fredag 30. april 2010

Om 31 (eller eigentleg 21) songar

Nick Hornby har skrive den tidvis gode essaysamlinga 31 songs. Den handlar om nettopp det, 31 popsongar, med all den respekta ei god popsong fortener. Ikkje alle songane er kjempegode i seg sjølv, men dei har alle vore viktige for Hornby - noko som kan hende er vel so vesentleg når det kjem til popsongar? Eg tykkjer ikkje boka er like bra som musikken den fortel om. Men idéen er fantastisk. Difor har eg stole den, og skriv på liknande tekstar sjølv. I motsetnad til hjå Hornby prøvar eg å setje tekstane saman med faser eller episoder av livet mitt, slik at dei dannar ei kronologisk forteljing. Her konvertert til bloggformat (førebels har eg berre 21 songar. Alle (nesten) har lenkje til ei slik nettside der det gjeng an å høyre på dei, i noko varierande kvalitet, men men. Om det vert bok av det skal eg vere vanskleg forfattar og krevje at det leggjast ved ein CD. Eller kan hende mellombels Spotify-medlemskap og ei ferdig speleliste, slik for å spare ressursar litt)

Bob Marley - Is This Love
Denne songen er på ein av dei fyrste CDane eg kaupte sjølv. Gjeng det an ikkje å like Bob Marley? Tydlegvis, men eg har aldri forstått dei som ikkje gjer det. Eg likte han med ei gong. Det var sikkert difor det var ein av dei fyrste artistane eg høyrte i filler, særskilt denne songen, som passar veldig godt når ein er femten og full av gledje over ting ein trur er berre sine i heile verda og uoppfyllt kjærleik

Black Sabbath - Sabbath Bloody Sabbath
Eg høyrer ikkje so mykje på denne songen lenger. Eigentleg er den ikkje so veldig fantastisk, irriterande anti-estetikk som ikkje vert bra i sitt bråk (slik som Black Metal ofte gjer), men den er nettopp det - bråkete (den var i alle fall det på syttitalet), og med ein mørk og desperat tekst. Slik som tenåringsgutar likar veldig godt når dei føler for å markere sin annleisheit. Særskilt bra for ein med sans for historie og symbolikk, då er det rett å ty til Sabbath.

Clap Your Hands Say Yeah - The Skin Of My Yellow County Teeth
Eigentleg held denne songen fram i det berømte annleissporet eg køyrde etter beste emne (sjølv om eg eigentleg ikkje turde) heilt fram til eg var minst atten, og korleis er ikkje vanskeleg å seie: Indie x 10 000. Den startar skranglete, har pling-plonglydar, sær vokal, snurrige harmoniar, element ein kjenner att frå pønk trass alt, både klassisk rockinstrumentering og synth, lengtande men halvabsurd tekst (ikkje minst linja "Take me to a party" har alltid felle i smak hjå meg), og var så indie som eg kunne tenkje meg at det gjekk an å vere når eg høyrte den fyrste gong. Eg blei veldig forelska. I motsetning til den førre songen er dette ei veldig bra song, tykkjer eg, og plata den er på er ein av dei beste som finnest. Eigentleg er det ei song som høyrer best saman med dei andre songane på plata si, men eg høyrte den åleine fyrst, og difor har den stor verdi som einsam herre ogso.

The Clash - London Calling
Ganske politisert blei eg allereie som trettanåring, mykje meir enn det eg er no eigentleg. Men aktiv blei eg fyrst då eg var seksten, og denne songen har eg alltid tenkt handlar om naturkatastrofer me har skapt sjølv. Historia att, signatursongen på ei særs politisk plate frå eit særs politisk band. Og dessutan med ein miks av ulike estetikkar eg alltid har vore veldig glad i.

Frank Zappa - Bobby Brown
Dette er min fyrste ordentlege opposisjonssong. Eg og min romkamerat høyrde på Bobby Brown, lo, erklærte samstemte at Bobby Brown verkleg var ein idiot på skulen vår, og lo att. Enkel song reint musikalsk (utypisk Zappa), men verkleg vanskleg når det kjem til teksten. Den motset seg vel eigentleg all fortolking, slik eit godt kunstverk skal gjere.
Seinare blei dette ein av dei mest romantiske songane eg har visst om. Utruleg, men sant, og det er ei anna historie.

Herr Nilsson - Faces and Names
Mitt fyrste besøk på Hulen: Konsert med Herr Nilsson. Eg har nettopp blitt atten, og kan kome inn og drikke øl. Eg kaupar CDen, og denne songen er faktisk den eg har høyrt mest på i heile mitt liv. Konserten gjorde meg so glad, so glad, eg og mine medkonsertgjengarar gjorde konserten frå tilhøyrarane si side, og ogso songen gjer meg kjempeglad, av nye grunnar kvar gong.

deLillos - Fullstendig Oppslukt av Frykt
Å bli vaksen. Å kjenne at ein vert automatisert. Å vite at ting er forgjengelege. Å tenke attende på dei som er daude, på dei som har flytta (og som du seinare finn på Facebook, og dei har vorte monster, og minnes ikkje deg lenger, og du lurar på om de verkleg har leika saman), på dei du har som når som helst kan forsvinne.

Jokke med Tourettes - Halv
Eg budde lenge med han, i eitt år, me var gode vener, og blei endå betre, men etter at me flytta såg me kvarandre mykje mindre enn før. Eg visste vel at det kom til å bli slik, men vert trist over det med ujamne mellomrom. Eg spelte denne mykje både for oss og for berre meg i månadane kring fråflyttinga, og tenkjer på han kvar gong eg spelar den. Enno ein av mine beste venner, men kan hende berre då den eg kunne kalle min beste ven, og den einaste eg har kunna kalle noko slikt.

David Bowie - Ziggy Stardust
Når ein driv med teater, er det ikkje til å kome forbi at ein tenkjer på berømmelse ei gong i blant. Og kor gale det kan gå. Å vere ei myte. Eg likar mange myter veldig godt. Edith Piaf, Helge Jordal, Salvador Dali, Andy Warhol, J.K. Rowling. Og ikkje minst David Bowie, som spelte seg sjølv. Ziggy-albumet er sinnsjukt komplekst, og det er heile figuren David Bowie ogso. Han er jo sitt eige tema! Eg forstår ikkje korleis han får det til. Eit førebilete for alle skodespelarar, i alle fall. Og berømt, det har han jo blitt, og han er framleis kjempebra (sjølv om eg ikkje treng å høyre på det ha har laga etter 1980. Men eg gjeng gjerne på konsert)

The Velvet Underground - I'll Be Your Mirror
Kvifor likar eg denne songa? Den er forferdleg banal. Musikalsk sett primitiv pling-plong, det minnar om ein skulekonsert, teksten er uuthaldleg wannabee-djup, og her syng Nico ordentleg surt, ikkje nesten surt som ho elles gjer. Er det ironien i han, at det er søtsuppe midt inni alt helvetet ein elles finn på plata bak banancoveret? At den er styggfin, den prøvar å vere fin men er strengt tatt stygg, simpel? Nei. Eg likar den med sterke og ekte kjensler. Trur den treff sjølvmedlidenheten, den hjelp når ein kjenner seg misforstått og forlatt. Den forstår deg når ingen andre gjer det (og når dei har god grunn til ikkje å gjere det). Det kan den berre gjere sidan den er slik ei haltande søtsuppe. Me treng slike óg. Jaffal eg.

Cocteau Twins - Ivo
I Italia hadde eg avgrensa med kulturuttrykk å take for meg av, sidan min personlege PC ikkje var kopla opp mot internett, eg las ikkje godt nok italiensk og hadde med meg eit begrensa antal norske bøkar. Difor las eg boka "Nordkraft" so godt at eg la ekstra godt merke til alle referansane til Cocteau Twins, og i motsetnad til før eller seinare når eg har plukka opp slike referansar, plukka eg ogso fort opp ein CD av dei. Ivo var det fyrste sporet, og sprengte alle tankar eg hadde om kva musikk kan vere. Eg gav fort opp å skjøne teksten, og lot meg berre forsvinne inn i lyden. Fyrst seinare fekk eg vite at dei syng på labelensk, og det tykkjer eg er heilt fantastisk. Høgmodernistisk song: Vokalen vert berre lyd og melodi, ikkje språk. Rein vokalmusikk.

Kaizers Orchestra - Mr. Kaizer, hans Constanse og Meg
Ein skal reise frå mange stadar og enno fleire folk. Men det gjeng an å lengte attende. Denne songen er pompøs, sentimental og lettvint, men det gjer godt å vere melankolsk iblant. Då hjelp det med ein god på-knapp

Tom Waits - Innocent When You Dream (Barroom)
Ein annan biverknad ved å drive med teater er at ein kjenner på sin eigen utilstrekkleghet. Same effekta gjer det å flytte til ein ny by. Draumar er patetiske, knuste draumar enno meir patetiske, kan hende mest patetisk er erkjenninga av at ein ikkje kjem til å klare å realisere sine eigne draumar. Difor er det versjonen som kjem fyrst på plata ein må høyre av denne songen, ikkje den meir lågmælte som stengar av.

ABBA - Does Your Mother Know
Å vere forelska i ein som er litt større enn deg, og so lengje du har kjent han, har vore eit litt vaksnare idol. Ein skal aldri bli kjent med sine heltar, langt mindre forelske seg i dei, kan hende var det difor han song denne so ofte for meg. Men eg er glad det gjekk som det gjekk likevel. Vaksen var han alltid, og det var eigentleg ganske godt, men han slutta å vere helten min, og det var enno godare. Ein kan ikkje elske ein helt. Eit utsøkt menneske derimot..ABBA er elles alt for undervurdert, berre fordi dei song dansevennleg musikk og hadde tøysete kostyme.

Devendra Banhart - A Ribbon
Devendra sa alt eg ville seie. Stort meir har eg ikkje å seie.

Mods - Me To Går Alltid Aleina
Når eg høyrer på denne, tenkjer eg på kjærleikssorg, og eg spelte den mykje seist eg hadde det, men teksten minner meg merkleg nok ikkje om då me var kjærastar (eller litt, eg tenkjer på den gongen han kyste meg på samfunnshuset heime), men på åra før me blei det, når me gjekk aleine saman, når eg sat på fanget hans, når han vaska hennaen ut av håret mitt, når me drakk tequila på stranda, når eg prøvde å haike atten mil ned til han, når me aldri blei ferdige med å følgje kvarandre heim for å passe på at den andre ikkje blei valdtatt. Eg tenkjer ogso på når det blei slutt, når eg høyrer andre vers, me fekk for lita tid, og eg var sikker på at han aldri skulle gå, men heldigvis rakk eg å spørje om det eg ville ha svar på, og eg fekk det svaret eg ville.

The Beatles - Penny Lane
Denne songa er nok den beste i verda. Musikalsk sett er den eit tour de force på line med det beste dei store klassiske kompomistane og dei beste jazzimprovisatørane har laga, eigentleg over ein god del av det. Eg elskar Bergen kvar gong eg høyrer den, og får lyst til å syngje, lyst til å lage film, lyst til å leve kvart sekund av dagen.

John Olav Nilsen og Gjengen - Diamanter og Kirsebær
Heilt ulik sinnsstemning, men ogso fantastisk god musikk - kan hende mest i vokalen. Og lyrikken, herregud. Ein verkleg fortent hit. Den får meg i eit særs eksistensialistisk humør. Eg tenkjer på kor like og kor ulike John Magnus og John Olav er, og tenkjer at hadde eg vakse opp i ein drabantby, hadde eg aldri overlevd lengje nok til å lage ei slik song. Eg er nok lik John Olav, men likast han han syng om i opningssonga på plata ein ogso finn denne - han som blei skoten til himmels.

The Smiths - Some Girls Are Bigger Than Others
Songteksten her talar for seg sjølv. Men eg må seie at Morrisey er ein annan av mine heltar.

The Beach Boys - Wouldn't It Be Nice
No nærmar me oss nyare dato, og eit bekjentskap eg burde ha gjort for lengje sidan - The Beach Boys er musikalsk sett ofte like gode som The Beatles, og denne songen! Ulukkleg forelsking, i ein som høyrer mykje på nettopp dette bandet, grunnen til at eg kjøpte plate med dei, eit faktum like ironisk som songen: Lystig tekst, enno lystigare tone, men kvifor må ein i det heile tatt argumentere for noko som er so rosenraudt? Sjølvsagt får ikkje det lyriske subjektet i denne songen den han vil ha. Akkurat som meg når eg byrja å høyre på denne songa igjen og igjen. Ei fantastisk sameining av lyriske og musikalske verkemiddel.

Bob Dylan - The Lonesome Death of Hattie Carrol
Det er denne songa ogso. Eg har faktisk ikkje høyrd den før før inntil ei veke sidan, noko som berre syner kor blank eg eigentleg er innanfor musikk. Førelesing var staden, og det var den fyrste songen eg verkleg opplevde ei skikkeleg akademisk analyse av. Eg seier berre: Legg merke til korleis han syng utan kjensler, Death Pan, og korleis han ikkje nyttar enderim men eit anna verkemiddel eg overlet til dykk å finne, og sjølvsagt kor gruvsam teksten er. Eit sinnsvakt hardt tema, og total kontroll over verkemidla. Paradoksalt, like paradoksalt som kor lidenskapleg den akademiske analysa av songen faktisk var, noko som gleda meg stort, for det er slik eg vil drive akademia sjølv: Med lidenskap ovanfor det eg studerar.

*

(eg ogso merkar kor lite ny musikk det er her, berre to av 21 songar er yngre enn fem år. Eg er veldig dårleg på musikk, særskilt til å følge med. Men so er dette ogso ei særs retrospektiv liste)

Ingen kommentarer: