lørdag 8. januar 2011

Om å bæde over staden eg kjem frå

Eg har tenkt mykje denne veka, som kan hende naturleg er sidan året er nytt og det er mykje av tida. Det ligg mange klumpar i magen, nokre gamle, nokre nye, dei fleste ein rar blanding, attkjennbare men i ny variant. Eg tenkjer på kor vanskeleg det er å vere med menneske, kor mykje sosial kontakt, den enklaste ofte, å skrive sms, å seie hei, å sjå folk i andletet, å treffe folk på nytt etter jol, stressar meg mykje.
Eg skuldar på oppveksten, i beste naturalist og venstreraddis-stil. Eg har, på dei merklegaste tidspunkt denne veka, blitt fylt av ei vanvittig motvilje mot staden eg er frå, eg har lyst til å skrive sinte lesarbrev og spy all mi våde og vånde over veggane mine på samtlege sosiale medium, om at det forferdelege kommuneslagordet burde bytte ut "draumen" med "marerittet". Igår gjorde eg det og, fordekt, full og trist, heldigvis var eg klok nok til å vere meir sint på meg sjølv enn på bygda slik at det ikkje blei alt for gale. Uansett, eg hadde ikkje trengt vere sint på meg sjølv so mykje, trur nattlege draumar bearbeida meg fram til den konklusjonen. Eg er for ofte sin på meg sjølv, tek ting ille opp, eg må slutte med det, det er det eg skal i år. Eg kan ikkje klare det berre med å seie det til meg sjølv, eg må seie det ofte til andre, eg må meditere og gjere qigong og avspenningsøvingar og trene og lære å sitje roleg i eige selskap utan lyd og bilete att, berre med ord og liner og min eigen pust og kjenne på den store gleda, og gle meg over at eg åleine og at det er deileg, og at imorgon skal eg lage kaffi som får folk til å smile og le og fjase med studievener og snakke alvorleg med storesyster og høyre sunnmørsk og kysse munnen som kjem med musikken etterpå.
Og eg bur ikkje i dalen oppe i Telemark lengjer, eg kan puste, utslettet kjem ikkje so ofte lenger, eg er tryggare her, i den store farlege byen.

Ingen kommentarer: