søndag 20. februar 2011

Om korleis det faktisk såg ut (meir eller mindre) (eller: Eit fotografisk utval av livet mitt medan eg var bloggar)

Då eg fyrst baka, og so blei blond (eg har sørgja for at det ikkje finst fotografiske prov på det seiste).




Hotellet me budde på i Berlin, spanderte Fernet på resepsjonistane, sto nakne i snøveret på balkongen og drakk vin, og ikkje minst rota veldig mykje på romet. Dama bak disken er ikkje ein av dei me traff, men ho er sikkert hyggeleg, ho og.





Fråtsing og matlaging saman i kjent stil (eigentleg ikkje det måltidet eg skreiv om her, men pytt)






Å spele i eigen dramatikerdebut
(eg burde hatt bilete av festen)




Ein av dei eg gjerne skulle ha lukta i nakken



På paljettdate



Her sat me på 17.mai og var romantiske.




Grøn bukse
og raude sko langs kanalane i Amsterdam



...og edderkopphotell i Mumbai.




Det var alt. Takk for meg, og vel blåst. Det hjelp å smile til verda.

Om å flytte ut

Eg er på den staden eg ei gong flytta ifrå no. Kan hende let eg meg lure av eit vinterparadis, gledja over å lage teater kvar dag, verdas framleis beste seng, blonde krøllar, men trass alt: Det er betre enn det har vore på lengje. Eg har mest lyst til å flytte heim att, men eg trur eg skal nytte reise- og oppbrotslysta mi til å take litt lengre og meir modige reiser. Om ei stund, det er mykje å gjere enno, og mykje eg bør gjere betre slik at eg ikkje luskar vekk frå eit reir.
Eg tenkjer mykje på meg sjølv for tida, forstå det slik at eg er i ein ganske lang sjølvevalueringsprosess. Fælt ord, og litt fæl ting ogso, men eg trur det er rett no. Som skrive i førre innlegg er eg på god veg til å bli grinete, fordi eg er litt bitter rett og slett, og eigentleg burde eg ikkje vere det - sjølv om eg kanskje har tusen gode grunnar. Eg må bli litt vaksen på fleire måtar og bryte barnleg uvanar, flytte sinnet mitt litt.
Ein stad det skal flyttas ut frå er denne staden på verdsveven. For godt. Den har blitt det den ikkje skulle bli når den blei fødd i 2008. To og eit halvt år er ei grei levetid i bloggosfæren tykkjer eg; meir enn Voe, t.d.. Lesartalet kan eg heller ikkje seie noko på. Det eg skriv her derimot har vorte for lettvint, og skalet av anonymitet eg gjerne ville ha er vekk for alltid. Om eit par månadar er denne nettstaden, og all tekst lagra på han, det same.
Farvel, kjære blogg og lesarar. Eg skriv kan hende blogg att, men i ein annan form, og aldri meir mellom stolane. Sjølv om det vel er der eg høyrer heime og aldri vil flytte ifrå.

Dette er nest seiste innlegg. Ein skal jo ha nedvask óg.

tirsdag 15. februar 2011

Om å vere positiv og slikt shait

Eg skal gjere noko med innstillinga mi imorgon, for eg byrjar å bli ein gamal grinebitar og litt av ein drittslengar. eg skuldar på veret og tek det att på sjarmen.
Idag skal eg derimot klage litt, for eg sit på Drammen stasjon i halvanne time ++, og som ikkje det var ille nok i seg sjølv, er venteromet stengt og ein er henvist til eit varmetelt. Det er ikkje særskilt varmt, skal eg seie dykk.
Heldigvis har eg Querelle de Brest i snippveska! Den må de lese. Fint sitat:
"Querelle! Alle Quereller i krigsflåten! Vakre sjømenn, dere har alle den søte smaken av villhavre."
Apropo sjømenn i krigsflåten, grinebiting og positivitet
Dedikert til min eigen Querelle i krigsflåta, heile shaiten. No gjeng toget og eg skal vere ei heil veke i barndomsheimen i ei bygd utan eye-candy. Jaja. Bra eg skal byrje med positiv innstilling. Hurra!

mandag 14. februar 2011

Om å klø seg i øyra i staden for i hjarterøtene

I dag (mhm, denne lada datoen!) brukte eg opp den seiste tingen som falt i kategorien "kan brukas opp/skal brukas opp" (blomar, mat, vin, det som kallas venleiksprodukt etc.) blant tinga eg fekk av den førre kjærasten min.
Det var ei pakke med 200 Q-tips.
Eg tenkte at dette kunne blitt fylt av masse symbolikk særs tolkbar i mange retningar, men eg følte eigentleg ikkje at det blei noko av.
Ja ja, det er godt å kleie seg i øyra lell. Takk, mr. Tiger. Eg har kjøpt nye allereie heilt sjølv.

lørdag 5. februar 2011

Bergensguide del 2: Åtte ting å gjere i Bergen gratis, og to når du må spare og ikkje berre vil sitje heime med linser og ris

1. Klatre opp mot det gamle brannvakttårnet (eg likar å tenkje på det som fyrtårnet, og det er jo ikkje heilt gale) på Skansen, anten heilt opp eller stopp under eit av lindetrea i eit av svingane, og sjå på solnedgangen. Dette er aler best dersom du har nokon å kysse, ja, minst like bra som Sacre-Coeur om ikkje betre, for her er det ingen romantikk-turistar, berre romantiske lokale, dessutan er du garantert å finne din heilt eigne grasflekk, og dersom du bur i Bergen og din kjæraste berre er på besøk eller ny i byen, vert han garantert overlukkeleg.
Fint eismall òg.

2. Gå under jorda. Det er mange stadar, og eg kjenner dei ikkje kjempegodt, men du til dømes kan gå ein av dei gamle hamnebanane, nedlagte jernbanetunnelar frå jernbanestasjonen til høvesvis Dokken (hamna på Møhlenpris) og Bontelabo (hamna mellom festningen og Skuteviken), kvar av dei har sin eigen sjel, og du mistar all kjensle av tid og rom, og det er kjempemerkeleg å vite at over deg sydar byen.

3. Gå på kunstgalleri. Kunstmuseet og Kunsthallen er latterleg overprisa, og du kan jo aldri vite om dei skiftande utstillingane er verdt å sjå (eg minnes enno med skrekk "Looking is political", den fyrste eg såg på Bergen Kunsthall), men det finst mange, særs gode galleri og kunsthandlarar som er heilt gratis, særskilt 3,14 som aldri er skuffande, eller visningsrommet på USF Verftet, for ikkje å snakke om galleri-butikken KNOT på Klosteret. Og ofte er det vernissage på fredagar, og då bør du utnyte høvet til gratis inngang og gratis sjampanje på Kunstmuseet eller i Kunsthallen. Lat som om du tek til fleire enn deg sjølv, so får du eit ekstra glas. Dei vante vernissage-gjengarane har uansett ikkje godt av meir alkohol.

4. Om sommaren: Bad på Verftet. Velsigna fritt for ekle saltvass-ting som skjell og tang, det nærmaste ein kjem kunstige svaberg, mange fine folk som solar seg, midt i byen mest, og ikkje minst - i tillegg til å bade irriterar du dei ekle, rike folka som bur i det tertefine borettslaget bak deg (slike som godt kunne klart seg utan kjøt, men and, det må dei ha).

5. Om vinteren: Ak ned frå Fløien. Dette er eit must når det faktisk kjem nok sno, for det er eit adrenalinkick av ei ana verd. Ein av dei få plassane dessutan som vert glatt nok til at søppelsekkaking vert bra, so om du ikkje har råd til akebrett gjeng det fint. Ver obs på at ein søppelsekk er vanskeleg å styre, og det er ganske dumt på veg ned frå Fløien sidan du risikerar å lande i skogen eller bli drept i det du treff ein fjellvegg eller metallrekkverket, men ærleg talt, kor ofte risikerar me livet i Noreg i dag.

6. Spel sjakk i bakgarden på psykologisk fakultet. Det er lett å klatre inn frå Nygårdsgaten, dei seiste vekene har nokon til og med satt opp ein stige. Det er sjølvsagt slik sjakk med mannshøge brikker eg snakkar om. Aller kjekkast dersom du har ein eingangsgrill, eller alle best tør å tenne eit bål, og har noko å grille. Det er stor fare for at Securitas kjem, men hugs at dei ikkje kan gjere ana enn å be deg om å gå - ikkje ei gong om å oppgje namnet ditt. So ver høflege mot dei og stikk før den ordentlege snuten kjem - de rekk nok å spele minst eit parti (kan hende ikkje dersom de fyrar bål, men dette har eg ikkje prøvd, berre hatt lyst til å gjere)

7. Drikk kaffi på HF sin studentpub, Ad Fontes, den kjem du til gjennom døra bak HF-bygget (rar stad med flott utsikt!), og kaffien er gratis! Gje gjerne tips.

