lørdag 6. mars 2010

Om tankar skapt av ei stutt lita samtale med tre deltakande over tre øl

Darling lisle vene, eg veit eigentleg ikkje kven eg tykte mest synd på i går når du sa at du ikkje trudde du nokon gong hadde vore forelska.
Men eg trur eg landa på deg. Det er ikkje so gale for meg. Ei ekstra utfordring gjer berre godt. Jakta er meir enn halve moroa.
Og tenk for ein siger dersom eg skulle bli den fyrste...som får den slag blikk frå ein so fin fining...då skal eg kjøpe cava eg skal sprette for meg sjølv etter at du har sagt «vi sees» til meg ein tidleg morgontime

1 kommentar:

Åsne Hagen sa...

Apropos spretting av cava og slikt: Megapuss (sideprosjektet til Devendra Banhart) har nokre fine strofer i ei av songene sine, der eg synest det høyrest ut som han utbringer ein skål:

“To the love without
that comes about
again and again and again

To the love within
that goes without
saying anything”