onsdag 10. november 2010

Om at kjærleiken sit (eller dei vitskaplege prova på at at ein legg att ein bit av hjartet sitt kvar gong ein elskar)

Kvantefysikken har funne sterke indisium på at partiklar kan kommunisere med kvarandre. Dessutan at dei kan vere fleire stadar samstundes.

Den filosofiske fenomenologien hevdar det finst eit kroppsleg minne, at kroppen minnes korleis handlingar skal utføras, og at den kjenner att ting den rører ved dersom den har rørt ved dei før. Dessutan at kroppen kan forlengjast: Når du nyttar ein hamar, vert hamaren som ein del av kroppen din å rekne. Når du køyrer bil, vert du og bilen same kropp.

Dette er blant dei alle nydlegaste tankane eg kan tenkje meg, dei opnar for so mykje. At minnet om alt hår eg har stryke gjennom framleis ligg mellom fingrane mine. At to hjarte kan snakke saman. At to elskande faktisk kan vere ein, ikkje minst.

Ven vitskap.

2 kommentarer:

Arya sa...

Og så lyt du hugse, at avstand ikkje har noko å seie, så som elskande kan ein vere eitt uansett kor langt ein er frå einannan. DET er vent det!

Jenny sa...

Og når det er noe du har fortrengt, vil kroppen din fortsatt huske det.

Av og til snakker jeg med et eiketre, og jeg vet at selv om forbipasserende tror jeg er gal hører treet meg. På en eller annen måte. Om det så bare er karbondioksid som jeg puster ut som har en eller annen slags innvirkning på lufta som treet puster inn, akkurat som oss.