Når natta er alt for ljos, og eg er alt for trøytt. Når eg er ein sosial meitemakk og ein fagleg sprellemann. Når eg brukar pengar på absurde ting og prøvar å få kontakt med gamle avstandsforelskingar att. Når den ventande ferien får meg til å gruve meg til å sitje mange timar i varm buss. Når eg kranglar på SMS og skriv oppgåve på epost. Når eg luktar sur mjølk og fyllesvette. Når eg stressar slik at musklar og hjerne vert like stive, utan at dei har vorte brukt nemneverdig, nokon av dei.
3 kommentarer:
oj takk, det må jå vere ei ære å sjå ut som han (minus hudsjukdommen)! haha, det har eg høyrt av tre andre ein anna gong!
Meitemakk? Nei, du er ein sosial regnboge!
Denne teksten likte jeg godt.
Legg inn en kommentar