tirsdag 15. februar 2011

Om å vere positiv og slikt shait

Eg skal gjere noko med innstillinga mi imorgon, for eg byrjar å bli ein gamal grinebitar og litt av ein drittslengar. eg skuldar på veret og tek det att på sjarmen.
Idag skal eg derimot klage litt, for eg sit på Drammen stasjon i halvanne time ++, og som ikkje det var ille nok i seg sjølv, er venteromet stengt og ein er henvist til eit varmetelt. Det er ikkje særskilt varmt, skal eg seie dykk.
Heldigvis har eg Querelle de Brest i snippveska! Den må de lese. Fint sitat:
"Querelle! Alle Quereller i krigsflåten! Vakre sjømenn, dere har alle den søte smaken av villhavre."
Apropo sjømenn i krigsflåten, grinebiting og positivitet
Dedikert til min eigen Querelle i krigsflåta, heile shaiten. No gjeng toget og eg skal vere ei heil veke i barndomsheimen i ei bygd utan eye-candy. Jaja. Bra eg skal byrje med positiv innstilling. Hurra!

3 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

For å sitere Oscar Wilde igjen, "Anybody can be good in the country. There are no temptations there." ... eller?

johnmagnus sa...

Sei ikkje det! Eg var nok for negativt innstilt. Brått har det som før var heimleg, blitt litt uvand, i fleire retningar.

Åsne Hagen sa...

Hihi :-)