onsdag 17. november 2010

Om deg som søv burt dine draumar

Det er so lett å berre vente, sitje å sjå ut av glaset, på måkene som flyg rundt den raude kyrkja, og vente og håpe. Drøyme om ting like handfast som mursteinsveggen du lenar deg mot når du ikkje orkar sjå ut i sola lenger.
Me drøymte om kvarandre, og drøymte kvarandre fram til me blei konkrete som betong og mjuke som ein grasplen om hausten, og so sov me draumane burt. Eg sovna inn i tornerosesøvna, og du sovna inn i snøkvitsøvna. Medan lippene våre blei til glas byrja eg å drøyme om andre stadar, det same gjorde du, og denne gongen kjem me ikkje til å sove dei bort. Men eg kjem til å sakne deg når du er vekk, og me skuldar kvarandre ein klem.

3 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

Ordet "vakkert" kjem til kort - eg trur "vent" er det einaste som passar.

Marius sa...

Hjelpesmeg... Denne bloggen er fantastisk. Hver gang du skriver, blir jeg bare paff. Du treffer alltid noe jeg ikke har satt ord på selv, og som jeg kanskje ikke har visst om, men som jeg likevel har følt et eller annet sted. Du er flink. Til et aller annet, i hvert fall til å skrive. Hilsen random-Marius :).

johnmagnus sa...

SV: Tusen takk, det varmar hjartet!
Det same gjer denne oppfølgjinga:

-Hvordan går det med å finne kjærste?
-njaaaa, slik...halvvegs
-gjør det det?
-...nei, ja...,...
-du har snart kjæreste du. Hadet, sov godt