8. Les aviser frå heile Noreg og verda i kjellaren på det offentlege biblioteket. Her er det ogso kaffi som er nesten gratis - tre kroner! Legg avisene på plass etter deg, er du snill. Dette er ogso det perfekte høvet for å lære språk - ta med deg ordbok og gramatikk og lær gjennom avisene. Kan hende kjem du ogso i kontakt med ein av våre nye landsmenn som ser at du lærar språket hennar, so får du munnleg praksis og ein ny ven i tilleg.

9. Et middag på Kvarteret. Prisane er ved fyrste augekast ikkje mindre enn på ein vanleg kafe med greie prisar, men porsjonane du får er enorme, og kokken er ekstremt oppteken av at ein skal ete skikkeleg komponerte måltid, so du er garantert ein frisk salat (heilt fri for mais og kinakål) med heimelaga dressing, masse brød og smør, i tilegg til ein gedigen tallerk lasagne, curry, suppe eller kva du no har bestilt. Dessutan kan du få gratis kaffidrikkar her, dersom dei som stend bak disken ikkje har brukt maskina før, og det er ganske ofte. Gode er dei sikkert ikkje, men det er no kaffi og det er no gratis!

10. Gå på krasjkurs i folkedans på Gimle, det fantastiske huset til Ungdomslaget Bull-Ervingen! Det kostar alt frå ingen ting til femti kroner, er kjempemorosamt, trim, og du kan godt gå eismall for når det er pardans er du jo garantert å treffe nye folk (dans er jo den perfekte isbrytar). Dessutan er du med på å vedlikehalde den norske kulturen. Eg skulle faktisk på gratiskurs i halling med ein frå Frikar (!) i dag, men søv lengje i staden.

Eg har laga Google-kart til dette innlegget! Teknologi er artig iblant!:


Vis Gratis (eller nesten) i Bergen i eit større kart

torsdag 3. februar 2011

Om kvifor det er litt stille her no

Fyrst og fremst fordi eg har det veldig travelt, faktisk beint fram kjipvaksen-tidsklemme-travelt.
Men ogso veldig fordi eg lurer veldig på kven eg er nett no.
Resignert er det fyrste adjektivet som slår meg. Det er ikkje so veldig fint.
Eg vil vere ein ananas.

mandag 17. januar 2011

Om å bu med vindauge mot bakgarden

Eg likar å tenkje på;
at for min eine nabo;
er eg berre den nakne mannen i vindauget vis a vis.

torsdag 13. januar 2011

Om utopiar

Me treng utopiar for å overleve, og det viktigaste med ein utopi er at den er mogleg. Sjølv om den skal vere ein ikkje-stad, må den ogso vere ein lukke-stad, og umogleg lukke vert til det motsette. Ein utopi er ikkje alt me ikkje kan få, den er alt som kan kome. Som me vil skal kome. Den er kjærleik, håp og ikkje minst tru.
Når utopien døyr, fyllas timane fulle av sand slik at hjula gjeng seint og sekkane vert tunge, eller so glir sanden, tida, vekk mellom hendane dine. Utopien er ikkje naudsynt heile dagen, for då gløymer du at det betre kan vere, men til dømes på gnålegrå kveldar eller når du vaknar av kulde i senga, kjenner du at han manglar, og då merker du at ja, ein kan leve i kvardagen og om ein kan leve i draumen samstundes, og det er på tide å finne seg ein ny draum.

mandag 10. januar 2011

Om fornuft og følelser

Eg kan ikkje gjere det til eit kutyme å kvar gong bli so lei meg at eg nesten døyr.
Likevel har eg litt lyst.

Uansett kan godt tårene kome seg litt lenger fram enn frå augekroken tykkjer eg.
Det er dei beste som døyr, har eg høyrt. Det er i alle fall dei søtaste og snillaste som gjeng frå meg, og han her nådde toppen blant dei att. Som vakrast når han gjekk. Kjekt er det ikkje, men heldigvis var ikkje hagen heilt open enno, so trua er hardare skada enn hjartet, og me skal smile saman att og med den askeblonde sunnmørsguten kjem eg aldri til å forbinde noko ana enn fine ting. Veldig fine.

How lovely it was! Non, je ne regrette rien!
Aw'flly glad I met you, cheerio, and toodle-oo

And thank you so much.

lørdag 8. januar 2011

Om å bæde over staden eg kjem frå

Eg har tenkt mykje denne veka, som kan hende naturleg er sidan året er nytt og det er mykje av tida. Det ligg mange klumpar i magen, nokre gamle, nokre nye, dei fleste ein rar blanding, attkjennbare men i ny variant. Eg tenkjer på kor vanskeleg det er å vere med menneske, kor mykje sosial kontakt, den enklaste ofte, å skrive sms, å seie hei, å sjå folk i andletet, å treffe folk på nytt etter jol, stressar meg mykje.
Eg skuldar på oppveksten, i beste naturalist og venstreraddis-stil. Eg har, på dei merklegaste tidspunkt denne veka, blitt fylt av ei vanvittig motvilje mot staden eg er frå, eg har lyst til å skrive sinte lesarbrev og spy all mi våde og vånde over veggane mine på samtlege sosiale medium, om at det forferdelege kommuneslagordet burde bytte ut "draumen" med "marerittet". Igår gjorde eg det og, fordekt, full og trist, heldigvis var eg klok nok til å vere meir sint på meg sjølv enn på bygda slik at det ikkje blei alt for gale. Uansett, eg hadde ikkje trengt vere sint på meg sjølv so mykje, trur nattlege draumar bearbeida meg fram til den konklusjonen. Eg er for ofte sin på meg sjølv, tek ting ille opp, eg må slutte med det, det er det eg skal i år. Eg kan ikkje klare det berre med å seie det til meg sjølv, eg må seie det ofte til andre, eg må meditere og gjere qigong og avspenningsøvingar og trene og lære å sitje roleg i eige selskap utan lyd og bilete att, berre med ord og liner og min eigen pust og kjenne på den store gleda, og gle meg over at eg åleine og at det er deileg, og at imorgon skal eg lage kaffi som får folk til å smile og le og fjase med studievener og snakke alvorleg med storesyster og høyre sunnmørsk og kysse munnen som kjem med musikken etterpå.
Og eg bur ikkje i dalen oppe i Telemark lengjer, eg kan puste, utslettet kjem ikkje so ofte lenger, eg er tryggare her, i den store farlege byen.

mandag 3. januar 2011

Om alt eg skal gjere i året som kjem

Gjennom heile året skal eg drikke meir øl, vere mindre på fjesboka, arbeide strukturert og skikkeleg med utviklinga kropp og sjel, og forbetre hedonismen min: Frå potetgull og mjølkesjokolade i tide men mest i utide til god ost, handlaga sjokolade og vin relativt ofte men ikkje for ofte.

I januar skal eg vere med i kvallik-runden til NM i klassisk baristakunst! Eller Hordalandsmeisterskap om du vil. Eg skal gjere det bra, og kan hende kome vidare og kan hende få ein pallplass. Eg skal ogso kome skikkeleg heidundrande i gang med alle året sine prosjekt, og byrje vegen mot eit jordisk nirvana med akkurat passe mengd liding og lidenskap.

I februar skal eg få kjærast, for det har eg bestemt, og eg trur eg er godt på veg. Nei vent: Eg veit eg er godt på veg.

I mars skal eg oppleve mi fyrste premiere som teatersjef, og vere sint, stolt, fasjonabel og kome med velvalte ord etterpå.

I april skal eg til Paris med mamma, utan at ho vert stolen, for ho har alltid hatt lyst til å reise dit men aldri kome so langt. Paris, j'tu aime, e mon mama, j'tu aime.

I mai skal eg forsvinne finne ut kva eg skal gjere neste år. Eg trur eg framleis skal vere student, men ingen ting er jo sikkert.

I juni skal eg avslutte ein bacheor i retorikk, med å levere ei bacheloroppgåve det swchwingar av og ete ein flott middag og ha ein gedigen fest saman med mine favorittretorikarar, og kan hende nokon til òg.

I juli skal eg sjå stadar i Noreg eg ikkje har sett før, planar om å utforske strekninga mellom Bergen og Trondheim, særskilt gler eg meg til å oppleve Fedje (ikkje spør), sjå Urnes og kan hende er det tida for å vitje nynorsken si vogge og intellektuelle hovudstad dessutan (og det er ikkje berre på grunn av nynorsken, altso). OG eg skal få sjå oppføringa av eit skodespel eg har skrive!

I august byrjar planane å vere ikkje-eksisterande, so eg planlegg eigentleg ikkje noko anna enn at eg skal bade masse, drikke masse cava og iscortado med kokos, ete masse vassmelon og gjere eit eller anna skikkeleg sommareventyr, for det har eg faktisk ikkje fengje gjort i Bergen enno trur eg.

I september skal eg bli litt lei meg.

I oktober har eg ikkje snøring på kva eg skal, men eg håpar det vert kjekke ting.

I november skal eg på gutebesøk til Cuba. Håpar eg, dersom det klaffar med pengar og han eg skal vitje. Håpar ogso at Fidel lev. Og eg skal bli 23!

