lørdag 5. februar 2011

Bergensguide del 2: Åtte ting å gjere i Bergen gratis, og to når du må spare og ikkje berre vil sitje heime med linser og ris

1. Klatre opp mot det gamle brannvakttårnet (eg likar å tenkje på det som fyrtårnet, og det er jo ikkje heilt gale) på Skansen, anten heilt opp eller stopp under eit av lindetrea i eit av svingane, og sjå på solnedgangen. Dette er aler best dersom du har nokon å kysse, ja, minst like bra som Sacre-Coeur om ikkje betre, for her er det ingen romantikk-turistar, berre romantiske lokale, dessutan er du garantert å finne din heilt eigne grasflekk, og dersom du bur i Bergen og din kjæraste berre er på besøk eller ny i byen, vert han garantert overlukkeleg.
Fint eismall òg.

2. Gå under jorda. Det er mange stadar, og eg kjenner dei ikkje kjempegodt, men du til dømes kan gå ein av dei gamle hamnebanane, nedlagte jernbanetunnelar frå jernbanestasjonen til høvesvis Dokken (hamna på Møhlenpris) og Bontelabo (hamna mellom festningen og Skuteviken), kvar av dei har sin eigen sjel, og du mistar all kjensle av tid og rom, og det er kjempemerkeleg å vite at over deg sydar byen.

3. Gå på kunstgalleri. Kunstmuseet og Kunsthallen er latterleg overprisa, og du kan jo aldri vite om dei skiftande utstillingane er verdt å sjå (eg minnes enno med skrekk "Looking is political", den fyrste eg såg på Bergen Kunsthall), men det finst mange, særs gode galleri og kunsthandlarar som er heilt gratis, særskilt 3,14 som aldri er skuffande, eller visningsrommet på USF Verftet, for ikkje å snakke om galleri-butikken KNOT på Klosteret. Og ofte er det vernissage på fredagar, og då bør du utnyte høvet til gratis inngang og gratis sjampanje på Kunstmuseet eller i Kunsthallen. Lat som om du tek til fleire enn deg sjølv, so får du eit ekstra glas. Dei vante vernissage-gjengarane har uansett ikkje godt av meir alkohol.

4. Om sommaren: Bad på Verftet. Velsigna fritt for ekle saltvass-ting som skjell og tang, det nærmaste ein kjem kunstige svaberg, mange fine folk som solar seg, midt i byen mest, og ikkje minst - i tillegg til å bade irriterar du dei ekle, rike folka som bur i det tertefine borettslaget bak deg (slike som godt kunne klart seg utan kjøt, men and, det må dei ha).

5. Om vinteren: Ak ned frå Fløien. Dette er eit must når det faktisk kjem nok sno, for det er eit adrenalinkick av ei ana verd. Ein av dei få plassane dessutan som vert glatt nok til at søppelsekkaking vert bra, so om du ikkje har råd til akebrett gjeng det fint. Ver obs på at ein søppelsekk er vanskeleg å styre, og det er ganske dumt på veg ned frå Fløien sidan du risikerar å lande i skogen eller bli drept i det du treff ein fjellvegg eller metallrekkverket, men ærleg talt, kor ofte risikerar me livet i Noreg i dag.

6. Spel sjakk i bakgarden på psykologisk fakultet. Det er lett å klatre inn frå Nygårdsgaten, dei seiste vekene har nokon til og med satt opp ein stige. Det er sjølvsagt slik sjakk med mannshøge brikker eg snakkar om. Aller kjekkast dersom du har ein eingangsgrill, eller alle best tør å tenne eit bål, og har noko å grille. Det er stor fare for at Securitas kjem, men hugs at dei ikkje kan gjere ana enn å be deg om å gå - ikkje ei gong om å oppgje namnet ditt. So ver høflege mot dei og stikk før den ordentlege snuten kjem - de rekk nok å spele minst eit parti (kan hende ikkje dersom de fyrar bål, men dette har eg ikkje prøvd, berre hatt lyst til å gjere)

7. Drikk kaffi på HF sin studentpub, Ad Fontes, den kjem du til gjennom døra bak HF-bygget (rar stad med flott utsikt!), og kaffien er gratis! Gje gjerne tips.

8. Les aviser frå heile Noreg og verda i kjellaren på det offentlege biblioteket. Her er det ogso kaffi som er nesten gratis - tre kroner! Legg avisene på plass etter deg, er du snill. Dette er ogso det perfekte høvet for å lære språk - ta med deg ordbok og gramatikk og lær gjennom avisene. Kan hende kjem du ogso i kontakt med ein av våre nye landsmenn som ser at du lærar språket hennar, so får du munnleg praksis og ein ny ven i tilleg.

9. Et middag på Kvarteret. Prisane er ved fyrste augekast ikkje mindre enn på ein vanleg kafe med greie prisar, men porsjonane du får er enorme, og kokken er ekstremt oppteken av at ein skal ete skikkeleg komponerte måltid, so du er garantert ein frisk salat (heilt fri for mais og kinakål) med heimelaga dressing, masse brød og smør, i tilegg til ein gedigen tallerk lasagne, curry, suppe eller kva du no har bestilt. Dessutan kan du få gratis kaffidrikkar her, dersom dei som stend bak disken ikkje har brukt maskina før, og det er ganske ofte. Gode er dei sikkert ikkje, men det er no kaffi og det er no gratis!

10. Gå på krasjkurs i folkedans på Gimle, det fantastiske huset til Ungdomslaget Bull-Ervingen! Det kostar alt frå ingen ting til femti kroner, er kjempemorosamt, trim, og du kan godt gå eismall for når det er pardans er du jo garantert å treffe nye folk (dans er jo den perfekte isbrytar). Dessutan er du med på å vedlikehalde den norske kulturen. Eg skulle faktisk på gratiskurs i halling med ein frå Frikar (!) i dag, men søv lengje i staden.

Eg har laga Google-kart til dette innlegget! Teknologi er artig iblant!:


Vis Gratis (eller nesten) i Bergen i eit større kart

Ingen kommentarer: