mandag 14. juni 2010

Om ferie

Fyrste måndag i sommarferien. Eg tek ferie med godt samvit: Gode eksamensresultat, og sidan arbeidet i studentorganisasjonar er minst like viktig som studeringa (det er rektor samd med meg i, so det so) slengjer eg på ein suksessfull teaterproduksjon som god grunn til det. Dårlegare samvit har eg når det kjem til miljøfronten, her må eg innrømme at eg har både sluntra unna og på anna vis nedprioritert mykje av arbeidet eg kunne ha gjort for å redde verda. Men i desse kretsar har eg til gjengjeld kome særs godt frå det på det personlege plan, høhø. Uttrykket "tek det att på sjarmen" kjem verkeleg til sin rett.
Eg tek bloggferie ogso, freistar å rette kreativ energi inn mot andre ting i sommar, bloggen har blitt ein litt "lett utveg" i det seiste, so eg trur både eg og han har godt av litt kvile. Me sjåast 14. august. Isj.
God sommar.

3 kommentarer:

nattvake sa...

Og god sommar til deg. Lukke til med kreativiteten!
(eg kjem til å sakne deg medan du er borte)

Lina Kristine sa...

Duzt! 14.August skal bu i bryllaup, ikkje blogge! Sau!

Jack sa...

Min kjære venn, du slutter aldri å overraske meg. Stå på! Mange som er glad i deg vettu!