lørdag 14. november 2009

Om inspirasjon

Eg er midt oppe i eksamen, nærare bestemt heimeeksamen. Eg er nesten ferdig no, til trass for at eg mest aldri har kjent meg inspirert til å skrive denne veka.
Kva er eigentleg inspirasjon? Eg kjenner meg oftast inspirert om kvelden, ofte er det ein inspirasjon utan retning, berre ei trong til å handle, skrive, utføre eit eller anna. Andre gonger får eg slåande idear og må realisere dei, det er oftast ein anna slag inspirasjon, som sjeldant fører til at noko vert gjort ferdig, men at noko nytt vert påbyrja. Til slutt er det den inspirasjonen eg får når eg har satt i gang med noko eg eigentleg ikkje hadde inspirasjon til i det heile, og etter kvart som eg kjem inn i materien dukkar inspirasjonen opp.
Eg har ikkje komme nærare nokon definisjon, eller kan hende har eg det. Inspirasjon er relativt synonymt med lyst. Det er ein trong til å gjere noko, ei gledje ved å gjere det du gjer. Det viktigaste kjenneteiknet ved å jobbe inspirert for min del er at utfordrande ting sjåast på som spennande ting å løyse, ikkje som eit ork. I tillegg gløymer eg tida når eg er inspirert, eller eg er særs merksam på at den gjeng for fort, ikkje for sakte. Samstundes er ikkje inspirasjon berre å ha lyst til noko - eg har ofte lyst til å skrive utan å vere det minste inspirert. Det må vere eit overskot, ein energi i meg, noko som gjer at eg kan gyve på.
Kva skapar denne energien? Mykje: Ting eg ser rundt meg, folk eg snakkar med, ting eg les. Det er mest umogleg å oppsøkje inspirasjonen, det kjem mykje an på sinnsstemninga eg er i trur eg. Det som verkar best er å slentre rundt i byen.
Sidan inspirasjonen vanskeleg let seg framkalle er den ubrukeleg som naudsynt arbeidsverkty, eg er nøydd til å jobbe ogso utan inspirasjon. Eg har funne ut at den oftast kjem etter kvart dersom eg driv med noko eg har stor grad av fridom i, og dersom eg ikkje har mange ting som forstyrrar meg i omverda eller mentalt. Ofte heng desse to tinga saman.
Eksamensoppgåvene me har fengje er ikkje so veldig interessante, det vil seie, dei er jo det, men særs, særs lite tøylege. Det gjer meg misnøgd. I tillegg har eg, sjeldant nok, laga ein stram disposisjon av di eg berre har ei veke på meg. Slik planlegging har eg sjeldan gjort korkje i akademisk eller skjønnlitterær skriving, eller i brev forsovidt, og det hemmar inspirasjonen og skrivegleda enno meir - det vert ikkje so lett å vere inspirert når ein meir eller mindre veit kva ein skal skrive i overimorgon. I blant har den kome, dog. Ofte som ein inspirasjon til å vere flåsete. Då skriv eg at Guernica av Mister Pablo ikkje argumenterar deskriptivt av di ingen enno har funne opp ei bombe som får menneske til å sjå ut som Picasso-figurar, lagar nokre kreative nynorsknyord, før eg finn ut at no bør eg halde meg til sjanger og kommunikasjonssituasjon her og det er nok best å gå heim for å sjå på gamle Disney-filmar i staden, so får inspirasjonen ha det so godt, sidan den berre dukkar opp for å mobbe akademia.

Ingen kommentarer: