søndag 20. februar 2011

Om å flytte ut

Eg er på den staden eg ei gong flytta ifrå no. Kan hende let eg meg lure av eit vinterparadis, gledja over å lage teater kvar dag, verdas framleis beste seng, blonde krøllar, men trass alt: Det er betre enn det har vore på lengje. Eg har mest lyst til å flytte heim att, men eg trur eg skal nytte reise- og oppbrotslysta mi til å take litt lengre og meir modige reiser. Om ei stund, det er mykje å gjere enno, og mykje eg bør gjere betre slik at eg ikkje luskar vekk frå eit reir.
Eg tenkjer mykje på meg sjølv for tida, forstå det slik at eg er i ein ganske lang sjølvevalueringsprosess. Fælt ord, og litt fæl ting ogso, men eg trur det er rett no. Som skrive i førre innlegg er eg på god veg til å bli grinete, fordi eg er litt bitter rett og slett, og eigentleg burde eg ikkje vere det - sjølv om eg kanskje har tusen gode grunnar. Eg må bli litt vaksen på fleire måtar og bryte barnleg uvanar, flytte sinnet mitt litt.
Ein stad det skal flyttas ut frå er denne staden på verdsveven. For godt. Den har blitt det den ikkje skulle bli når den blei fødd i 2008. To og eit halvt år er ei grei levetid i bloggosfæren tykkjer eg; meir enn Voe, t.d.. Lesartalet kan eg heller ikkje seie noko på. Det eg skriv her derimot har vorte for lettvint, og skalet av anonymitet eg gjerne ville ha er vekk for alltid. Om eit par månadar er denne nettstaden, og all tekst lagra på han, det same.
Farvel, kjære blogg og lesarar. Eg skriv kan hende blogg att, men i ein annan form, og aldri meir mellom stolane. Sjølv om det vel er der eg høyrer heime og aldri vil flytte ifrå.

Dette er nest seiste innlegg. Ein skal jo ha nedvask óg.