torsdag 9. september 2010

Om swinging dancing shoes

Eg likar best å gå berrføtt. I Italia meir enn nokon anan stad, men der fekk eg ikkje lov. Slikt gjer ein berre ikkje i paven sitt land, og eg hadde fått streng beskjed om å ikkje skjemme ut teateret for dei landsbybuarane. Dei var enno skeptiske, etter tredve år.
(Eg skjemte ut teateret ved eit par høve, men det er fire andre historier).
Ikkje so rart at det tok lang tid før eg fekk sansen for sko, altso. Det hjalp nok å flytte til Bergen. Som min særs antimaterialistiske pappa sa; her treng ein faktisk å bytte sko tre gonger i løpet av ein dag.
Veit likevel at eg blei fanga før, faktisk nytta eg mine fyrste kjærleikssko (dei tidlegare skoa mine hadde vore meir som ynskte born) for fyrste gong dei dagane me hadde flyttesjau vekk fr det huset eg hadde budd med pappa dei fleste barneåra mine. Eg har dei framleis, nektar å kaste dei, nektar å pakke dei vekk, sjølv om såla berre heng fast i læret med nokre trådar, for ingen sko pustar so herleg, eller er so VANVITTIG gule og grøne! Sjølv om fargane rett nok har falma og er blitt grumas til leiar dei framleis hugen min opp mot høgare sfærer. Anagogiske sko.
I ei liknande forfatning er mine fyrste converse, som i tillegg er eit nummer for små, og altso mest umogege å få på og av, særskilt når dei er våte, og det blir dei jo ofte her. Det er ikkje kvar regnversdag eg orkar å ta på dei tunge støvlane, sjølv om dei er dekt av peonar og asters, og utmerkte å danse salsa i.
Danse: Eg har to skopar som kom i skoask der det sto "swinging dancing shoes". Det eine paret er favorittane mine for tida, eg likar dei betre enn eg likar fleire menneske eg kjenner. Skinnande raude, Elvis og dei blå skoa kan bere gå heim, mine er rraude som ein god tomatsaus og hjarte i anatomibøker for born. Saman med dei grøne buksene mine skal dei valse inn i solnedgangen.
Som sjølvsagt er lilla.