lørdag 29. mai 2010

Om ei fin overrasking

Darling lisle vene, dersom nokon hadde sagt meg, fyrste gongen eg traff deg, at ord frå deg skulle bli slike trylleord som gjer meg gladare enn gladast, hadde eg ledd og svart at dei neppe kjente korkje meg eller deg. Eg trur ikkje eg likte deg eigong, og noko slikt som det me har no tenkte eg ikkje ei gong på kunne vere potensielt. Men jo då, ei fin overrasking med mange fine overraskingar etterfylgjande. Sjølv om me enno er på kvar vår klote på mange måtar, og eg iblant har den uvana å gruve meg til å gifte meg med familien din, blir eg litt meir håpefull kvar dag og tenkjer til og med mest på deg når eg høyrer einskilde abba-songar. So kan marinegastar vere marinegastar i fred og kunstnarane forfylgje inspirasjonen, eg har det finast når eg kan bråke berre med deg akkurat her.

3 kommentarer:

Jenny sa...

Virkeligheten din høres så grøssekoseligfin ut. Jeg misunner den litt, tror jeg.

johnmagnus sa...

Ha ha ha ha. Eg skal vel ikkje klage over røyndommen min, nett no er eg eigentleg ganske nøgd når eg tenkjer etter, men eg tykkjer absolutt ikkje den er noko å misunne. Eller, når eg var tenåring trur eg eg hadde misunt meg sjølv slik eg har det no. Det er drit å vere tenåring, for det aller meste.
Eg misunnar deg ganske mykje, du er på mange måtar tøffare enn det eg var på din alder (huff, tenkt at eg har blitt so gamal at eg har byrja å nytte slike uttrykk...)

Jenny sa...

Takk!
Jeg er som en lommelykt - tøff og nyttig når jeg skrus på og helt ubrukelig når jeg er av. Og så trenger jeg av og til å bytte batteri. Hihi.
Oldis <3