torsdag 2. september 2010

Om stadar eg har vore som eg aldri skal attende til.

Retorikar som eg er, oppteken av einskildhendinga, trur eg at det ikkje berre er arkitekturen, landskapet, luktene som gjer ein stad, men ogso menneska (sjølvsagt) som er forgjengelege. Enno meir forgjengelege er samhandlingane menneske i mellom, veret og det me fann på når me var nettopp der, og difor tykkjer eg det gjer meining at eg aldri kjem attende til ein stad. Det gjer meg trist å vite at eg aldri kjem attende til området rundt Kurfürstendamm i Berlin, eller kan hende oppsøkjer eg adressene der, men det vil ikkje vere mykje kaldare enn vanleg i Berlin, eg kjem ikkje til å ha ein tigerkjærast, damene i resepsjonen kjem ikkje til å vere bakfulle og pengane kjem til å vere fleire eller færre. La Vucciria på same måte, stanken kjem til å dra fram alle minna, men eg skal ikkje stå på balkongen til Signora Maria, skal ikkje rigge ljos i ein stall, skal ikkje site i timesvis foran ei øydelagt dør og kjenne frityrlukta frå naboen, skal ikkje gå gateløpa rundt og rundt medan eg et is og snakkar drit om sjefen.

Verst er det vel at eg aldri meir skal attende til heimbygda mi. Det kjem ikkje fleire slike påsker med alle syskenborna og tantene sin samla galskap og skiglede, slike joleftenar med ete- presang- og spelegilde, slike sommerar med teater, fjerne slektingar, marinering i ferskvatn og benkesitjing i heile sentrum. Slike kvardagar. Og dei er minst like mykje Fyresdal som Vikfjell, Fyresvatn og Folkevang er det.
Eg kjem aldri attende.

1 kommentar:

nattvake sa...

Eg skal nok ikkje attende til den vesle bygda i Sogn. Det er litt vemodig igrunn. Iallfall blir det ikkje eg som kjem attende, og ikkje dit eg kjem attende til. Mykje er annleis, men det er vel ei naturleg utvikling.