fredag 29. oktober 2010

Om 4 kjendisar eg gjerne skulle vore gift med



Ingrid Olava. Med eit atterhald: Eg må sitje på fanget hennar heile dagen, og ho skal syngje coverversjonen sin av "Her kommer vinteren". Eg trudde aldri eg skulle seie det, men hennar versjon er betre enn Jokke sin. Penare enn originalen sin opphavsmann er ho og. Og godt koneemne-namn!




Michael Cera. Åh, han er so søt! Eg får lyst til å klemme han kjempelengje kvar gong eg ser han (på film, eg ser han sjelden i den fysiske verda, diverre). Ikkje berre er han søt, han klarar å vere tøff og sexy med bart ogso, som de ser her.



Om Michael er søt, er Mitch heit. Ein av dei aller heitaste eg veit om. Eg hadde eigentleg lyst til å leggje ut eit nakenbilete av han, men slik ein blogg skal ikkje dette bli. Uansett: Hadde han vore mannen min, hadde me ikkje gått ut av senga.



Sigrid: Eg vil gjerne vere kjærasten din! Blonde, fine sjarmtroll! Stopp jakta og kom til Bergen!

8 kommentarer:

Ingvild S L sa...

De to nederste er litt like :D

Greta-G sa...

Hva med meg?
Er jeg ikke kjent nok for deg?
Eller er jeg ikke blond nok?

/Greta-G

Jenny sa...

Eyh! Jeg er kjendis! Fortjener jeg ikke å være på lista di? D':
(Neida. Og for å være ærlig er jeg enig i alle fire. Hi hi.)

johnmagnus sa...

Humre humre. Sigrid og Mitch er vel berre blonde og har litt lik fasong på fjeset på desse bileta, men dei liknar eigentleg ikkje. No avslørar eg kor mykje eg har glodd på dei, huff.
Greta og Jenny: Riksdekkande TV meir eller mindre jevnleg eller tilsvarande er kriteriet for kjendis. So de fell nok diverre utanfor.
Men de er bra til dykkar bruk!

Lina Kristine sa...

Eg anntar at eineste grunn til at eg ikkje står på lista er fordi eg ikkje er kjendis nok? Eg har forresten vært i Os og Fusa posten ein gang eg hadde bursdag. Dessuten stod navnet mitt i menighetsbladet i Vaksdal når eg gifta meg! In yo face!

Jenny sa...

Men jeg VAR jevnlig på riksdekkende TV! Hver søndag på NrK i tre uker, høsten... 2006? Syns definitivt jeg burde være med på lista di *hrmf*

faehe sa...

Sjarmerende!

Anonym sa...

Det er med stor glede eg observerar at omtrent alle venninnane dine som har kommentert her har indikert at dei er snurt over at dei ikkje er på lista.
For idet eg las overskrifta tenkte eg "Åh, eg er sikkert ikkje på den lista, no skal eg påpeike at eg burde ha vore der."
Konklusjon: Du var fine venninnar.