onsdag 26. mai 2010

Om å vere a working class hero på feil klote

Trur de at arbeidet adlar mannen? Eg er usikker. Meir sikker er eg på at eg høyrer til arbeiderklassa. Rett nok stammar eg dels frå frie bøndar, dels frå den lokale embetstanden, og foreldra mine eigde eigen arbeidsplass, men toppen vår blei nådd då min oldefar blei lensmann, og før det var han husmann, og etter det har det vel gått nedover. Den sjølveigde garden var ein sveltihelgard i ei fjelli der ein måtte jobbe rundtom i tillegg til å drive garden, og mamma og pappa jobba minst tolv timar om dagen og fekk aldri akkumulert kapital. Sjølv er eg student, og vel slik i grenseland, den akademiske elita tilhøyrer vel uomtvisteleg til ei heilt annan klasse enn den arbeidande, men - sjølv om storesyster ler av meg når eg seier slike ting - i dagens studiepoengsmasseproduksjonsregime vil eg påstå at eg er ein andsarbeidar som produserar studiepoeng slik at universitetet kan akkumulere kapital, og i tillegg får eg ei luseløn som gjer at eg må ta ekstraarbeid innanfor servicebransja, og det er dagens filleproletariat, med låg løn, mellombels kontrakter og lite fagorganisering, mykje standing som er dårleg for ryggen og for min del nett no varm vassdamp spedd med kvelande eteriske oljer og eit presisjonshandverk som slit på ledda.

Eg var heime i Telemark i konfirmasjon i helga. Eit keisamt helvete, hadde det ikkje vore for tantefamilien (som underhaldt på båe sider av sjølve høgtidelegheita) og at eg fekk lov til å gå i bunad. Eg er jo ein tradisjonsberar. Meir tvilsamt er det om eg klarar å bere arbeidstradisjonen. I ei av talane til den unge konfirmant vart det framheva at han var flink til å jobbe.
Eg lurar på om eg er flink til å jobbe. Pappa spurte systra mi om det då eg nettopp hadde blitt tilsett hjå ho. Ho svarte ja, mykje for å gjere pappa glad. Pappa meiner at arbeidet adlar mannen. Eg er som sagt usikker, men eg trur eg er ein av dei få i min familie som er det. Medan eg sprada rundt i bunaden, fekk eg mange spørsmål om kva eg dreiv med no. Eg svarte som sant er at eg studerar retorikk. Det klassiske oppfylgjingsspørsmålet: Kva blir du då? Kva jobb kan du få?
Tja. Eg veit ikkje. Eg har mine aningar, men eg veit ikkje. Det er ikkje så viktig, og det prøvar eg å seie, men eg klarar ikkje å seie det med den sikre og stolte tonen i stemmen eg freistar å ha. Eg seier det lattermidlt og orsakande, og gjev inntrykk av at eg er ein soseladd som studerar for å gjere lite på staten si rekning og utsetje alle val i livet. Og litt sant er det kan hende: For om eg er ein del av arbeiderklassa, er eg neppe nokon proletar, eg er for mykje ein posør, estet, hedonist og dilletant som nyttar mykje tid på lediggang til å vere det. Og då følar eg meg på feil klote, sjølv om eg burde glidd rett inn med mi klingande fjelldialekt og tilhøyrande bunad. Og dårlege råd, for eg var sikkert den fattigaste i det selskapet.

Eg veit ikkje om arbeidet adlar mannen. Eg veit ikkje om målet mitt skal vere å gå ein stad eg mislikar kvar dag, bli sliten og berre gle seg til feriane, for på kveldane er eg so sliten at eg må sove, sjå søppel-tv eller drikke meg vaken. Eg veit at kvar dag ikkje kan bli eit eventyr der eg realiserar meg sjølv til fulle kvar dag, og eg veit veldig godt at ingen ting er farlegare enn at me blir ei global overklasse som lev på andre verdsdelar sitt arbeid, og eg veit at ein må arbeide, ein må skape noko og halde enno meir ved like. Men: Må me arbeide so mykje? Alle desse tinga våre drep jo planeten vår? Og vedlikehald økonomiske makstrukturar både lokalt og globalt?
Det er bra med folk som er flinke til å jobbe, og det er moro å jobbe ogso. Men nokon working class hero kjem aldri eg til å bli, med mindre den rolla vert omdefinert i ein retning eg hadde likt betre.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Sprading i bunad er flott, om enn konfirmasjonar kan bli litt langdryge. Og no kjenner eg ekstra sterkt at eg ikkje burde ha spurd deg det klassiske spørsmålet(meir enn det eg gjorde to sekund etter ferdig uttalt spørsmål), båe av hensyn til deg, som då må svare på slik smalltalk, og meg sjølv, som eg har lova å ikkje stille akkurat det spørsmålet ut høgt til folk, sjølv om du ikkje er den første (og truleg ikkje siste) eg har spurd. Til mitt forsvar så spurde eg kva ein kunne gjere med kunsthistorieretorikk, og ikkje kva DU ville, men sånn eigentleg vert det vel det same? Uansett, orsak... Kvifor skal mann adlast? Fine bloggen <3

Greta-G sa...

Så dyp du er!
Og flink til å skrive. Får meg til å tenke. men så studerer du jo retorikk, da. Kanskje du kan få jobb som riks-blogger?

Jeg syes du er en working class hero, det må jeg si.

Takk for fine kommentarer på bloggen min <3

/Greta-G