torsdag 7. oktober 2010

Om den raraste guten som har sove i senga mi

Eg plukka han opp på fjellet, der han sto og såg på stjernene. Han skulle ikkje lenger enn til Røldal, men likevel blei han med heile vegen til Bergen.
Han sov hjå meg den natta, eller rettare dagen, men dag og natt gjekk i eitt og eg er enno ikkje sikker på kor lengje det varte. Han var ljoshåra sjølvsagt, og liten, med austlandsdialekt og sans for utdøyande ord. Kjakane hans hadde høge bein og mellom tærne hadde han ein føflekk som såg ut som ein L.
Han påsto at eg var modellmateriale, og når eg litt fornærma snøfta "nei", kyssa han meg slik dei kysser i mellomamerikanske filmar.
Eg har eigentleg aldri fått so mange kompliment på ei gong som eg fekk av han.
Etter at me hadde lege saman, i dusjen, vaska han tennene med dusjstråla. Han gjekk tidleg neste morgon, etter å ha gjeve meg ein kort stiv klem. Han song då han gjekk nedover gata.

7 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

Du skriv so utruleg fint.

nattvake sa...

Dette greip meg. Veldig.

Jenny sa...

*Smelt*

Jack sa...

Du er fantastisk som alltid, jeg er glad du møtte denne karen. Han vireker som en pussig sskrue, men du vet alltid hva du driver med, så ingen fare :) Vet du "exen" Det hender jeg savner deg også. Tenker på alle de fine og rare stundene vi hadde sammen.

Følger bloggen din, du er ikke ignorert. Du er fin, god og jeg er glad i deg - uansett hva som skjer.

Ringer du meg en dag, jeg vil gjerne ha en oppdatering :)

Stooooor klem,
moa

Greta-G sa...

Kommentarer blir overflødige her.

ILU!

/Greta-G

johnmagnus sa...

Tusen takk, alle saman. Og ja Jack, eg ringer deg ein dag veldig snart :)

Lina Kristine sa...

Nå fekk eg og lyst på suzz!
Og eg elskar bloggen din! Me må drikke kakao sammen og spise ben&jerrys is igjen snart!