mandag 30. august 2010

Om å sniffe og lukte duftar og stankar

Brått kom eg på Pondus: Det luktar svett pung. Eller ostepop. Klassiske fraser derifrå, på klassisk bergensk ordkunstvis.
Eg er usamd med Joachim og Patrick. Korkje svett pung eller ostepop luktar so ille som mange skal ha det til, sjølv om eg neppe ville nytta nokon av dei som parfyme.
Uansett: Lukt er fint. Proust og syrinane, liksom. Eg har det på same vis: Luktar eg syriner, tenkjer eg straks på gatene heime. Endå meir dersom eg kjenner den sjeldnare lukta av hegg. Hjerneforskarar (ikkje rakettforskarar) meiner at luktesansen, som vår eldste sans, er mest knytt saman med instinkt, det undermedvitne, minna våre. Berre tenk på feromon. Alle som har lukta nokon dei likar godt i nakken bør vite kva eg meiner. Åh, so godt folk luktar i nakken!
Eg var barnevakt her om dagen for ein liten gut, og det slo meg kor annleis han lukta enn dei vaksnare menneska eg vanlegvis tilbringar tid med. Overraskande surt, ein kunne merke at han framleis har ein sterk mjølkebasert diett. Samstundes var lukta hans so rein: Dette er hud, ingen deodorant, parfyme, svette eller feromon.
Heilt til han bæsja på seg.

Om lukt er instinktivt og opphaveleg, har eg av å jobbe med kaffi lært at ur-sansen likevel kan kultiverast i høg grad. Eg tykkjer det er intenst fascinerande at steikte frø frå same blante kan lukte so ulike ting som frå rått kjøt, akkurat slik eg minnes det frå marknaden i Palermo, til vanilje og lime. Få ting luktar so godt og variert som kaffi - ingen ting har so mange identifiserte aromastoff. Ein av mine topp ti sanseopplevignar er å grave hendane mine ned i ein stor boks espressobrente bøner (eg er sjølvsagt rein på hendene) og kjenne lukta stige opp, samstundes som eg kjenner dei oljete bønene gli mellom fingrane mine og høyrer dei risle ned i boksen. Nam.
Like god er ikkje kaffilukta blanda med den ogso elles gode hudlukta, det erfarar eg frå min egen kropp kvar gong eg er ferdig på jobb. Trass dette kjenner eg at eg blir fornærma dersom nokon uttalar seg mot slik kvasikaffilukt.
Til dømes når eg låg tett på, og saug inn dufta av, han lisle vene, og fekk servert kommentaren: "Du lukter kaffe". Turnoff. Og eg blei fornærma, sjølv om det var sant nok.
Nett no luktar eg ikkje kaffi, og eg skulle gjerne ha loge ved sida av han. Eg var kostbar i dag, og angrar litt, sjølv om eg er litt nøgd òg. Men han var jo veldig veldig fin i dag, om mogleg meir enn vanleg, og lukta heilt fantastisk.

Ingen kommentarer: