det fine ved staden og merker berre det kjipe, som det evinnelege regnet, alle folka eg ikkje likar å treffe på og dei rutinene som er av det keisame slaget. Byen min er jo magisk, men eg gløymer det lett når den er mitt alt.
Difor likar eg å reise vekk frå han i blant. Som det kafemennesket eg har bltit har eg vore på ein kjempefin kafe i Stavanger og leika viktig teaterprodusent, og drukke klissen kakao på ein nydeleg jarnbanekafe av typen dei ikkje lagar lenger i Kristiansand. Elles har eg vore kulturell turist og vandra i dei store forfattarane sine fotspor på Kongsgård og freista å finne liknande fotspor i Kristiansand, men eg har ikkje visst kor eg skulle leite etter korkje Henrik eller Jens. I kveld skal eg lage god middag til mine husvertar, før toget tek meg heimover i morgon tidleg.
Advent tyder ankomst, det tykkjer eg er fint, ein ankjem heim til jol, snoen ankjem, og ein må reise vekk frå byen sin for å kunne ankome dit att. Dessutan er advent lilla, det likar eg, det er ein fin farge med masse rar energi i seg. Det eg ikkje likar med advent er den sinnsjuke kommersen, men eg har etter kvart utvikla eit særskilt sidesyn som gjer at eg ikkje legg merke til det.
I dag er det tredje sundag i advent. I Inge Hagerup sitt dikt om adventsljosa er det i dag lengselsljoset tennast. Merkeleg samantreff, sidan eg alltid byrjar å lengte litt ekstra når eg reiser åleine. Men på ein veldig fin måte, ikkje den gruvsame lengtinga eg av og til har åleine i senga mi, men ein avmålt melankoli som eigentleg berre er fin.
I tillegg er det Luciadag i dag, altso er det ein dag for masse ljostenning. Det må til sidan Oskoreia er ute, og sidan det er ei relativt mørk, kald og stressande tid eg personleg likar veldig godt, men eg kan særs levande skjøne kvifor einskilde ikkje likar den. Eg trur det hjelp med ljos. Det hjelp ogso å syngje ein annan av adventssongane, Tenn lys, der ein syng om dei som må sloss for rettferd og fridom i dag. Dette er liksom dagen for sosialt samvit i førjulstida. No skulle eg gjerne sagt noko vitugt og fint om sosialt samvit, men eg får det ikkje til utan å kome meg utanom flosklane, og som den originale språkkunstnaren eg pretenderar å vere, kan eg ikkje tillate meg slike. Det er bra å vere snill og kjærleiksfull, kan eg berre seie (her kom det visst likevel ein floskel). Og det er kan hende her me ser noko fint med menneskenaturen, det einaste i han som kan halde Oskoreia på avstand i alt mørket. Tenn ljos.

onsdag 9. desember 2009

Om korleis noko skikkeleg mislukka vert skikkeleg vellukka

Eg bur i Bergen.
Alle som bur i Bergen, eller har fengje med seg nyhenda frå Bergen dei seiste tre vekene, veit kva som har engasjert bergensarane mest i denne tida:
Pepparkaker.
Elles i verda er det mogleg å engasjere seg i klimaproblemet. Kan hende særskilt aktuelt nett no, sidan dei høge herrane i verda samlast i København for å diskutere korleis dei skal freiste å gjere noko med det utan å måtte gjere so mykje sjølv.
Oss driftige miljøungdommar i Bergen såg sjølvsagt eit høve til å kombinere desse to engasjementa. Difor planla me å lage ein oljeplattform av pepparkaker me skulle knuse, for å syne at olje er slikt som høyrer fortida til, noko ein må take omsyn til når ein utarbeidar ein ny klimaavtale.
Diverre er me so skeive av oss at me overførte det til pepparkakedelane. Me smelta difor enorme mengder sukker for å lage knekk. Dersom de har litt knekkerfaring, veit de at knekk brenn se særs lett. Og at det byrjar å ryke to sekund etter at det har brent seg.
Me har kontor midt i verdsarven, nærare bestemd i verdas største mellomaldarbydel av tre. Den er godt ekvipert med røykvarslarar som varslar brannvesen. Dei gjekk. Heldigvis var det ein snarrådig heiltidsmiljøvernar som kasta seg nedover den smale trappa (ja, den som nokon spydde ned i fjor omtrent på denne tida) og fekk stoppa alarmen før den varsla brannvesenet. Me fekk kjeft, og i mellomtida stivna knekken for mykje til at den kunne nyttast til lim
Heldigvis hadde me ogso baka ein del dyr og hjarte av pepparkaker! Me strødde dei ut over eit brett, iblanda ein glad legion seigmenn, og helte knekken over. Voila! Oljekatastrofe. Av det som skulle ha vorte oljeplattformar lagde me vene aksjebrev i verda, og gjekk glade til Torgallmenningen. Me stilte oss foran pepparkakebyen (den ja...) og synte fram den harde, oljegrisete røynda til alle som skulle gå inn for å sjå på idyllen der inne. Dei som ville, fekk dessutan eit aksjebrev i verda, og vart avfotografert med det. Bileta skal sendast til dei høge herrane nede i Køben, slik at dei vert minna på at det ikkje er dei, men me alle som eig verda, og at eigarane krev ei berekraftig klimaavtale for jordkloten si.
Tabloidavisa lagde sak på det ogso.

Det er den mest vellukka mislukka aksjonen eg har vore med på!

lørdag 5. desember 2009

Om å overfallast på open gate midt på ljose dagen

Nei, eg har ikkje blitt rana, eller utsett for seksuelt overgrep eller andre valdlege saker. Det var ikkje noko menneske som overfalt meg, men ein heilt absurd angstkjensle.
Eg lurar på om det er det ein på fint kallar "eksistensiell angst" eller "weltschmerz", men eg er ikkje sikker. Eg har ikkje hatt nokre vektige grunnar til å lide av slikt i dag, utkvilt og edru som eg vakna og med eksamen overstått og lystig lag ventande. Til og med sola fekk eg sjå og kjenne. Likevel kom angsten snikande med skumringa.
Den lot seg fyrst merke ved Fløibanestasjonen på Skansemyren, der eg gjekk forbi ein godmodig familiekrangel der mannen i huset nekta på skikkeleg dritunge-vis å reise på IKEA. Eit lite augneblikk (trur det var før IKEA blei nemnd, men eg er ikkje sikker) fekk eg lyst på born og ektefelle og eit idyllisk familieliv, og kan hende dette var fyrste årsak til angsten: Ei merkeleg blanding av melankoli for ikkje å tilhøyre ein familie på same måten som tidlegare, kombinert med ei vill redsle for å bli gamlisungdom som byrjar å tilbringe laurdagane på IKEA. Det er ille nok at eg les dei greske klassikarane på fredagskveldane iblant, liksom.
Det hjalp å setje seg på Kaffekompaniet (sjølv om eg forsovidt haldt fram med gamlisungdom-tendensane mine der, te og jolekake og Morgenbladet), men det var eigentleg alt for fullt der, og eg kjende at folk ikkje var den beste tingen eg kunne bli utsett for nett då. Eg gjekk ut, og ute var det skumt. På Godt Brød var dei utselt for pizzabollar, og eg sprang ut like snøggt som eg hadde sprunge inn. Byen som hadde vore so fin tidlegare p ådagen var særs uvenleg no. Samvirkelaget i Strømgaten var dagens lågpunkt, trengsel kring klementinene og dama foran meg i køen som kjøpte store mengder øl på plastflaske fekk verkleg nervetrådane til å sprelle av redsle. Allereie på den stutte vegen heim var eg nøydd til å opne potetgullposen eg hadde kjøpt, og ete mykje meir av den enn det eg hadde tenkt, med halve mjølkekartongen eg kjøpte til. Feitt hjelp mot alt, særskilt i kombinasjon med Clap Your Hands Say Yeah og tøysete artikkelar i Klassekampen. Det kjennest mykje betre no, eg gledar meg til graut-og-gløgg-fest att, etter nokre timar der eg ikkje kunne tenkje meg å vere korkje sosial eller åleine i kveld.

tirsdag 1. desember 2009

Om eit år som har gått

Jaja, dette innlegget kom ikkje på bloggaren sin bursdag, men det får heller vere - det er eit teikn på at han hadde anna å gjere, og det hadde han. Han hadde det særs bra.
Eg føler litt for å kvantifisere året:

Eg har brukt ca. 35 000 kr på ting som kan etast. Det har vore mi nest største utgift. Eg kunne nok kome ned i ca. 9000 utan å svelte, men det hadde vore stusseleg. Eg et ganske godt. Likar mat. Likar for mykje å småspise, særskilt dersom eg er lei meg eller rastlaus.

Eg har ikkje vakse nokon centimeter, i motsetning til året eg var 19, då vaks eg 1 cm.

Året har mest heilt nøyaktig vore delt i to mellom kjærast- og singeltilværet.

Eg har vore i fire land, det eine berre på gjennomreise.

Eg har for fyrste gong tent pengar på kunsten, meir nøyaktig 21 000 kr før skatt. Nei, nå laug eg: Førre året tente eg jo 800 kr skattefritt. Men dette er fyrste gong eg har skatta kunstinntektene, altso. Ogso fyrste gong eg har fått betalt via avtale. Det er faktisk fyrste året eg har skatta uansett. Om lag 18 000 kr. Eg reknar med å få ein del att neste år. Eg likar å medverke økonomisk til fellesskapet, men eg tykkjer det er litt teit at eg skal betale skatt med sopass lita inntekt likevel.

Eg har ete to store graskar. Det er den største mengda graskar eg nokon gong har ete

Eg har tekje meir tog enn nokon gong før. Eg orkar ikkje telle. Minst 30 gonger.


Dette blei litt stussleg. Kanskje eg utvidar innlegget seinare.

torsdag 26. november 2009

Om ein blogg som i dag er eitt år

I dag har herverande blogg fødselsdag, to dagar før forfattaren har det (som alle gode forfattarar i desse postmoderne tider er han levande sjølv om han er død). Det er den tredje bloggen forfattaren medverkar i (noko som ogso visstnok er irrelevant i desse postmoderne tider, men no tykkjer eg eg har gnålt nok om postmodernisme, eg baler nok med det i mitt akademiske liv. Ei gong til skal omgrepet nemnast i herverande innlegg, so får det vere nok). Eigentleg hadde forfattaren tenkt å gjere opp status for året som gjekk, men i og med desse postmoderne tidene (som kan hende er over?), samt at det kan hende høver betre for eit innlegg på forfattaren sin fødselsdag enn bloggen sin fødselsdag (dei er jo so nær kvarandre i tid), skriv han heller blogginnlegg om blogging. Lets go meta!
Denne bloggen har no vara eitt år, dette innlegget er nr. 40 totalt og nr. 33 i år (sjølv om google meiner det er nr. 43 totalt, men då kan ikkje den nettstaden telje. Stol ikkje på Google!). Det er heilt tilfeldig at desse tala fell saman med åremålsdagen, men likevel er det særs interessant: 40 er eitt av dei magiske tala (saman med 3, 7, 9, 12, 144, 333, 666, 999 0g til ein viss grad 6) i vestleg tradisjon, særskilt skjer det mykje action i Bibelen i samband med eit eller anna som har med førti å gjere (dei førti åra i øydemarka osb.). 33 er ogso eit bibelsk tal, so gamal var Jesus då han døydde. I tillegg er de jo to tretal, tretalet er Gud sitt tal, altso er det eit kraftfullt magisk teikn. 33 gjeng diverre ikkje på nokon som helst måte opp i 666 (unnateke at båe to kan delast på 3) men ein kan jo innbille seg det sidan dei på ein måte er visuelt like.
Kva tyder dette merkelege samantreffet? Korleis skal ein tolke herverande vevlogg ut i frå dette? Skal vevloggar i det heile tekje viast seriøs interesse som litteratur og ein del av det offentlege rom?
Dette er ikkje ein politisk blogg/vevlogg. Den handlar om meg sjølv og mitt liv, men på ein litt annan måte enn det eg har inntrykk av at dei felste slike bloggar gjer. Eg trur eg har fortald kva eg har ete til middag i blant, men eg vil påstå (skrytande) at denne bloggen her fyrst og fremst er formmedviten litteratur, ikkje ei dagbok. Det er fyrst og fremst eit eksperiment for min eigen del, der eg øvar meg på å opphøge/nedpåjordatrekke og generalisere banalitetar og eksistensielle kriser eg opplevar i eit språk som gjer det lesverdig for folk som ikkje kjenner meg.
69 % av bloggosfæra er søppel, 29 % er fine dagbøker det er kjekt å lese for vener og kjente av bloggaren, medan 2 % er god litteratur eller viktige bidrag til offentleg ordskifte. Eg håpar eg lukkast i å lage ein blogg som fell inn under seistnemnde kategori. Den fyrste bloggen min var søppel, den andre var laga for å informere folket om ei politisk rørsle, problemet var berre at ingen visste at bloggen fantest. Då mistar slike bloggar poenget sitt.
Eg har hatt kvaler i blant av di eg trur at særs få, om nokon i det heile, les denne bloggen, men etter kvart har eg nesten slutta å bry meg. Som sagt er den fyrst og fremst skrivetrenining og eksperimentering for min eigen del. Eg vert sjølvsagt glad når eg får lesarar, bevares, eg er jo ekshibisjonist av natur, men det gjer ikkje so mykje om det ikkje vert so mange. Eg veit om 4 som les/har lese den, det er eit flott tal (men eg gjentek at eg er PR-kåt nok til å ville ha fleir samstundes!).
I tillegg har bloggen fungert terapeutisk og prokastinerande. Slik som no, her sit eg og skriv blogg i staden for å gjere korrektur på semesteroppgåva mi (og lage endeleg problemstilling...gahg!). Det må eg slutte med.

mandag 23. november 2009

Om å vere so glad og so trist samstundes, av same grunn...

Ting startar, ting varar, og ting tek slutt.
Det ligg mykje foran meg, men det verkar som om det ligg enno meir bak meg, truleg fordi det er noko eg faktisk veit kva er, og difor verkar det meir verkeleg.
Eg er ein av dei som ser seg mykje bakover, utan at det tyder at eg lev i fortida trur eg. Men sjølvsagt set ei slik...livshaldning? sitt preg på sanntida.
Minne er viktig. Å definere seg sjølv og sin situasjon no ut i frå det som har vore, meir enn kva ein vil vere. Kan hende ein måte å ikkje planleggje for mykje på, men kan hende ein måte å ikkje våge å tru på sine eigne draumar ogso.
Eg har vore so lukkeleg. Eg har elska so mykje. Eg veit ikkje om det kjem fleire stunder der eg er heilt lukkeleg eller fleire store kjærleikar. Men eg håpar jo det.
Eg har ogso vore livstrøytt. Lengje. Og eg har vore knust, ikkje fullt so lengje. Eg håpar ikkje slike stunder kjem att. Men ein ser jo fara for det.
Livet er so rart. Ein blir so lett sint på dei ein aldri ville verta sint på, og ein tykkjer stunder ein har gledd seg til er skuffande.
Eg er so trist fordi noko som ein gong gjorde meg glad no er kirurgisk fjerna frå meg. Eg er so glad sidan det tyder ein ny start.
Eg er so trist sidan eg ikkje har nokon garanti for at noko skal bli fint etter dette. Eg er so glad sidan pulsen min har all grunn til å gå litt rolegare no.
Eg veit kva som har skjedd. Eg lurar so på kva som vil skje no. Eg gler meg. Eg er redd. Eg saknar det som var. Eg er glad ting er over.
Det går aldri som Ludolf hadde tenkt seg, men det kan egentlig være det samme...

lørdag 14. november 2009

Om fem personar eg gjerne skulla ha lukta i nakken

Dersom eg minnes rett, er dette fyrste venda eg legg ut ei "prefabrikert liste" her på bloggen. Eg fann denne i går, på ein blogg eg ogso fann i går, og det er det snålaste (i Telemark og visse tilstøtande område tyder "snål" "søt", ikkje "rar") eg har sett på lengje. Eg blei nesten litt forelska i bloggaren sidan ho hadde slik ein blogg. Den har fengje vevadressa http://hjartesmil.blogg.no/, dersom nokon vil sjå med sjavsyn kva vidunder dette er (og det vil de vel).

Attende til lista. Eller, berre delvis, eg vil gjarne reflektere litt over kvifor ein absolutt skal ville lukte folk i nakken. Eg trur det er av di nakken er ganske intim, det er ei erogen sone og tett opp til hovudet, samstundes er den ikkje so privat som andletet. Auge i nakken har folk flest ikkje, difor kan ein snike seg bakpå dei og lukte dei i denne augelause kroppsdelen før den delen av dei som har auge får eit sukk for seg. Viktigast av alt trur eg at nakkar - helst halsgroper, men ogso nakker - luktar særs godt: Eg gjeng ut i frå at mykje kåtifiserande, naturleg godlukt strøymer ut frå ein eller annan kjertel i nærleiken.

Her kjem dei fem lenge påventa personane:

1. Galadriel. Fordi ho er det venaste som finnest, og av di det ikkje sømer seg i det heile å lukte ho i nakken. Lukta hennar ligg utanfor mine førestillingsevner. Og jo, ho finnest. Eg har sjølv sett ho, so då må det vere sant.
2. Han trøndaren eg har hatt kunsthistorie-førelesingar med. Fordi han har halvlangt, blondt hår eg hadde likt å kjenne samstundes som eg lukta, og dessutan tykkjer eg han er veldig mannemannete og dyrisk på ein veldig bra måte. Eg trur han luktar ganske kraftig, kroppsarbeid i skogen og rockekonsert, eg kjem nok til å bli overvelda.
3. Han fine vakta på Kvarteret. Fordi han eigentleg er det stikk motsette av trøndaren, forfina og med ein feminin sjarme. Eg trur han luktar krydra og elegant, som ein raudvin for viderekomne, ogso er eg sikker på at det er eit element der som kjem til å overraske meg stort.
4. Den minste av baristaane på kafeen der eg har personalrabatt. Fordi ho er prototypen på ein viss slag venleik, håret hennar er so langt og fint at eg både hdde forsvunne i det og det ville bidratt mykje til lukta, og av di det hadde vore festleg å lene seg so langt ned for å lukte i ein nakke. Eg trur ho luktar vanilje, mjølk og alle slike rare, kvinnelege lukter.
5. Skodespelaren som spelar hovudrolla i "Mannen som elsket Yngve", og som eg aldri minnes namnet på. Fordi han får meg til å få lyst til å ta han i armane og svinge han rundt og rundt når han smiler, dessutan har han halvlangt raudt hår som eit ekstra sansepluss. Eg trur han lukter slike koslege, urnorske ting, graut med kanel, skillingsbollar og appelsin på påskefjellet.

Om inspirasjon

Eg er midt oppe i eksamen, nærare bestemt heimeeksamen. Eg er nesten ferdig no, til trass for at eg mest aldri har kjent meg inspirert til å skrive denne veka.
Kva er eigentleg inspirasjon? Eg kjenner meg oftast inspirert om kvelden, ofte er det ein inspirasjon utan retning, berre ei trong til å handle, skrive, utføre eit eller anna. Andre gonger får eg slåande idear og må realisere dei, det er oftast ein anna slag inspirasjon, som sjeldant fører til at noko vert gjort ferdig, men at noko nytt vert påbyrja. Til slutt er det den inspirasjonen eg får når eg har satt i gang med noko eg eigentleg ikkje hadde inspirasjon til i det heile, og etter kvart som eg kjem inn i materien dukkar inspirasjonen opp.
Eg har ikkje komme nærare nokon definisjon, eller kan hende har eg det. Inspirasjon er relativt synonymt med lyst. Det er ein trong til å gjere noko, ei gledje ved å gjere det du gjer. Det viktigaste kjenneteiknet ved å jobbe inspirert for min del er at utfordrande ting sjåast på som spennande ting å løyse, ikkje som eit ork. I tillegg gløymer eg tida når eg er inspirert, eller eg er særs merksam på at den gjeng for fort, ikkje for sakte. Samstundes er ikkje inspirasjon berre å ha lyst til noko - eg har ofte lyst til å skrive utan å vere det minste inspirert. Det må vere eit overskot, ein energi i meg, noko som gjer at eg kan gyve på.
Kva skapar denne energien? Mykje: Ting eg ser rundt meg, folk eg snakkar med, ting eg les. Det er mest umogleg å oppsøkje inspirasjonen, det kjem mykje an på sinnsstemninga eg er i trur eg. Det som verkar best er å slentre rundt i byen.
Sidan inspirasjonen vanskeleg let seg framkalle er den ubrukeleg som naudsynt arbeidsverkty, eg er nøydd til å jobbe ogso utan inspirasjon. Eg har funne ut at den oftast kjem etter kvart dersom eg driv med noko eg har stor grad av fridom i, og dersom eg ikkje har mange ting som forstyrrar meg i omverda eller mentalt. Ofte heng desse to tinga saman.
Eksamensoppgåvene me har fengje er ikkje so veldig interessante, det vil seie, dei er jo det, men særs, særs lite tøylege. Det gjer meg misnøgd. I tillegg har eg, sjeldant nok, laga ein stram disposisjon av di eg berre har ei veke på meg. Slik planlegging har eg sjeldan gjort korkje i akademisk eller skjønnlitterær skriving, eller i brev forsovidt, og det hemmar inspirasjonen og skrivegleda enno meir - det vert ikkje so lett å vere inspirert når ein meir eller mindre veit kva ein skal skrive i overimorgon. I blant har den kome, dog. Ofte som ein inspirasjon til å vere flåsete. Då skriv eg at Guernica av Mister Pablo ikkje argumenterar deskriptivt av di ingen enno har funne opp ei bombe som får menneske til å sjå ut som Picasso-figurar, lagar nokre kreative nynorsknyord, før eg finn ut at no bør eg halde meg til sjanger og kommunikasjonssituasjon her og det er nok best å gå heim for å sjå på gamle Disney-filmar i staden, so får inspirasjonen ha det so godt, sidan den berre dukkar opp for å mobbe akademia.

fredag 6. november 2009

Om minna ein får av å sjå gamle tekstar

Dersom eg har skrive noko særs personeleg, er det naturleg at ein masse minne flommar opp i meg når eg ser teksten att. Mei uventa var det at ei semesteroppgåve som har ligge i dvale (det vil seie vore innsendt til rettleiing) hadde same verknad på meg når eg gjennomgjek den med rettleiar.
Oi, tenkte eg. Denne oppgåva vart unnfanga når eg kjeda meg på jobb i sommar og kom over YouTube-videoen eg i hovudsak skriv om, den fekk sin ganske gode tidlege start som eit fylgje av min semesterstartentusiasme, der eg påtok meg tidleg presentasjon av semesteroppgåve og difor skreiv ein god del ganske tidleg, medan sluttføringa av utkastet er derimot eit minne om stress der eg ikkej ville anna enn å bli ferdig med utkast, pensumlesing og alt slikt og ta fri. Sterkast var det kan hende å kome på den dagen eg sat, på nervepasientstadiet av utanforhet, i vindauget på ein kafe eg mest ikkje hadde vore på før og las tilleggpensum til oppgåva, og på denne særs ukomfortable, psykologisk dramatiske dagen blei mange av dei sentrale ideane til oppgåva tenkt fram.
Vegleiinga gjekk strålande. Kan hende syner det at både keisemd, ambisjonar, seiste liten-stress og mental ustabilitet hjelp på kreativiteten. I alle fall dersom ingen av dei får rå grunnen åleine.

torsdag 29. oktober 2009

Om filmfestival, særskilt ein særskilt som kallast BIFF

Filmfestival er fint. Det er ei fantastisk kjensle å vite at nett no gjeng det filmar frå alle verdas land, smale og store, stygge og skjønne, sære og sedate, på kinosalane i byen, rettare sagt i kinosalane i to av dei flottaste kulturhusa i Noreg, det futuristiske vidunder Magnus Barfot Kino og smeltedigelen Kulturhuset USF Verftet (som har eit cinematek der dei smalaste filmane synast. Sjølv om det er filmfestival med plass til alt må ein ikkje ta alt for hardt i må vite, det heilt sære bør få ein ørliten sal langt vekk frå bykjerna). Det er enno finare å gå på nokre av desse filmane, gjerne vil ein sjå ALLE (med nokre få unntak), men det kan ein jo ikkje, ein har ikkje tid, ikkje pengar og dessutan er det ein risiko for at inntrykka vil slå kvarandre i hel.
Den store St. Georg på Høyden var sterkt i mot festspillene, av di han meinte folk burde vere kulturbrukerar heile året, og ikkje ufarleggjere det ved å putte det i ein festival. Eg er til ein viss grad samd, men eg er likevel aller mest positiv til festivalkonseptet. Musikkfestivalar vert ei boble der ein gjer seg hen til musikk og samvær, og t.d. filmfestivalar gjer den interessante effekta at ein i mykje høgare grad enn elles kan lage særs spennande inntrykkssalatar.
Årets fyrste BIFF for min del var den norske kortfilmkonkurransen, ein minifestival i seg sjølve, alle bitane i salaten var film særs medviten sitt medium, det spente frå rein høgmodernisme som handla om film (eine halvdelen var so dårleg at eg blei provosert, den andre vittig og intelligent – bra!) til traurig psykologisk realisme – det vil seie, det var ein film med saft i, men eg er forferdeleg lei av denne særs norske måten å forklare alt på med vond fortid. Dessutan tykkjer eg den var særs subversiv i si skildring av gamle hags. Midt i mellom var det ein nydeleg animasjon i svart/kvitt basert på samisk folketru – bra å seie noko vakkert om døden –, ein latterleg dårleg dokumentar om ortodokse graferder (dvel ved din eigen kulturs dødsritual, då maktar du å snakke om døden og ikkje kor rare dei er i Russland), ein herleg Rødhette-versjon med glossy animasjon om kulturkollisjonar og ein vakker, skummel film om to jenter i eit tomt hus der dei møter ein masse spøkelse. Utan at nokon synleg vert redde. Kunstfilmskrekkfilm.
Neste dag står palestinsk film på lerretet, og her er det ikkje snauare enn at me får servert heile konflikta mellom knoll og tott i midtausten frå 1948 til i dag, gjennom auga til ein familie som både oppstend og døyr vekk i løpet av konflikta. Ein særs morosam film, av det beiksvarte slaget. Humoren blei i stor grad skapa av oppattakingar og groteskeri, noko som passa godt til filmen sitt tema: Det ser ikkje ut som om noko nokon gong vert betre her nede. Ingen skarp, farleg opposisjonslatter, men ein desperat latter, den florentinske latteren me treng for å uthalde grusomheten,
Då var det meir håp på måndag av alle dagar, ein dokumentarfilm like hårreisande som gårsdagens spelefilm, om oljesandutvinning i Canada. Det har drøye følgjer, og styresmaktene nektar for dei alle. Heldigvis er dei lokale klare til å sloss. Problemet med slike dokumentarar – veldig enkelt laga, skal truleg gje inntrykk av å syne «røynda» - er nettopp det, eg likar eigentleg betre dokumentarar som er litt meir arty, meir tydeleg filmkunst. Då vert dei for min del meir engasjerande og paradoksalt nok ogso meir retorisk redelege, sidan dei syner at dei er kunst.
Avslutningsvis ein riktig festivalmaraton, eller kan hende ikkje, sidan eg berre såg to filmar på ein dag. Desse var til gjengjeld særs intense båe to og rett etterkvarandre, so eg måtte spurte frå visningsstad til visningsstad. «Dei døde fiskane», årets svartkvittfilm for min del, filmatisering av ein roman av ein av mine yndlingsforfatterar, Boris Vian, kjend for politiske protestsongar som er enkle og greie og surrealistiske romanar som slett ikkje er det. Filmen var basera på ein av dei seistnemnde, eit univers med sin eigne underlege logikk som ein neppe bør freiste å forstå, men berre la seg sugere inn i, og den gav ei særs uggen kjensle. Særskilt den laaange scena der rotter vart spylte i hel var mindre hyggeleg.
Frå surrealistisk grøss til magisk-realistisk hygge, eller kan hende storslått drama er rettare, Torratore (han som lagde Cinema Paradiso) sitt krafttak av ei siciliansk krønike. Det var verkeleg ein film for stort lerret og surround, festivalen sin tour de force. So mange inntrykk, motiv, historiar og tema i ein film! Ei oppleving av dei grandiose, og i motsetnad til sin meir roleg-groteske forgjengar, etterlot han deg med ei ganske god kjensle om at livet er ganske so bra når alt kjem til alt.

tirsdag 27. oktober 2009

Om mammabesøk

Mamma har vore på besøk, det har vore særs kjekt, og det er veldig kjekt at ho er reist att. Me fauk ikkje i tottane på kvarandre, men eg erkjennar når me er saman at det ikkje hadde vore so kjekt å vere saman dersom me hadde vore det ofte (for ikkje å snakke om støtt..grøss!). Det er eit godt teikn, trur eg, ein byrjar å bli vaksen, både når ein set pris på å vere langt langt vekk frå mor, og når ein ikkje lenger er so trassen at ein tykkjer det er grusomt å "måtte" bruke ei helg på mamma.
Eg har fengje påspandert neongul genser, kinobillettar og ikkje minst store mengdar restaurantmat, snakka mykje om tullball og alvorlege saker og rett og slett hatt det veldig veldig bra. Som alltid får samvær med mamma meg til å skjønne kor fri eg er, både av di - mest openbart - at eg ikkje bur heime lenger og kan gjere som eg vil, og av di - dette heng saman med det eg har skrive dei seiste gongene om småting - eg på mange måtar er utruleg priviligert, både i kraft av mitt sinn, kropp og situasjonen eg er i.
Livet er godt, og eg har vore heldig med det meste, og no tykkjer eg at eg vert skikkeleg moraliserande her, men kva gjer vel det so lengje eg syng ei oppfordring til alle om trass alt å freiste å gjere som dei vil so godt det let seg gjere?
Ein kan aldri vere for mykje glad.

søndag 18. oktober 2009

Om å leve eit vilt og eventyrlig liv

Mummipappa fann ut at det å leve eit vilt og eventyrleg liv eigentleg var ganske keisamt, den gongen han stakk vekk med hatifnattane.
Eg lurar på kva som er eit vilt og eventyrleg liv. Det finnest gode og dårlege eventyr, eg har i høg grad opplevd båe slaga denne helga. Det har vore slitsamt, i alle fall dei dårlege eventyra. Vilt har det ogso vore. Ergo er det slitsamt med eit vilt og eventyrleg liv.
Ein vil liksom ha det likevel, då. Meditasjon over te og stearinljos er ikkje alt. Helst vil ein skape eventyra sjølv, i sentrum av ein vill kreativ klikk, men so manglar ein av og til både klikken og iniativet til å gjere noko eventyrleg, tykjest det meg.
Satan er forsovidt flink til å gjere det vilt og eventyrleg rundt seg, skal me tru romanen "Mesteren og Margarita". Med mi romantiske tru på litteraturen vil eg jo det.
Sjølv om eg kanskje ikkje vil tru det, trur eg det er lettare å klare å leve eit trivielt og poetisk liv. Eventyr kjem når dei kjem, og det er ingen ting me kan gjere med det.

torsdag 15. oktober 2009

Om at verda er sett saman av småting

For det er ho nemleg, faktisk mest ufatteleg små ting dersom me skal tru fysikarane, men det er ikkje atom eller endå mindre partiklar eg tenkjer å skrive om denne gongen. Eg tenkjer heller på dei velkjende småtinga i kvardagen, på korleis eg har det slik at eg kan surmule over at eg aldri gidd å kaste tomme yoghurtbeger i søpla, men heldigvis kan samstundes bli særs tilfreds over å få ein god sitjeplass i auditoriet. Eg er meir uviss på om evna mi til å verta overlukkeleg over ein nypebusk ein klar haustkveld oppvegar den kjensla eg har no, ei forferdeleg uggen angstkjensle skapt av ein halv setning. Eg er med andre ord flink til å ta småting inn over meg, samstundes som eg ogso av og til er heilt i min eigen verden og korkje ser dei store eller dei små tinga, kan hende er det nettopp ein liten ting som skuggar for ein stor, eller ein stor ting som skuggar for alle dei små - som trass alt i sum oftast vert større enn det store.
Eg tok innover meg (håpar eg) ein bit livsvisdom frå min kjære barndomsheimstad si lokalavis, der ei gamal dame på mangeognitti meinte ho hadde blitt so gamal av ikkje å klage. No seier eg ikkje at ein skal godtake alt, men dette med livshaldning...sjå alle dei fine småtinga ofte og ikkje tenkje på alle dei ubehagelege småtinga so mykje var noko eg var heftig flink til før og kan hende bør øve meg på att?

søndag 11. oktober 2009

Om å sitje på kafe om kvelden og nesten vere heilt åleine

To kveldar denne veka har eg sutte på kafe og nesten vore heilt åleine. Det vil seie, fredag var eg med selskap på kafe, men det var berre oss og baristaen etterkvart, og før det var det ingen andre enn ein som stille drakk sin kaffi og las i ei bok. No er eg på den same kafeen, same barista, og utanom oss er det berre to veninner der ho eine tydelegvis ikkje har det so greitt og samtalar om dette sitt traurige liv med ho andre. Ute er det haust, på fredag var det fredag og fredagssyslar, no er det sundag og folk ladar etter beste evne opp til kvardag vil eg tru, det er slett ikkje kafetid, og då er det veldig kjekt å vere på kafe, det er som å vere heime, berre med nokon folk du laust kjenner og andre folk du slett ikkje kjenner rundt deg, og kaffien er mykje betre enn den du lagar sjølv (dette gjeld rett nok ikkje alle kafear, men i alle fall den eg har rabatt på). Slike kveldar er eg ukvantifiserbart takknemleg for at eg bur i by.

torsdag 8. oktober 2009

Om basillar og deires følgjer

Forkjøling er som kjend ein smittsam sjukdom, og av ein eller annan grunn brukar eg å tru at eg aldri får smittsame sjukdomar - og tek difor ingen førehaldsregelar når slikt er ute på tur - men den gong ei. Etter å ha pleid omgang med fleire sjuklingar, og sikkert treft enno fleire på gate og over disk, gjekk eg fjelltur i regnet med joggesko og blei sjuk same kveld.
Det har aldri vore særskilt kjekt å vere sjuk, men det er enno mindre kjekt når ein ikkje lenger bur slik at ein forelder eller annan omsorgsperson pakkar deg inn i pledd og kjem med varm drikke. No må eg gjere dei tinga sjølv. Nok ein kjip ting ved å vere vaksen, kvar vart gledja ved å vere berre litt sjuk av, liksom. Ikkje kan det brukast som orsaking til å ta fri heller, det har eg jo ikkje tid til, må lese, berre må lese!
Det einaste morosame ved sesongens sjukdom er snørret. Eg har aldri hatt so rennande nase før. Eg fekk vite her om dagen at rennande nase under sjukdom skuldast at ltmfeknutene pumpar skitten lymfe ut i nasen, med andre ord har eg eit særs aktivt immunforsvar. Sidan det har so høg aktivitet, gjeng eg ut frå at basillane som herjar i meg er av den aggressive slagen, kan hende til og med dødelege for folk med mindre jarnhelse enn meg, og eg vurderar difor å tappe snørret på flaske og selje det som kjemisk våpen til terroristgrupper. Dersom nokon vil vere partnar, ta kontakt!

lørdag 26. september 2009

Om å løsne

Ein dag løsnar ein berre.
Ein har venta so lengje på å løsne. Ein har freista so lengje å løsne. Ein trur ein har klart å lirke seg lausare og lausare, vore på god veg til å løsne, og so har ein opplevd at ein likevel var heilt innsausa.
Ein dag stend ein opp med feil bein, men (dette tenkjer ein ikkje over medan ein stend opp med det feile beinet, for då er det nettopp det ein helst tenkjer på) det er ikkje på grunn av den vanlege grunnen lenger. Ein ringjer nokon folk ein har utsett å ringje, det gjeng overraskande bra. Ein gjeng heimom ein tur, vaskar opp ein utruleg skitten men heldigvis ikkje so stor oppvask, gjeng for å sømje, er litt kikkar i garderoben, handlar masse på matbutikken, lagar god middag, les litt, får gjester, et mat og drikk vin, vert eismall att, ligg på senga og drikk meir vin.
Og kjenner at ein løsnar. Håpar verkeleg at no skjer det, no skal ein løsne. No skal ein få lov til å flyte fritt att. Versosnill.

tirsdag 15. september 2009

Om ein fiasko av særs nyttig karakter

Fiasko fiasko fiasko! Nok ei gong refererar eg til ei teaterførestilling eg sikkert er den einaste som har sett, ganske sikkert eigentleg av di denne bloggen er skrive på norsk medan teaterførestillinga so vidt eg veit aldri har vorte sett opp i Noreg, og uansett føregjeng på italiensk (eg snakkar om Turandot, i versjon av Teatro Potlach), men det gjer ingen ting. Ordet fiasko repetert tre gonger lagar uansett ei tøff lydeffekt. Og det var minst trippel fiasko for meg i helga.
Scenario: Dyrsku'n, Noregs største fesjå (sjå ordboka dersom de ikkje kjenner dette særs rurale omgrepet) som etter kvart har utvikla seg til eit enorm kaos med framleis mykje preg av landbruksutstilling, men godt krydra med omreisande tivoli og alle som har noko å selje, det vere seg kjøkkenreiskap eller det glade bodskap om Jesus. 75 000 vitjande i løpet av tre dagar, og årets høgdepunkt i Vest-Telemark.
Aktørar: Meg og min flammeblåsande kompanjong som har fengje lov til å opptre for hatten på nemnte arrangement. Ikkje berre fengje lov, faktisk vorte bedt om å gjere ei opptreden. Eg med min lille avantgardeteaterbakgrunn vil lage ei førestilling som baserar seg på både gamle mytiske idear, gibberish og aktiv deltaking frå publikum.

FIASKO 1: Denne teaterestetikken passa ikkje so veldig bra på Dyrsku'n. Å involvere publikum i eit gateteater er ikkje so lett, det burde eg ha visst sidan eg faktisk har skrive oppgåve om dette (gateteateret sin retorikk er å fange publikum, noko som er ekstremt vanskeleg, so då må det vere enno verre å få dei til å delta aktivt!). Me må improvisere og det vert slik halvbra. Ved litt dårleg mot, eg har kjensla av at det einaste som gav oss suksess, var min kompangjongs alltid populære flammer (uansett kor mykje, lite, bra eller dårleg innpakkinga av flammeblåsing er, vert det populært so lengje ein ser at det ikkje er fyrste gong flammeblåsaren bles) samt det faktum at eg var kvitmåla. Noko som leiar oss over til...

FIASKO 2: Eg fekk etter mykje leiting tak i vassfast, oljebasert, kremete kroppsmåling som eg påførte lekamen min før eg drog frå Førsdal til Seljord, mykje av den vart gnidd vekk i løpet av bilturen, og det avgnidde sat att på bilen sitt interiør. Dessutan sto eg veldig tidleg opp for å rekkje å måle meg, og dagen før hadde eg brukt ein varmtvasstank på å fjerne alt kroppshår. Vel heime klarar eg ikkje å fjerne denne målinga, og må få ekstern hjelp til oppdraget: Skrubbing med babyolje og grønsåpe. Eg finn ut at resten av dagane vil eg ha eit anna kostyme, det er forsåvidt heilt greit sidan opptrinnet vårt har vorte sopass endra. Eg lagar eit provisorisk og særs kult kostyme, som eg gler meg til å bruke. Men nei då...

FIASKO 3: Min kompangjong får omgangssjuke. Førestillinga vår var haltande, og eg har definitivt ingen ting eg kan setje opp åleine. Med andre ord: Ingen fleire opptredanar, noko som resulterte i lite pengar i hatten og ein tur som for min del gjekk med underskot.

Men aldri so gale, ikkje sant! Eg har lært masse om å bereikne sitt publikum og om kroppsmåling, eg fekk utvikla eit kult kostyme, arbeidet med den opphavelege førestillinga var veldig givande og ein heilt ny arbeidsmetode for min del, og eg fekk to dagar ekstra ferie, noko eg nok trengte.

Fine fiaskoane.

søndag 6. september 2009

Om hygiene

Hygiene er eit særs relativt omgrep.
Sett i forhald til dei fleste eg kjenner på min alder av mitt kjønn (jadå, eg veit eg byggjer opp under stereotypiar) har eg eit godt blikk for støv, og eg fjernar det til og med med jamne mellomrom.
Her har me ei nøkkelsetning: Med jamne mellomrom. Eg kjenner nemleg fleire som ogso har eit godt blikk for støv, og fjernar det når dei ser det. Eg fjernar det ikkje nødvendigvis når eg ser det, men held meg til å fjerne det med jamne mellomrom - det vil i praksis seie at eg avstøvar hybelen min annankvar veke, uavhengig av kor mykje støv det er der.

(eg kjenner andre igjen som har dårlegare blikk for støv enn meg, men likevel fjernar det straks dei har sett det - det vil vanlegvis seie annankvar månad når dei registrerar at vinduskarmen har vorten mjuk.)

Dette mønsteret gjenspeglar seg eigentleg på alle område som har noko med hygiene å gjere. Eg kan godt sjå at eit hygienisk løft trengs, men utsett det likevel til den avsette datoen for reingjering - det er jo ikkje so farleg so lengje eg gjer reint i blant, til og med med jamne mellomrom, tenkjer eg. Men det kan det vel kanskje vere.

Usjarmerande nok kan eg vere litt slik ogso når det gjeld personeleg hygiene, særskilt når det gjeld å skifte klede. Eg har rett nok vorte betre i det seiste, og på einskilde personhygieniske område ter eg meg heilt motsett - særskilt når det gjeld deodorantbruk og intimhygiene.

Familien min er kjempehygienisk, men ikkje so kjempehygienisk at heimane mine var sterile. Kvifor har eg fengje denne nærast rituelle tilnærminga til hygiene?

Psykoanalyse med påfølgjande svar utbedast.

onsdag 2. september 2009

Om ein sommar som sluttar.

Andre dagen i fyrste haustmånaden no, det var mørkt når eg la meg i går, skumt når eg sto opp i dag, det er kaldt og regn og eple og jordeple har flytta frå landet til byen. Ikkje misnt er eg relativt godt i gang med studering og idag er min seiste dag på sommarjobben - herostratiske Lone Camping.
Sommaren har vore veldig kort og veldig lang. Kort av di det har vore lita tid til sommarlege aktivitetar og lite sommarleg vær, og lang av dei same grunnane eigentleg, den har vore litt vel dominert av jobbing og emo-tendensar mellom jobbinga. Tru meg, ingenting er verre enn kjærleikssorg i strålande sol. So sjølv om eg gjerne skulle hatt meir solskin, is, bading og utepils helsar eg hausten særs velkommen. Eg likar regn, det er godt å bli varm og tjurr att, eg likar kvardagar, dei er poetiske. Dessutan stend nye utfordringar og nye menneske i kø med eit nytt semester.

Mykje av sommaren har gjenge føre seg på camping. Eg har vaska vekk unemnelege ting frå sanitæranlegga, krangla med turistar som ikkje trur på informasjonen dei spurde etter, leita etter ferjetidene til samtlege av Vestlandet sine ferjesamband, full av språkforvirring funne opp kreative ord som "biao" og "hefwa", solgt 20 000 dusjpålettar og sjekka ut 2000 campingturistar, inn 800, blitt ein jævel på aksentar, vore alt for kjekk for minst to tenåringars mentale helse, blitt gruleg lei av å sykle og å sove i telt og blitt rikare enn eg nokon gong har vore, men sjølv om det kan kjennas som om eg ikkje har gjort noko anna i sommar enn å meir eller mindre nyte campinglivet, har eg jo det.

I sommar har eg vore turist i eiga innflyttarfylke; rafting på Voss og jonsok under open himmel i Ulvik, eg har vorte so brun som eg aldri har vore før, rett nok etter at eg har blitt so solbrent at huden datt av, ete drastisk mykje mindre is og bada like drastisk mykje mindre enn normalt om sommaren, oppdaga cava, blitt nemnt i seks heilsideoppslag i avisene og ein del notisar som fylgje av min dramatikerdebut, noko som ogso gav meg ti intense dagar med teaterjobbing og sosialisering som definitivt var sommarens høgdepunkt, og dessuten førte meg på bygdefest for fyrste gong sidan vidaregåande, og hvilken bygdefest!, og eg har vore den tristaste i heile verda, men ogso slutta å vere det.

søndag 23. august 2009

Om nokon

Eg vil at han skal døy.
Eg vil at han skal døy smertefullt.
Nei, eg vil at han skal døy ein død av den verre slagen, med fysisk smerte, dødsangt og stor liding over erkjenninga at han skal forlate denne verda.
Og eg vil at kristandommen sine styggaste førestillingar om etterlivet skal vere sanne.

Han kan gjerne gjellast fyrst.
Med sløv og skitten kniv
Ein kan godt gjelle han nokre dagar før han skal døy smertefullt, slik at han får nokre dagar til å kjenne det opne såret og kastraksjonskomplekset.
So lengje før at han akkurat har nådd det punktet der han erkjennar at det kjem til å gå betre, men det har enno ikkje faktisk byrja å gå betre.
Då vert døden verst.

fredag 21. august 2009

Om hylande hud

Den seiste månaden har eg hatt eit sjeldant behov for kroppskontakt. Eg veit ikkje heilt kva det skuldast, kan hende er det ei ny fase i det å vere singel, den altoppslukande leisegheten avtek og ein merkar i staden dei konkrete tinga som vert annleis, som til dømes at ein har uendeleg mykje mindre kroppskontakt enn tidlegare. Nett no er det ingen ting eg tykkjer er deilegare enn ein klem, men eigentleg er ikkje klemming nok; eg vil ligge i skjei, bli massert på ryggen og lyska i håret. Huden min hylar etter at nokon skal ta på den. Det er ganske frustrrande.
Dette har ingenting med sex å gjere, eg trur eigentleg eg kunne tekje i mot kroppskontakt frå kven som helst, og med klede på. Når eg var hjå familiane mine i somamr ergra det meg at eg har fengje ein terskel for å krype opp i mammas fang eller pappas armkrok og bli pjuska til eg sovnar. Kroppskontakt har fengje ein viss plass i litteraturen, utanom prinsessa som lyskar trollet (uønskt kroppskontakt?) kan eg til dømes nemne Jan Erik Vold, som i dei fyrste par-tre diktsamlingane sine har skrive nokre feiande flotte dikt om kor flott det er med hud mot annan hud. Snæksy.
Medisinarar diskuterar om kroppskontakt er eit primærbehov, altso noko menneske treng for å overleve. Det er i alle fall sikkert at små born døyr dersom dei ikkje får tilstrekkeleg kroppskontakt. So eg oppfordrar alle som ynskjer at eg enno skal gå levande blant dykk til å vere føre var: Gje meg kropp!

fredag 14. august 2009

Om å reise frå

Det er tre måtar å reise på; å reise til, reise frå, eller berre reise. Seistnemnte er den ubekymra loffinga, som ofte fører med seg den andre nemnde reisemåten: Å reise frå.
Eg har reist frå ein del stadar, og no har eg vorte gamal nok til at det gjer meg melankolsk. Fyrst og fremst har eg reist frå barndomsheimen min, Fyresdal. Når eg seier at eg har reist frå den, meiner eg at eg ikkje kan kome attende, ikkje til barndomsheimen, det vil alltid vere noko anna.
Dette var dagens banale klisje. Jaja, me treng dei ogso.
Forresten høyrer eg på deLillos sine mest melankolske songar nett no, og snart skal eg reise til Arna og sove i telt, noko eg ikkje har særskilt lyst til med tanke på at senga mi er betre samt at haustkulda har kome, men eg reiser i alle fall ikkje frå senga mi på den måten når eg no reiser til Arna. Til-reiser er alltid ubehagelege på ein annan måte enn frå-reiser, du klarer alltid å gjere det beste ut av til-reiser (eg kjenner meg litt som ein friluftsmann i telt, og det er so lite at ingenting vert stort og skummelt der, berre intimt og hyggeleg), men med frå-reiser risikerer du alltid at du mistar noko eller nokon for alltid.
Som barndomsheimen. Særskilt den delen der eg budde hjå Pappa verkar tapt, ikkje minst fordi pappa har flytta og Proffen, kjære, gode, elska Proffen, er død, og eg skal aldri meir bli møtt av han når eg kjem frå skulen, aldri meir gå grusvegen ned til kastet med han for å bade ein sommarkveld der himmelen driv med solnedgang slik den berre kan det i Hauggrend, og det luktar ei blanding av maursyre frå den store maurtuva, kloakk frå reinseanlegget og markblomar frå vegkanten. Aldri skal eg sjå inn i dei snille kastanjeaugene hans når han sit mellom bordet og sofaen eg sit i for å snakke og kose.
Det forsvann alt når Proffen døydde, og snart flytta pappa og badeturane i brådjupe varme Skredvatn forsvann saman med turane rundt Foldsæ i skog- og møkkalukt, og til slutt flytta eg, kunne ikkje lenger jobbe på bua i Hauggrend, og der var det ogso vekk, dei kokande sommardagane i det dårleg ventilerte bygget, den forseinka mjølkebilen som tilbaud avkjøling når det han leverte måtte inn på kjøla, kundane eg helsa på kvar på sitt vis.

Gradvis, trinn for trinn, forsvann Hauggrend.

Dalen forsvann på ein anna måte, gjekk meir i oppløysing, vaske ut av hybel og eksamen og avslutningsfest med klassa og klemme naboar og butikkeigarar og hybelkameratar før eg brått budde i Fyresdal att for ei lita stund og var ferdig med vidaregåande.

Fara Sabina var mest brutalt, med ein konkret avreisedato, berre ein dag etter at me var komne heim frå turne måtte eg forlate den heimen, klemme og kysse alle, gåver og grining, i det eg og Daniela gjeng ned trappene og ut i bilen, Daniela bannande av di alle skal grine (ho grin snart sjølv), og Niko som plutseleg ikkje klarar å stå i døra lenger eller noko og dukker opp på avsatsen, trur til og med ho gjekk ned trappa, og kikkar på meg med eit rart ansiktsuttrykk, det minna om mjukt porselen dersom noko slikt hadde vore til.

Bergen no, skal ikkje reise i frå på ei stund, men det er det eit par andre som skal veit eg, og uff, det vert ikkje noko kjekt, og eg kjem til å grine, og lure på om hjartet vert større eller mindre av å leggje att bitar av seg sjølv på folk og stadar.

torsdag 6. august 2009

Om store leseopplevingar

Eg har allstøtt lese store mengdar bøkar. Fyrst og fremst romanar, men ogso alle andre skjønnlitterære sjangerar og faglitteratur om alle slag tema.
Eg les enno mykje, men eg har blitt ein anna lesar; eg evnar mindre no enn før å forsvinne heilt inn i ei bok, å la meg begeistre valdsamt, og kan hende av den grunn vert eg lett distrahert vekk frå lesinga og les mindre og i stuttare tidsrom av gongen enn før. Difor har eg ogso mindre forventningar Det tykkjer eg er særs synd, det som brukte å gje meg veldig fine opplevingar gjer meg no ikkje fullt so fine opplevingar, sjølv om dei enno er ganske so gode, lesegledene mine.
Den beste leseopplevinga eg kan minnes er å ligge i senga mi - den gode, knirkete halvannasenga med høge kantar eg hadde hjå pappa - og forventingsfullt høyre pappa, som sat i stolen som no er lenestol på hybelen min, lese diktet som er opninga på Ringenes Herre. Boka han las av var ei vellest pocketutgåve, teipa i ryggen med bokteip og framsidebiletet var eit måleri av Inger Kristensen trur eg, der skinnande alvar kjem gjennom skogen, sikkert scena der dei uforvarande reddar hobbit-følget frå Den Svarte Ryttaren. Eg hadde lese Hobbiten allereie, og høyrt mine foreldre skryte av denne boka endå meir, og ein ting skal Tolkien ha - han skal ha mykje, men ogso dette - det var ein genitrek å setje det mystiske diktet som opning på sagaen sin. Det gjer deg verkeleg nysgjerrig på kva sidene vil fortelje.

Tre ringer for alvene under det blå
Sju er for dverger i saler av sten
Ni for menn som all kjødets gang må gå
Men for Mørkets Herre en eneste en
I det dunkle Mordor hvor skyggene rår

En ring skal samle dem, en ring finne dem
En ring detvinge dem og i mørket binde dem
I det dunkle Mordor hvor skyggene rår

Boka sin slutt gjorde ogso stort inntrykk. Alle heltar burde overleve, men vere tvungne til å reise sin veg på grå skip. Perfekt balanse mellom lukkeleg og tragisk slutt.
Men den slutten på ei bok som fekk det til å suse sterkast i meg, var den seiste setningen i Hundre års ensomhet. I likskap med dei fleste sluttar, gjer den berre meining når ein kjenner heilskapen, men eg må allikevel gjengje han her:

For dem som er dømt til hundre års ensomhet, får aldri en ny sjanse i verden.

Ringenes Herre
har eg lese so ofte at eg har lova meg å ikkje lese han att før eg vert tredve, men Hundre års ensomhet har eg berre lese ei gong. Eg har bestemt meg for å låne han på bilioteket i dag, straks eg er ferdig på jobb, saman med eit par bøkar av Ragnar Hovland - som eg freistar å lese alt av for tida - og Mio, min Mio, ein av klassikarane som enno er ulest. Og sikkert litt til som fangar auga mine inne på biblioteket.

Å jo. Det er kjekt å lese enno. Veldig.

Om store leseopplevingar

torsdag 30. juli 2009

Om keisemd

Keisemd er, i fylgje bokmåls-Wikipedia, ei kjensle som sorterar inn under "Andre følelser" saman med mellom anna ambivalens, ekstase og forakt. Same nettstad hevdar at dei elementære kjenslene er forbausing, frykt, glede, sinne, sørgmod og vemming. Eg skulle likt å vite bakgrunnen for denne inndelinga, men det får bli seinare ei gong. Det finnst ingen artikkel om keisemd på nynorsk-Wikipedia, noko som stadfestar tesa om at keisemd er best på riksmål. Engelsk Wikipedia derimot, kan ogso gje oss etymologien (rett nok for det engelske ordet, boredom): bore, gjennomhola, og -dom, sett i ein tilstand, altso i ein gjennomhola tilstand (sic!). Eg lurar på kva det er som gjennomholar oss, mange kjensler eg veit om er gjennomholande, men kan hende var dei som fann opp ordet framsynte nok til å forutseie at keisemda kom til å gjennomhole det som skulle verta moderne tid.
Artikkelen på bokmåls-Wikipedia hevdar vidare at det er farleg å flykte frå keisemda, den er nemleg so knytt opp til kvardagen at det vil føre til ubalanse, då alternativa er forskrekkelige ting som dagdrauming, narkotikabruk samt å reise langt vekk. Ein annan nettstad eg ikkje finn att, som verkar som om den er skrive av nokon med litt djupare innsikt i psykologi, hevdar at keisemd over tid fører til depresjon. Motgifta er utfordringar i kvardagen. Keisemd oppstend fyrst når mennesket ikkje treng bruke all si energi på å overleve, og er difor det kvardagslege hovudklagemålet for oss vestlege feterte menneske, kan hende særskilt oss unge, som har litt ekstra energi me ofte ikkje får bruka, av natur er meir spenningssøkande og dessutan alt for vande med konstant stimuli av den valdsame sorten (les TV og internett).
Keisemda er kan hende den moderne grunntilstanda. Ein av tidanes deppeforfattarar, Milan Kundera, har skrive om den i romanen Tilværelsens uutholdelige letthet.
Nett no keiar eg meg ekstremt. Antiklimaks frå førre intense veke med nok av utfordringar til denne veka utan andre utfordringar enn ei lett forkjøling som gjer meg slapp, samt at ingen eg kjenner er i byen...unnateke to stk som ogso er forkjølte.
Kan hende eg skal gjere ein desperat flukt frå keisemda i wikipedia-stil. Eg har aldri gjort eit grovt brotsverk før...

mandag 27. juli 2009

Om olsok før, under og etter

Olsok er festen for Sankt Olav, han som påståast å ha kristna Noreg, og i heimbygda mi feiras han tradisjonelt med brask og bram og ikkje minst med spel - olsokspelet. Eg har vore med på alle olsokspela i Fyresdal unnateke det fyrste, i år var altso gong nr. 15! Altso eit olsokspel litt utanfor det vanlege for mi del. Det var det ogso på andre måtar - i år sto eg nemleg øverst på programmet som manusforfattar.
Det gjorde meg naturleg nok litt ekstra gira og nervøs, og difor låste eg meg likegodt ut av hybelen klokka 1400 med alt pakket mitt, sjølv om toget ikkje gjekk før 2258. Eg har aldri hatt slik reisefeber nokon gong, særskilt sært når ein tenkjer at eg berre skulle heim til gamleheimen (altso det som var heime før og er litt heime enno, ikkje nokon eldreinstitusjon (Eg veit godt at "barndomsheim" er eit noko meir vanleg ord). Nok om det. Ja.). Etter nokre timar hadde eg ikkje lenger lyst til å reise, og fann ut at eg var totalt ubrukeleg på alle måtar og fekk ei minikrise. Heldigvis hadde eg ikkje husnøklane mine lenger sidan nokon andre skulle bu der ein dag medan eg var vekk, so eg hadde ikkje høve til å låse meg inne. Etter litt krisemaksimering, nedregning og kake-eting virka eg att, og var ved godt mot og med den gode reisekjensla idet toget glei ut av byen.
Etter nokre dagar føremålslaus feriering, noko eg ikkje trudde eg ville like men det var herlegt, var det igang med prøveperioden. Særs intentst. Masse folk, masse ver, masse ting å gjere. Litt ekstra iår att, sidan eg var skodespelar+regiassistent+borneinstruktør+ymse+ung manusforfattar avisene ville intervjue. Dei nemnte avisene gav oss dessutan strålande kritikkar, hurra! Spelet gjekk nemleg veldig bra. Det kjennes godt å ha skapa tekstgrunnlaget til ei teaterførestilling. Mange spør meg om det blei slik eg venta meg, og ser litt forskrekte ut når eg sier nei. Sjølvsagt blei det ikkje slik eg venta meg, då hadde eg ikkje trengt å setje det opp! Mykje, ja det meste, vart annleis enn det skodespelet eg såg oppe i hovudet mitt når eg skreiv, nokre småting skulle eg gjerne sett annleis, eit par darlings vart drepne, men det overlev eg alltid. Underleg nok tykkjer eg at eg spela mykje betre enn vanleg ogso, ein skulle tru det hadde vore omvendt sidan eg som forfattar kom til å bry meg alt for mykje om korleis andre ting på scena vart gjort til å kunne spele bra sjølv.
Etter ei intens veke med ei enno mer intens helg som topping, er det ferdig no. Det er alltid vemodig at olsok er over, det er sommaren sitt høgdepunkt og markerar at sommaren snart er på hell, men i år er det ekstra rart. Eg har nesten ei "kva skal eg no gjere med livet" - kjensle, er kjempesliten men samstundes rastlaus.
Velvel, snart er det jo tid for å vere akademikar att. Dessutan har eg ymse andre småprosjekt i skuffane. I mellomtida skal eg slappe av i vene sommar-Bergen, ha feiring nr. 3 av min dramatikerdebut (med berre meg sjølv som gjest, og den gjesten får vin, god sjokolade og ei bok i velkomstgåve) og leve ei stund på minnene om ein knallprosess og eit like knall resultat.

onsdag 8. juli 2009

Om all the silly boys and girls

I førestillinga "The castle of Holstebro" snakka karakteren til Julia Varley mykje om "all the silly boys and girls", som leikte og spøkte, men til slutt døydde dei ("and all the silly boys and girls will be... dead").
Iblant føler eg meg som ein av the silly boys and girls, særskilt no dsei seiste dagane. Eg trur eg har vore det ei stund. Det er ganske merkeleg, at eg som veit at eg over gjenomsnitteleg intelligent, klarar å vere sopass fjollete. Då meiner eg ikkje slik positiv fjolling, å vere eit leikande menneske, homo ludens, men at eg gjer seriøst fjollete ting. Det rare er at eg innerst inne, ikkje heilt innerst ei gong, relativt synleg (eller kjennleg i dette høvet), veit med meg sjølv at dette er fjollete. Likevel fjollar eg i veg. Fjollfjollfjoll, eg har jo lyst til det og då lagar eg meg ein god dårleg grunn. So fjollar eg for mykje slik at ting vert heilt fjollete, og eg håpar at fornufta snart tek overhand ovanfor tvangstankar og ymse andre kjensler slik at eg kan få sleppe å fjolle. Ellers gjeng ting over styr, eg fjollar vekk viktige folk og ting eg vil ha uvekkfjolla, og eg får eit fjolleliv og det vert ganske so miserabelt.

tirsdag 7. juli 2009

Om å omstrukturere liv, hjarte og hjerne

Av og til vert ein so vant til det som var nytt og spennande at det nye og spennande vert vanen. Eg trur ikkje det treng å vere so dumt, so lenge du ikkje berre har vanar i livet ditt men heile tida opplev noko nytt og spennande ogso. Det omvendte er sjølvsagt ogso uheldig, dersom alt er nytt og spennande trur eg eigentleg ingen ting vert nytt og spennande, og/eller du vert so stressa at du ikkje klarar å forhalde deg skikkeleg til verda. Det var dagens livsvisdom og eigentleg ein digresjon. Alltid bra å opne med eit sidesprang.
Plutsleg forsvinn det nye og spennande, eller vanen, og du får attende dine gamle, fortrengte vanar, og kjenner dei ikkje att. Det opplevar eg særs sterkt no, og det er veldig vanskeleg å kome attende i gamle spor, som no vert nye spor, sidan eg ikkje lenger kan fortsetje i det sporet eg har vore i eit halvt år. Eg må lære meg å like mange ting på nytt. Eller bør eg gjere noko heilt omvendt, og byrje å like heilt andre ting? Eg trur ikkje det er so lurt, ting bør nok skje spontant, men samstundes, dersom eg ikkje er nøgd med situasjonen, må eg jo leite etter noko nytt nytt og spennandem so lengje eg fylgjer min eigen livsrytme, som sjølvsagt er knytta til vanane, som igjen er knytta til den eg er.
Livsrytme ja, det er den som er endra, eg må stille den om, ettersom parametra eg stilte den etter har vorte kraftig endra. Det er vanskeleg, og det forsterkar alle ugne kjensler i brystet. Der må ogso ting omstrukturerast. For augneblinken ser det ut til å gange rett veg med den omstruktureringa, sjølv om eg har tekje nokre skritt attende etter at eg gjorde eit stort skritt framover, eit skritt som besto av eit løfte eg gav til meg sjølv og ein annan samt at eg lot ganske mykje av dei ugne kjenslene fosse ut, men den seiste veka, særskilt i helga, har den omstruktureringa eg gjorde i hjernen for å tvinge fram omstruktureringa i hjartet brote saman, og eg har gjort masse dumme ting. Eg fekk masse kjeft for det i dag, det trengte eg nok, det er viktig at ein skrik til kvarandre igjen. Eg trur at eg skal klare å oppføre meg no, klare å få omstrukturert hjartet. Det må til for å kunne omstrukturere livet slik at eg kan omstrukturere hjernen som må vere omstrukturert for å kunne omstrukturere hjartet - kompliserte sirklar ikkje sant? Ond sirkel verkar det som, men eg trur ikkje det er ein sirkel, meir ein spiral. Ein spiral som forhåpentlegvis let meg dreie vekk frå eit visst punkt, men samstundes håpar eg at eg dreiar slik at punktet vert verande.

lørdag 23. mai 2009

Om eksamen, festspillene og eit nytt og betre liv

No bloggar eg att for fyrste gong på lenge, over ein månad faktisk. Framleis ikkje noko viagra i posten, eit teikn på at eg ikkje har lesarar, i alle fall ikkje nokre dedikerte slike. Nuvel, nok sutring for i dag.
Eller nei, eg skal sutre litt om eksamen. Kunsthistorieversjonen. Eg tykkjer ikkje eg er særs dugande i sjangeren eksamenssvar, eller det vil seie, meir presist, i sjangeren skuleeksamenssvar. Eg vert stressa, eg skriv stygt, eg likar ikkje dei lite frie oppgåvene, eg tykkjer eg må konsentrere meg meir om å hugse ting enn å drøfte og skrive ein god tekst, eg tykkjer eksamensvaktene ter seg som om dei arbeider på Guantanamo.
Då likar eg semesteroppgåver mykje betre, særskilt når eg har so strålande vegleiarar som dei to eg har hatt på høvesvis retorikk og miljøfilosofi, og når mamma og Harald i tillegg forbetrar språket mitt ved å lese korrektur, er alt såre vel. Her er ein eksamenssjanger der eg kan vere nokso fri, kreativ - rett og slett drive lystdriven forsking.
Noko ana lystdrive for tida er festspillene. Dersom du er i Bergen i tidsromet no-3. juni, MÅ du gå til Festplassen klokka 1800 eller 1900 og høyre på Høgsong - i ordet sin bokstavelege forstand.

Elles har eg byrja eit nytt og betre liv. Dvs, byrja å planleggje det. Eg har skrive ei liste o ver ting eg skal byrje med/byrje med att og ei liste over ting eg skal slutte med/gjere mindre. Mange vil sikkert tykkje slikt er dumt og nyårslovnad-aktig, men eg trur det har ein verdi; eg får jo konkretisert og ordfesta tendensar i livet mitt eg mislikar, men som eg lett kan gjere noko med. Verda vert ikkje skapa før me set ord på ho!

fredag 10. april 2009

Om påske og merkverdig familie

Det er påske.

I fjor hadde eg ei særs utradisjonell påske for min del, eg sat på toppen av eit fjell i Italia og kontemplerte (mitt nye yndlingsord!) Altso heilt vanlege fjorårsdagar, sett vekk i frå at eg hadde fri. Dessutan var det tidanes storm då minnes eg, regn, torden og vind.
No er det relatvit tradisjonell påske att, med sol og snosmelting. Eg har til og med vore på ski.
Den aller beste tingen med påska, tykkjer eg, er at min tantefamilie kjem oppover. Det fører til nokre særs underhaldande dagar. Mi mor, mi tante og mitt eldste syskenborn saman dannar eit durabeleg stereoanlegg med non stop skravling og høg latterbrølfrekvens. So og seie samtlege eg har kjent klagar over tjurre familieselskap, ein røyndom eg aldri har klart å leve meg inn i: I løpet av kvelden - som i fylgje vår kjære kyrkje bør nyttast til å minnes eit eller anna offer og kontemplere over pasjonen sine mysterium - har me våsa noko aldeles fantastisk, med samtaler om alt frå gjerige onklar til hudormar, heile tida med ein total mangel på sjølvhøgtidelegheit og eit stort overskot latter. Nokre undertrykte kjensler eller lyster var ikkje å spore. Høgdepunktet var då me kledde oss ut i kjolar, parykkar og masker og, med abba for full musikk, råna bygda rundt. Me traff berre ein stakkar som vaska bilen og nokre forbispaserande, men tok oss like godt ein tur opp i byggjefeltet for å vekkje opp folk frå påskesøvna.

Ein kan seie mykje rart om min familie, men me er ikkje akkurat slavar av bordetikette.
Kven sa at familiesamankomastar er keisame?

søndag 22. mars 2009

Om fråtsing og reisefeber

Fråtsinga har vore samansett av:

* Amerikansk brunsj (eigentleg på eit slikt tidspunkt at den burde kallast dunsj): Heimelaga, sterk tomatsuppe og Hash Brown (som er nyydelege raspa jordeple steikt i masse smør)
* Harde heimebakte cookies
* Ferdigkaupt potetgull og sjokolade
* Luksuriøs te og juice (altso slik sesongavhengig frå meieria)
* Eksperimentiell pizza (fyllt med restar og botn laga av potetstappe)

Reisefeberen derimot:
* Stress med tanke på at eg truleg ikkje rekk toget frå Køben til Odin Teatret, slik at eg gjeng glipp av Odin Uge si opning
* Stress av di eg må vaske residensen eg har lånt før eg dreg
*Stress av di eg vil sove lenge no som eg har sjansen (eg klarar tilogmed å gjere soving stressbetont)
*Stress av di eg lurar på om eg får alt nedi handbagasjen (av di eg ikkje rekk å vente på innsjekka bagasje korkje på ut- eller heimveg
*Nervøsitet for at eg er dårlegast på workshop, og alle på Odin lurar på kva eg dreiv med eitt år på Potlach
* Frykt for Jackabstinens
* Frykt for etterslep i pensum
* Heilt vanleg reisefeber

Eg skal på Odin Week frå og med tysdag. Gruar og gledar meg. www.odinteatret.dk

lørdag 14. mars 2009

Om mi fyrste rotte

I går såg eg den fyrste rotta eg nokon gong har sett.
Dvs, eg har sett tamme rotter, og utstoppa rotter - føretrinnsvis slike rotter som kom med svartedauden (rattus rattus). I går såg eg derimot det verda sine byar, derunder og ikkje minst Bergen, florerar av: Ei feit, levande brunrotte (rattus norvegicus). Desse er oppkalla etter Noreg av di det er alt for mange av dei og dei er feite skadedyr, akkurat som oss norskingar av arten homo sapiens (norsk forbruk krev ca. 15 jordklotar dersom resten av verda legg seg på vårt nivå, og me stend ansvarlege for store mengdar av olja som brennast i verda).
Tidlegare i år vart eg sjokkert over folk som aldri hadde sett elg eller storfugl. Eg innser at dei truleg er sjokkerte over at eg ikkje har sett ei rotte før no.

lørdag 7. mars 2009

Om ei noko paradoksal veke.

No er det lenge sidan eg har blogga, eg har brote løftet mitt om å blogge vekentleg.
I og med at eg ikkje har vorte bombardert av viagra på postordre, reknar eg med at eg ikkje har nokon leserar.
Det kan vere like greit. Eg er ikkje sikker på om eg skriv denne bloggen for at den skal verta lesen.
Ein eg kjenner skriv ein blogg om religionen X. Den dreier seg fyrst og fremst om å få fitte til staken. Han skriv særs litterært i ein slags galen manns høgstil, men til trass for (feil ordval - delvis grunna) dette vert ikkje bloggen hans noko særskilt meir enn vitalistisk, barnsleg pisspreik.
Dessutan er han frå Bømlo men skriv bokmål.
Nok om det.

Denne veka har vore sokalla studieveke, altso vinterferie for dårlege, late studentar som er leie av lesing og førelesning og treng ei ekstra pause, slike studentar som studerar av di dei vil bli noko av det og i mellomtida kan vere totalt uansvarlege og bryte samtlege av dødssyndene på ein kveld.
Altso ikkje slike studentar som meg. Eg skulle sjølvsagt studere masse, skrive oppgåve, lese minst to pensumbøkar og fine på tema til retorikkoppgåve.

Laurdag for nøyaktig ei veke sidan vakna eg med noko som minna om sinnsstemninga til ein nervepasient, i løpet av dagen vart eg so trøtt at eg mest sovna ståande og i løpet av kvelden fekk eg nokon gråtetokter, samt at eg banna so høgt etter eiskilde personar at andre einskilde personar minst to husvære bortanfor meg må ha høyrd det.
Dette lisle samanbrotet førte til at veka har vore prega av mykje soving, liten arbeidslyst og liten arbeidsdisiplin, og eg har fått gjort mykje mindre enn det eg håpa på.

Eg trengte nok ferie. Meir enn dei som hadde planlagd ferie.

fredag 13. februar 2009

Om regidebut

Det eg likar best med ordet "regidebut" er at dei to orda som dannar ordet rimar (alle mine opplyste leserar veit sjølvsagt korleis "debut" uttalast).
Eg likar ogso at eg kan nytte det ordet om det eg har jobba med førre veke.
No har eg vore regissør ogso.
Kven veit kvar dette endar?

(so lenge det korkje er nygårdsparken eller broadway kan det eigentleg gå kvar det vil)

tirsdag 3. februar 2009

Om å vere so sint at ein har lyst til å vere ung på slutten av syttitalet slik at ein kunne ha spela i pønkeband.

Eg er nemleg so sinna. Uffdå, tenkjer kan hende de som les dette. Det tykkjer eg ikkje de skal gjere. Eg trur nemleg sinne kan vere ei stor kreativ kraft, berre den kanaliserast rett. Eg føler at eg kunne ha måla eit ganske so godt bilete no, til dømes. Eller vore pønk-vokalist. Då måtte eg ha levd på slutten av syttitalet, dog. Pønken er daud, det låg i naturen hans.
Eg har ogso lyst til å skrive ein rasande kronikk i ei avis. Eg veit ikkje om kva, men eg finn nok noko å kanalisere sinnet mitt mot straks eg opnar eit eksemplar av dagspressa. Særskilt dersom det er ein av desse tabloidane.
Det er eigentleg fint å vere sint. Problemet er berre at eg ikkje er heilt sikker på kvifor eg er sinna, det er berre humøret mitt i dag. Ingen har gjort meg nokon direkte urett i dag. Jaja, satsar på at me får noko positiv destruksjon ut av dette sinnet.

onsdag 21. januar 2009

Om eit av mine små irritasjonsmoment som eg nettopp fann ut har ein verdi: Dei får meg til å gløyme ordentlege bekymringar

I dag hadde eg min fyrste førelesning i miljøfilosofi. Det var ganske kult.
Førelesaren hadde veldig lett for å kome inn på digresjonar, og han vart litt sett ut kvar gong nokon kom for seint, so eg er litt redd for at me aldri kjem gjennom alt me skal, men han var kul; veldig engasjert, vittig og dessutan oppfordra han oss til ikkje å lese heile pensum, men berre det me ville lese.
Det som irriterte meg med førelesninga var at flesteparten av studentane kjem frå BAS. Bergen ArkitektSkule altso. Noko som sikkert er ein flott institusjon, og arkitektspirene eg traff i dag er sikkert nokon jæklar på å teikne hus og elles flotte menneske, men ein ting mangla dei totalt: Elementær kunnskap om filosofiske omgrep.
Noko som førte til at ein stor del av førelesninga vart repitisjon av exphil for min og dei andre arrogante akademikerane frå Høyden sin del.
Kunne dei ikkje gjett dei eit ark med ordforklaringar? Eller ei ekstraførelesning berre for dei? Det er ekstremt keisamt å få forklart kva cogito, ergo sum eigentleg tyder for tredje gong, eller få servert definisjonen av metafysikk for femte gong.
Det er liksom 200-nivå, assø.

Sjå so herleg arrogant eg er på veg til å verta!!

mandag 12. januar 2009

Om kva me har lært i København og Berlin

  • Forsikre deg om at bussen har toalett i god tid før avgang, særskilt dersom du har smaka deg gjennom diverse tyske øltypar.
  • Ikkje sovne på golvet i hovudbanegården i København. Ledda dine kjem til å stivne. Gjer noko anna i stadan, nyt til dømes eit medbrakt måltid med dessert.
  • Hugs å ha euro i lommeboka når du kjem til eit euroland på nyttårseftan. Ingen bankar er opne.
  • Ikkje kom attende til Motel One i Tyskland (dette gjeld eigentleg berre oss).
  • Tyskerane er galne når det kjem til fyrverkeri, det kastast inn i folkemengda og skytast ut frå hendar. Pass på!
  • Byt hotel fyrste nyårsdag, særskilt dersom du finn eit med bakfulle resepsjonistar som har vandra rett ut frå "Absolutely Fabolous" og gjev deg rabatt dersom du er to kjekke unge nordmenn som spanderar Fernet Branca.
  • Ikkje et kinamat frå gatebodar i Berlin.
  • Gå lang tur i Christiania.
  • Gløym at du har fleire pengar, då får du deg hyggelege overraskingar.
  • Kos deg.