onsdag 27. januar 2010

Om mandigheiten og dens fall

"Ja, det var tider det, når menn var menn".
Ei gong fekk eg stilt horoskopet mitt, då fekk eg mellom ana vite at huset som avgjer mitt syn på mannligheit, står tomt. Med andre ord har eg ingen "innebygde" forventingar for kva det vil seie å vere mann: Eg kan fylle det med kva eg vil. Det tykkjer eg er veldig fint, og eg har valt å tru på det.
Eg har likevel, diverre, måtte velje å tru på at visse ting knytt til visse prestasjonar knytt til sokalla kjødleg omgang er ganske avgjerande for mi kjensle av å vere mann. Kan hende er dette ein av dei få tinga som sit so djupt at dei er enno sterke, overlevande instinkt som styrer delar av identiteten vår. Trur det gjeld alle, ikkje berre meg, om det er nokon trøyst når nettopp denne mandigheiten gjeng i oppløysing som ei dårleg knytta skolisseknute ein sein kveld. Eigentleg tvert om. Eg kan ikkje skjønne at noko eg kunne ha ledd av som ein bagatell får meg til å kjenne meg som ei vaskefille som har blitt vridd om alt for brutalt, so brutalt at all verdigheit, attraktivitet og maskulinitet taut ut og blei liggjande i ein lite appetittvekkjande dam på golvet. Det gjer dagen i dag til ein møkkadag er eg redd. I tillegg regnar all snoen vekk i dag, og eg har alt for mykje eg må gjere på alt for stutt tid.
Eg har, om ikkje anna, funne ny musikk. Eller, relativt gamal som eg ikkje har kome so langt som til å høyre på før no. "Bystev" kallar systra mi slik musikk, "sosialrealistemo" kallar eg det i dag når eg er litt sur (eg meiner det eigentleg ikkje). Nokon sitat derifrå passar godt i dag. Og so kan de gjette kva for musikk eg snakkar om, sidan dette er dagen for antydingar. Ei mozartkule til den fyrste som gjettar det.

"Hon gjør det eg vil, eg gjør et par ting eg må"
"No nærmer det seg slutten, for den sjarmerende gutten"
"Unnskyld meg, gutten min, det e bare dette eg kan"

4 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

Huff då, dette høyrest verkeleg ut som ein møkkadag! Men etter regn kjem det jo gjerne solskin, som kjend.

Unknown sa...

Veit du, i dag såg eg ein med (det eg vil kalle) konkubineraud jakke, og da lurte eg på om det var deg. Da han kom nærmare, såg eg at det ikkje var det. Det hender at eg ser deg på kaffikompaniet, og da smiler eg i di retning. Du veit det ikkje, og eg tenker at eg har ein løyndom (og at eg deler den med deg utan at du veit det heller). Verda kan være fin slik, fallen manndom til trass.

johnmagnus sa...

åh, nå blei eg mest litt eksaltert, kjenner eg!

Åsne Hagen sa...

Apropos det å fylle mannligheit med akkurat kva ein vil: "There is no gender identity behind the expressions of gender... identity is performatively constituted by the very 'expressions' that are said to be its results." Kloke ord frå Judith Butler.