fredag 7. mai 2010

Om sex og sanning

Nina Karin Monsen skreiv i går i Klassekampen att, i etterdønningane av det vel omskvaldre Hjernevask.
Ho knyttar biologi til sanning: Den freistar å skildre mennesket og røyndommen slik den faktisk er.
Det ho kallar sosialdogmatikarane derimot, statssosialistar og statsfeministar, er i mot biologien av di den støttar eit patriarkalsk, tradisjonelt og kristen syn på verda.
Ja: Det patriarkalske, tradisjonelle og kristne synet på verda stemmer. Det er altso rett at kvinna er underordna mannen. Det er rett av kvinna si oppgåve er å føde born. Det er rett at Gud kom til jorda som menneske for å døy for syndane våre. Det er rett at familien er det sentrale punktet i vår siviliasjon, det som held samfunnet oppe og førar mennesket framover. For det let kvinna føde born og mannen vakte og fore ho.
Det har biologien prova. Slik står det skrive i genane våre.
Sosialdogmatikarane er tyrannar som vil det nye mennesket, som alle tyrannar. Dei er mot familien fordi ein svak familie opnar for ein sterk stat. Dei vil nemleg herske over oss. Me skal splittast opp, og all sanning opphevast, slik at staten kan kontrollere dei svake, enkeltståande oss, utan nokon sikker sanning eller patriarkalsk familie å stø oss til.
Å vere homoerotikar, som ho kallar det, er å vere mot sanninga. Anten er det ein genfeil, og då kan du få trygd og terapi, elelr so har du valgt det sjølv, og då er det eit brotsverk mot den biologiske sanninga, den våre heilage kromosom forvaltar på vegne av Gud som døydde for syndane våre og lot Anden kome over oss (ein kan finne det provet i genane våre ogso, det finst visstnok religiøse gen. Generøst av Gud at han hjelp oss til å tru gjennom aminosyrane våre.)
Då eg var tretten-fjorten, var eg nok det Monsen ville kalla homoerotiker. Mest all mi seksuelle lyst gjekk mot same kjønn. Men eg blei, opptil fleire gonger, forelska i det motsette kjønnet, og berre i det...
Var det genene, sanninga i meg, som streid mot mi løgnaktige vilje? Men då er det jo rart at nettopp det som skal til for å skape born, penetreringslysta, absolutt ikkje blei innfluert. Kan hende hadde eg ein liten genfeil, og mi moralske, sanne oppdraging sloss mot den so godt den kunne ved å skape romantisk kjærleik?
Ein kan seie mykje om oppdraginga mi, men patriarkalsk, tradisjonell og kristen moral var det ikkje so mykje av. Nestekjærleik kan hende, men elles heiv vel foreldra mine det meste av den på båten. Homoerotikar var eg tydlegvis då, og er det enno, meinar Monsen. Hello Sir. My name is JM, and I do define myself by my sexual lust.

"Kjærleiken er det einaste ingen stat, ikkje noko samfunn, ideologi eller religion har klart å undertrykkje hjå menneska. Dei har freista å få den inn i konvensjonelle formar, ekteskapet, men dei har aldri klart å kvele dens ville stiklingar. Homofili, prostitusjon, ungkarsliv, ja, sjølv dei av paven velsigna munkeordenar, er frie, ville skot av kjærleik. Den seise og for alltid frie delen av mennesket"

2 kommentarer:

Amalie sa...

eg må sei du skriver så fint... men penetreringslysta.. eg merke eg vrir meg litt... usj for eit ord.

johnmagnus sa...

Takk takk! Fram for det styggfine ;)