I desember skal eg leike meir i snoen enn eg gjorde i fjor, og feire ei jol som blir lenger enn denne.

Eg gledar meg.

søndag 2. januar 2011

Om det eg lærte i året som gjekk

I januar lærte eg å vere teaterprodusent. Eg lærte å opptre på TV (og bli kjend att på gata for det!), å handtere vanskeleg personale, å rekkje mykje på stutt tid, at eg verkeleg har eit problem med autoritetar, at eg sjølv faktisk har ein del autoritet når eg skrur den på, at eg faktisk har litt eg kan gje når det kjem til den kunstnariske biten òg.

I februar lærte eg at eg er frisk i hovudet, eller at eg i alle fall ikkje er verdig ei diagnose (og her blei eg særs freista til å leggje inn ei lenkje, so det gjer eg). Det var kjekt, sjølv om eg trur studentpsykologen sin var litt skuffa over at hennar fyrste pasient nokon sinne var frisk, men eg veit ho var glad for den mjuke starten òg.

I mars lærte eg at etanol kan få folk til å finne sider ved seg sjølv dei ikkje visste fanst, og bli veldig utafor av den grunn. Eg lærte ogso at eg kler hanekam og falske augevippar. Byrjar å bli ideltout.

I april lærte eg å lage kaffi på espressomaskin. Eg lagde dessutan min fyrste, ganske stygge, latte-art. Det byrjar å hjelpe seg no, og kaffien er dødsgod, om eg får seie det sjølv, sjølv om mine blomar og blad enno ser litt muterte ut.

I mai lærte eg å forstå Derrida, og det trur eg er årets intellektuelle orgasme. Eg må ta eit atterhald: Eg klarar ikkje heilt å forklare han, so då har eg vel ikkje heilt forstått sakene heller. Men på veg er eg, å ja, visst på veg.

I juni lærte eg at eg er ganske pen, flink og likande. Dette var sjølvtillit-månaden, trur eg. Ting glei i boks og sommaren var herleg, sjølv om eg ikkje hadde ein einaste sommarflørt, eg stolte på at L skulle gå i boks og gjekk heime og venta på han som var i kina og nord-korea og slikt og kjende meg som ei grasenkje.

I juli lærte eg at det er dei små detaljane som gjer ikkje det lisle ekstra, men heile jævla skilnaden, anten det gjeld kaffi, teater eller kommunikasjon med grafiske designarar.

I august lærte eg å sjå på TV att. Det kunne eg godt ha vore utan, og eg satsar på å avlære meg det i 2011.

I september lærte eg at eg, inst inne, er lat. Det er årets nest viktigaste lærdom, trur eg. Og eg lærte (igjen) kor nerd eg er, og eg trur ogso det er den viktigaste medisinen mot latskapen eg har.

I oktober lærte eg at det ikkje gjeng an å gå og vente på folk, for då vert det berre for seint (sjå kva eg lærte i mars/juni), og folk er aldri klare for same slag ting, og ein bør berre justere forventingane sine litt ned og ikkje ta alt so ille opp.

I november lært eg skilnaden på å like eit menneske veldig godt og å like eit menneske veldig godt. Eg lærte kor snøgt eg kan like nokon kjempegodt, og det er veldig lengje sidan det har vore slik. Eg lærte ogso, eller kom til å lure på, om kjærleik til treklatring, kjeivhendtskap, nynorskbruk og teaterbesøk på fyrste date, er ting som faktisk kan gjere utslaget.

I desember (oppsummeringsmånaden) lærte eg mykje om den store verda, og eg lærte at latskapen min får konsekvensar. Eg lærte at ting tek tid og det må eg berre la det gjere, sjølv om det er skremmande at alt kan kome til å gli ut i sanden før det byrjar. Eg lærte det aller viktigaste eg har lært dette året: Sjølv om eg ikkje har angst, er eg engsteleg, frå for at folk som ikkje tek telefonen er daude til meir eksistensielle variantar: At folk som ikkje tek telefonen ikkje likar meg, at eg skal døy einsam, at eg gjer ting som får folk til å føle seg uvel og av den grunnen ikkje lengjer likar meg. Kort sagt vert eg ein smule stressa av kvardagsleg sosial omgang. Årets nyttårsforsett nr. ein er at eg skal slutte å take ting ille opp, dvs. slutte å tru at alt er mi skuld. So viktig er eg ikkje.
Og eg lærte at ja, eg er faktisk forelska.

2010 blei like bra som eg lova.