onsdag 5. mai 2010

Om å vere på bilete ein ikkje veit ein er på

Google Streets. Det er i alle fall to stykk eg kjenner der. Truleg mange fleir, kan hende ogso eg.
Det er rart å tenkje på kor mange bilete i verda ein er på, men aldri kjem til å sjå. På fleire av dei er kan hende ogso eg, ved ein feil eller overlagt, hovudmotivet. Eit bilete der eg har gult hår, og det var nettopp det gule håret fotografen snikfotograferte. Eit bilete der eg står i bakgrunnen og klør meg i rompa, og det er meg alle kommenterar og ler av når dei ser det elles ordinære bilete. Eit bilete der eg klinar i eit portrom, tatt av nokon som blei glade når dei såg meg og syner meg fram som eit vent døme på at romantikken ikkje er død. Kan hende diskuterar dei korleis det gjeng med meg og min klinepartnar no, og eg håpar dei er so romantiske at dei gjeng ut frå at me lev lukkleg saman i ein eller annan toppetasje.
Men: Enno rarare er det å sjå bilete av seg sjølv ein ikkje visste fantest, der ein tilfeldigvis er til stades. Ein fjern bekjent av meg (som som dei fleste andre fjerne bekjentar her i verda er ven med meg på fjesbokji) har tekje ein masse bilete av seg sjølv og sine veninner på ein av stamstadane mine. Eg er ikkje på dei bileta, men tre andre eg kjenner er det, og det er veldig rart å sjå på! Ein får eit slag innblikk i ei heilt anna verd, men på ein annan måte enn film, teater og bøkar gjer deg, mest får ein kan hende eit konkret prov på at si eiga verd er heilt lausriven og uvesentleg for andre.
Eller du får sjå korleis verda di iblant kolliderar med andre si verd, utan at det er tilsikta eller ynskjeleg - men heldigvis gjekk alt bra. Eg fant nyleg eit slikt bilete - der min person figurerar i bakgrunnen - på bloggen til ein person eg ikkje likar i det heile (kvifor les eg då bloggen hans? 1. Han kan skrive blogg og 2. Han er veldig pen. Eg tykkjer det er totalt forkastleg når folk eg ikkje likar er flinke til ting eg set pris på, og enno meir forkastleg er det at dei er pene). Det var forferdleg rart, eigentleg ganske ubehageleg. Etterkvart derimot har biletet gjeve meg ei slags ro. Det gjeng an å eksistere saman, trass alt,sjølv om ein kan hende har gjort dumme ting mot kvarandre, difor ikkje har sansen for kvarandre, og neppe nokon gong vil få sansen for kvarandre. Det gjeng an. Det gjeng til og med dele ein grasplen ein varm sommardag og eit fotografiutsnitt på internett.

2 kommentarer:

Åsne Hagen sa...

Apropos dette vil eg sitere William A. Allard: "I think the best pictures are often on the edges of any situation, I don't find photographing the situation nearly as interesting as photographing the edges."

Jenny sa...

Da jeg var tretten gikk jeg gjennom gatene i Oslo en gang ved siden av fetteren min. Vi hadde røde T-skjorter på oss og bar en kjempestor kobbergryte mellom oss. Vi passerte et intervju med Nrk og et par sekunder var vi i kamerabildet. Jeg vet ikke om vi kom med på selve klippet. Men jeg håper nesten det - at de som så intervjuet ville fnise litt i stolen og si "Jøss, sjekk de to ungene som drasser på den digre gryta. Lurer på hvor de skal." Eller noe.
(Vi skulle faktisk til Nrk på Marienlyst, når jeg tenker meg om. Men det er en helt annen historie. De bildene VET jeg jo tross alt at jeg er på.)

Ellers er det en barnefilm - Titanics Ti Liv - som jeg kanskje tror jeg er i, for under innspillingen for mange år sida satt jeg på trappen foran Deichmanske Bibliotek i Oslo sammen med en gjeng framtidige forfattere og solgte skrivebuahefter, og da filmteamet prøvde å jage oss vekk sa vi no way, dere får kjøpe heftene våre i så fall, dette er VÅR standplass, og det gadd de ikke så de lot oss være. Men det hjalp ikke så mye, for de jagde bort alle kundene våre i over en time, og vi prøvde å snakke med de elleve år gamle barneskuespillerene, men de hadde skikkelige stjernenykker allerede og sa at vi var teite og de var viktige.
Jeg har aldri giddet å se den filmen, så jeg veit ikke om jeg er i den scenen eller om de har klippet oss bort.

Og ellers skriver du fint og inspirerende. Men det har jeg fortalt deg allerede.