torsdag 20. mai 2010

Om nasjonalromantikk

Me har nettopp sett på fyrverkeriet, og no sit me i lobbyen på eit hotell teikna av oldefar din. Eg minnes ikkje kva me snakkar om, men eg minnes at me stryk kvarandre på armane. Baren er stengt, men me får lov til å sitje der sidan ei stor gruppe amerikanske hotellgjestar enno sit her, og dei er høglytte og glade og sikkert oppspilte over festivasen ute i gatene tidlegare idag, so dei merkar ikkje det som lignar mistenkeleg på romantikk berre to sitjegrupper lenger inn i lokalet.

Eit par dagar etterpå får eg vite at du set stor pris på å sitje i hotellobbyar og å vakne opp hjå meg, sjølv om du ikkje er særskilt romantisk. Eg øynar håp.

Ingen kommentarer: