Han lisle, veldig pene eg ser på Sydnes, som alltid ser so trist ut, ja, iblant verkar det som om han har ingen gleder i livet. Eg har sett han ei gong på Kvarteret på kveldstid, og då hadde han tydlegvis ein del fleire gleder å nyte. Eg lurar på kva du tenkjer på som gjer deg so mutt, og kva som skal til for å få deg glad.
Ho som gjeng på førelesingar saman med meg, er ogso veldig pen, særskilt har ho eit utruleg flott, blondt, krullute hår, på førelesing er ho alltid saman med nokon eg kjenner, men eg ser ho aldri andre plassar på førelesingar, og ho seier aldri eit ord, og eg lurar på kvifor nettopp du har blitt so god ven med tre sopass skravlete personar, og kvifor du er so stille, og om du sit åleine og skjelv av gledje over den store kunsten når du ikkje er på kunsthistorieførelesing
Han som bur tvers over gata for meg, og ei gong i blant set seg på smijernsbalkongen, tek seg ein røyk og kikkar lukkeleg ut i lufta. Eg lurar på kva det er du tek deg fri frå sidan du ser so nøgd ut, for noko travelt må det vere sidan du tek desse pausene so sjeldant, eller er det kan hende berre meg som aldri ser ut av glaset til rett tid?
Ho som skriv ord av korallfiligran på verdsveven, der ho har ein hemmeleg (trur eg i alle fall) identitet eg trur eg er den einaste som har gjennomskoda, og når eg treff ho i den ikkje-virtuelle og smiler smilar ho litt nervøst attende, og eg lurar på om det er fordi du er redd eg skal la to verdenar du helst vil halde adskilt kollidere.
(eg kjem ikkje til å tillate at dei gjer so)
Ny blogg!
for 6 år siden
4 kommentarer:
Nydeleg filmaktig utsnitt!
SÅ fint. Der eg kjem frå bur ein nabo som eg har tenkt på så mange gonger at han har fått minst ti forskjellige identitetar. Det er så fint å vera nyfiken <3
Så veldigveldig vakkert!
kjærleik.
Du er god du
Legg inn en kommentar