søndag 20. februar 2011

Om korleis det faktisk såg ut (meir eller mindre) (eller: Eit fotografisk utval av livet mitt medan eg var bloggar)

Då eg fyrst baka, og so blei blond (eg har sørgja for at det ikkje finst fotografiske prov på det seiste).




Hotellet me budde på i Berlin, spanderte Fernet på resepsjonistane, sto nakne i snøveret på balkongen og drakk vin, og ikkje minst rota veldig mykje på romet. Dama bak disken er ikkje ein av dei me traff, men ho er sikkert hyggeleg, ho og.





Fråtsing og matlaging saman i kjent stil (eigentleg ikkje det måltidet eg skreiv om her, men pytt)






Å spele i eigen dramatikerdebut
(eg burde hatt bilete av festen)




Ein av dei eg gjerne skulle ha lukta i nakken



På paljettdate



Her sat me på 17.mai og var romantiske.




Grøn bukse
og raude sko langs kanalane i Amsterdam



...og edderkopphotell i Mumbai.




Det var alt. Takk for meg, og vel blåst. Det hjelp å smile til verda.

3 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

No som du gjer alvor av planane om å flytte ut frå bloggen, nyttar eg sjansen til å takke for alle dei fine tekstane du har posta her! Det har vore ein fryd å lese.

nattvake sa...

Kjære John Magnus,

Det er trist ikkje å skulle lese meir frå deg i dette vene rommet av cyberspace, men eg kjem til å halde fram med å smile til deg i skjul når eg ser deg i Bergen by. Takk for fine tekstar. Eg er samd med Åsne, det har vore ei fryd.

(ps. eg skal skrive masteren min om fortidsminnevern. Den mest usexy delen av kunsthistoriefaget.)

Sofie

Amalie sa...

hvorfor skal du slutte????
Du kan jo heller ta ein pause!!
Bloggen din er jo så fin :)