søndag 24. januar 2010

Om Mellom Stolane (eller fragment av to og eitt heilt kunstverk)

Mellom stolane

Då eg var liten freista eg
å setje meg på ein stol.

Det synte seg at den
ikkje passa rompa mi so godt.

Eg freista den neste.

Den passa ikkje den heller.

Eg sat meg mellom stolane.

Det var det aller jævlegaste.

Men kva kan ein gjere, mellomromet
er i det minste ikkje bygd av nokon
andre.

(skrive av denne bloggaren, januar 2009)

"Det er bedre å falle mellom to planeter enn mellom to stoler"

(dikttittel, Triztan Vindtorn, 1982)

(fotografi av verket "One and Three Chairs", Joseph Kosuth, 1965)

1 kommentar:

Åsne Hagen sa...

Ja, hurra for mellomromma! Dei er kan hende ikkje så komfortable, men det veks blomar der.