torsdag 18. mars 2010

Om gnuring og sturing, furting og snurting

I dag er ein av dei dagane som følas drit utan at eg har nokon god grunn til det.
Det gjev meg dårleg samvit, noko som gjer dagen enno verre. Ogso får eg dårleg samvit av å bli enno surare, og av at eg klagar slik i skriftleg form, osb.

Eg trur eg er prototypen på snurt dersom eg fyrst finn ut at eg skal vere snurt, og ikkje minst er eg alt for flink til å vere misforstått, ulukkeleg forelska eller forsmådd elskar. Hadde det ikkje vore for at eg har sterke gledesutbrot i blant, hadde eg vore den perfekte emo. I dag hjalp det ikkje ei gong å vaske. Vanlegvis vert sinnstemninga mi ljosare i takt med at golvet vert det, men i dag vart eg berre sint då eg merka litt sterkare enn vanleg at eg har linoleum på golvet, og eg ynskja meg måla tregolv noko heilt intenst.
Eg vil ogso ha nokon (nokon meir gjerne enn nokon) å sove med om natta, mat som smakar slik det luktar i gangen min nett no, og fint ver ute. Då skal eg kan hende vurdere å vere glad.
Eg prøvde å tenkje positivt i går, men det er ikkje so lett når det eigentleg ikkje er so mykje negativt å tenkje vekk, rett og slett. Men eg konkluderte med at eg er 40 % glad for at alt som er forbi, er forbi. Altso 60 % trist. At noko er forbi, tyder jo at det kjem finare ting seinare. Merk at eg tykte det var mest trist. Skal eg vere emo, so skal eg vere emo. Det er ganske so slitsamt. Kan neppe vere bra for hjartet. Eg vurderar å leggje meg att, for no byrjar eg nesten å håpe at noko ordentleg trist skal skje slik at eg kan vere ordentleg lei meg. Det vert betre litteratur av det ogso. Å lese om småsurhet er enno verre enn å lese om ein heilt probelmfri kvardag. So det å skrive dette innlegget her, syner vel berre at eg er skikkeleg verdig til nemninga "emo".

(Gnuring, sturing, furting og snurting ber forresten desse namna på engelsk: Chafing, moping, sulking, disgrunteling)

Ingen kommentarer: