onsdag 13. januar 2010

Om kåpa mi, The Rocky Horror Show og St. Sebastian

Det er vinter i Noreg, til og med i Bergen. Sidan i fjor har vinterjakka mi vore ei kåpe som ei gong tilhøyrde oldemora mi. Sidan i år har kåpa hatt knall raudt for, den fargen eg sjølv har gjett namnet konkubineraudt (sidan det er fargen som gjeng att i dei aller aller fleste kinarestaurantar, og eg tykkjer den ser litt horete og vulgær ut). Kåper med konkubineraudt for er ikkje eit plagg ein vanlegvis assosierar med sverdsida, ikkje ei gong med HF-studentar innanfor arten (der herskar duffelarmeen til alle året sine tider, eg må med ei blanding av sorg og gledje melde om at eg truleg vert sesongsoldat der frå og med våren av). Difor har eg dei seiste dagane fundert på ein motreplikk til ein replikk eg forventar kjem frå ein av mine kjente i næraste framtid, nemleg "Den kåpå der va vel ikkje akkurat maskulin, va den vel?". Då skal eg svare "Nei, det er difor den berre kan brukast av menn som er sikre på sin eigen maskulinitet". Eg tykkjer det er ein god motreplikk. Diverre trur eg nemnte kjente kjem til å ha eit svar klart til den ogso, nemleg "Å være sikker på sin maskulinitet forutsette vel at ein har ein". Eg har ikkje nokon fengjande slengmerknad til den enno...
Mange menn er litt for opphengt i å vere mannete. I hine hårde dagar kunne eg bli skulda for å vere feminin grunna mitt lange hår, etter at eg forlot heimbygda til fordel for dei meir urbane strøk skjer ikkje det so ofte lenger (med unntak når eg er på brun pub fyrste joledag og fulle menn sjekkar meg opp når dei berre har sett ryggen og bakhovudet mitt. Eg forstår ikkje korleis nokon kan vere so desperate at dei sjekkar opp nokon dei berre har sett baksida av kroppen til, men dei om det), men eg merkar at kåpa er meir enn einskilde likar. Eg skal straks innrømme at eg gjer det med vilje, likevel mislikar eg ogso fenomenet. Truleg er ogso eg litt opphengt i min eigen manneteheit. Det irriterar meg litt, sidan eg er veldig glad i og ikkje minst fascinera av androgynitet, og dyrkar androgynitet på so mange måtar som råd. Eg trur androgyniteten kan bringe fram venleik som elles hadde vore skjult, og ikkje minst medverke til å bryte kjønnsrollene me har sementerte i hovuda våre.
Interessant soleis at eg skal vere produksjonsleiar for studentteateret si oppsetting av The Rocky Horror Show denne våren. Her er jo nettopp det androgyne særs so sentralt, hovudpersonen er nemleg ein hipp transvestitt (frå transseksuelle Transylvania). Maskuliniteten og mannekroppen syngjast - bokstavleg tala - opp i skyane - ogso mest bokstavleg tala - den særs tradisjonelle, muskelmannenete mannen til og med! - men han som syng prisen er eigentleg det motsette av alt dette! Ganske interessant, eigentleg, frå både skeive, rette og ikkje minst reint humoristiske perspektiv. Kor mange tradisjonelle menn likar tanken på å få kyt frå ein homofil transvestitt liksom?
St. Sebastian var ein helgen som leid martyrdøden ved å gjennomborast av pilar. Av ein eller annan grunn eg ikkje har funne ut enno, har han vorte dei homofile sin skytshelgen - kan hende av di han ofte framstillast på ein gutteaktig, androgyn og nokso erotisk måte i kunsten. Eg har fått portrettet mitt teikna som St. Sebastian - med mykje breiare hofter og ein mykje kvinnelegare mage enn eg har i røynda. Eg likar det veldig godt. Andre som har avbilda St. Sebastian er ein av mine yndlingsmålarar, El Greco, og ikkje minst det notoriske franske paret Pierre & Gilles - som kombinerar fotografiet og målekunsten på ypperste campvis. Her er det verkleg ei dyrking både av den tradisjonelle mannskroppen og av mannleg androgynitet på spel. De kan jo sjå sjølv. Og so syner eg dykk El Greco ogso, sidan han er so ufatteleg bra.

2 kommentarer:

Nattvake sa...

Du klarar å holde smilet mitt frå start til slutt, og det med alt du skriv. Nydeleg, er det!
(Eg gler meg forresten stort til The Rocky Horror Show.)

johnmagnus sa...

Det er eg glad for å høyre - tusen takk :)
Eg gler meg minst like mykje, idag falt endleg dei seiste brikkene på plass - det blir so bra!