søndag 14. mars 2010

Om facebook

Eg er ein av dei som nyttar facebook, til tider relativt mykje, sjølv om eg eigentleg mislikar nettstaden intenst. Særskilt når eg sit og "heng" der og gjer meiningslause ting, som å stalke ymse folk (det er dei same som gjeng att i periodar, t.d. ser eg mest aldri lenger på profilen til ein av dei eg heile tida stalka i 2008. Me har aldri kjent kvarandre ordentleg, og eg har aldri tykkja at personen har vore noko attråverdig. Rart det der...) eller sjekke om nokon meiner at eg ikkje er ein god kyssar (eg trur eg er veldig variabel, og dessutan vert flinkare med ein flink kyssepartnar, dersom de lurte, og det gjorde de vel). Heldigvis er eg ikkje av dei som spelar poker eller driv mafiakrigar der. Likevel nyttar eg for mykje tid der.
Eg har dessutan kome fram til den konklusjonen at Facebook er sjølve manifesteringa av at me lev i ei fragmentert verd: Me har ikkje tilgang på "heile" livet til fjesbok-venene våre, men berre utvalte delar, sidan me eigentleg ikkje delar nokre opplevingar med dei via facebook (noko eg trur ein treng i det minste indirekte fysisk kontakt for å gjere, altso ved å høyre stemmen deira eller få brev dei har tekje i, dette hadde vore spanande å argumentere for ut i frå fenomenologi, men sopass akademiske utlegningar har eg ikkje tid til no, og eigentleg høver det ikkje til bloggformatet heller).

Ein anna ting eg er ambivalent til er smågodt. Det smakar berre godt når det delast med andre, fann eg ut i dag. Det er i alle fall lite godt å ete det medan ein lokar på facebook.
Det er nok facebook si skuld. No skal eg sjå om det har skjedd noko der sidan seist. Og so skal eg, kan hende, lese litt ordentleg skjønnlitteratur.

Med mindre facebook fangar meg, då.

Ingen kommentarer: