søndag 16. mai 2010

Om Bergen. # 1

Bergen har eg tenkt å skrive om lengje. Eg har vore veldig glad i byen veldig lengje, heilt frå eg var liten og var på besøk, og enno meir no som eg bur her og har budd her i det ein kan kalle ei stund.
Det er mykje å seie om so mykje, men kan hende er det mest å seie om byar, og Bergen er ikkje noko unntak. Eg må avgrense meg på eit eller anna vis, og å halde seg til reiseguide-formatet er ei god hjelp då. I kapittel. So her kjem fyrste av forhåpentlegvis fleire kapittel i min høgst subjektive Bergens-guide. Numero Einz: Kaffi og kafé.

Du må gå opp ei lita trapp og inn i eit postkort av eit bergenssmau for å kome til den beste (åtvaring: Her er eg ekstra subjektiv) kaffibaren i Bergen: Det lille kaffekompaniet. Ei trutna dør, murveggar i det dampande, kaffidunstande lokalet, berre fire bord (og vindaugeplass), alltid eit smil frå bak disken, og skikkeleg kaffi, laga med vyrdnad og kjærleik. Eit av dei to kaffi-musta dersom du kjem til Bergen.

Omtrent der den originale bymuren låg, midt i mellom to av Bergen sine kyrkjer, finn du kaffibaren der to gonger noregsmeister i kaffikoking tampar, Kaffemisjonen. Minimalistisk, og du får verkeleg all informasjonen om kaffi du nokon gong har vile hatt, og litt til, frå baristaen medan ho lagar til kaffien. Kaffien her er nok (diverre) litt betre enn den på Kaffekompaniet, med to atterhald: 1. Dei har ibalnt slike eksperimentielle kaffibønner i kverna, og tradisjonalist som eg er, tykkjer eg ikkje ein skal leike for mykje med espresso. Dessutan er dei glade i dei sure bønnene, som øydelegg mjølka. Og like hyggelege som litt lenger oppi smaua er dei nok ikkje, men fagleg dyktigare (sovidt). Must nr. 2

I det nærmaste Bergen kjem slum ligg Kafe Knøderen. Her kan dei ikkje lage kaffi, so her kjøper ein te frå det store utvalet deira eller ein eller annan økologisk, kortreist juice. Hovudgrunnen til å reise på Knøderen er himmelske rugbrødskiver med masse godt på frå oste- og planteriket. Bringebær og brie alliterar både i skrift og i munnen. Ikkje-minimalistisk hipphet, stort og ljost og ein god jazzkonsert i ny og ne.

Ovanfor nemnte slum, på Høyden, vegg i vegg med eit av fakulteta der, ligg Kafe Kaos. Eit salig kaos interiørmessig, alltid fullt, særskilt på solfylte dagar då dei overtek plassen utanfor. Kaffien kjem aldri til å vinne nokon medalje, men lokalet osar av livsglede og du blir sikkert kjent med baristaen eller ein gjest. Kjem du tidleg nok kan du treffe Frank Aarebrot i solveggen, og han er det sikkert lett å bli kjent med, om du nemner førre gallup.

Der ein ei gong fann munkar og kongar på flukt finn ein no møblar og kaffi til sals i same lokalet. Retro er det høvelege namnet. Heller ikkje staden for den seriøse kaffiopplevinga, men eit herleg, alltid skiftande interiør, gode heimelagde kaker og for min del den plassen eg garantert ikkje treff nokon eg kjenner.

Ned bakken herifrå møter ein ein bit trondheimsk imperialisme på Dromedar. Her er kaffien verkeleg god, ikkje minst er dei flinke på smakstilsetningar her. Alltid fullt, opent tidleg for morgonkaffi, å anbefale, men eg trur moderkafeen i Trondheim er staden, altso, eigentleg.

På andre sida av Vågen, oppover den gata som ei gong var starten på postvegen til nemnte by, full av skjenkestadar og horehus, altso når den trondhjemske postvei var i bruk, ikkje no lenger, kan du få kaffi servert av den fermaste vossabudeia på denne sida av Bulken, på Bar Barista, og jammen meg har dei ikkje herleghetar som Smoothie og eit godt utval i alkoholholdige ting ogso, og det er god musikk, og ein kan sitje i glaset og kikke ut på ein av Bergen sine travlaste gater, og dei har gode småkjeks, god kaffi, quiz ei gong i veka, og innehavarska er verkeleg ein turistattraksjon, eg må berre seie det på nytt.

Apropo Vågen: Det er namnet på den koslegaste staden i heile verda, rett innanfor botn av sjølve Vågen, ikkje drikke kaffi her men alt anna gjeng greitt, ikkje minst eplejuicen, og et toast til og et is til dessert, eg garanterar at du vert mett, lukkeleg og full av kjærleik til kokken, servitøren og verda generelt.

Seist, men ikkje minst: Midt i sentrum, der drosjekøen er (m/tivoli kvar natt til laurdag og sundag), kan ein få kaffi frå alle land i heile verda, medan ein les reisebøkar, spelar backpacker og finn ut kva sekk du skal ha med deg på Det Store Eventyret. Chillout er ubergensk i all si reise vekk-kjensle, ukafeaktig med alle sine på tur-effektar, og det perfekte utgangspunktet til å smake kaffi frå alle land kaffi dyrkas kan, gjerne medan ein lærer litt overfladisk om det frå ei lonely planet-bok.

2 kommentarer:

Ingvild S L sa...

Skal si, fin fin-guide, hadde helt glemt Knøderen!

johnmagnus sa...

Tack så mycket!