tirsdag 20. april 2010

Om

...du ville vere hjå meg når eg vakna og dele morgonane som er so lange som dei må vere for å få slutt på morgonstivheten som elles er vond heile dagen og so bli med meg opp på ein av dei høgaste fjella og sjå utover byen vår som er full av tonar og musikk og medan me står der gjev eg deg blomar i mange fargar eg likar fargar

søndag 18. april 2010

Om Amarcord

Amarcord er den beste filmen i verda.

Eit år i ein italiensk småby ved havet, på tredvetalet. Full av rusframkallande musikk, fantastiske bilete, latterkrampeframkallande situasjonar, språklege krumspring, genuint eksistensielt og politisk drama, strålande karakterskodespel og ikkje minst fellinesque magi. Med ein tenåringsgut som er kåt, frekk og slampete som tenåringsgutar flest i hovudrolla. Eller er det kan hende den vene La Gradisca, Ta Deg Til Rette, som er den eigentlege hovudrolla? Er det ikkje ho som er lekamsgjeringa av ungdommeleg attrå og uskyld? Og samstundes det fårlege, raudkledd som ho er...vel, drit i det. Eg skal ikkje rote meg inn i kjip filmanalyse nett no. Berre konstatere tre ting:

1. Alle må sjå Amarcord. For fyrste gong eller på nytt att. NO!
2. Eg kjennar meg no mest att i Titta, tenåringsguten, eg då. So for meg er det han som har hovudrolla uansett, sjølv om det er La Gradisca som er på coveret.
3. Filmen er dårleg teksta. Det må gjeras noko med.

Eg gjer difor den humane og misjonerande handlinga å presentere ein av dei beste scenane frå Amarcord, der Titta er so kåt som berre tenårongsgutar kan vere, i stillbilete frå filmen og dialogen omsett til norsk.



Runkar du?

Du veit at St. Luigi grin når du runkar?

Jøssdå, grin i veg. Uansett fortel eg deg ikkje at eg runkar, kvifor skulle eg det, du kjem berre til å seie det til pappa. Kvifor runkar ikkje du?

Korleis kan ein unngå å runke når ein ser tobakkshandlerska med dei muggene når ho seier til deg:
Amerikanske sigarettar?

Eller mattelæraren når ho ser ut som ei løve...herregud!

Meiner du at eg ikkje skal runke når ho ser slik på meg?

Og kva er det du trur me kjem for å sjå på St. Antonio sin dag, når du velsignar dyra?

Sauerumpene?


Jaddå, sjå korleis han kikkar på meg. Men korleis skal eg fortelje han om Ulvinna?

Om den gongen ho ba meg skifte slange på sykkelen hennar...

Eg visste ikkje at ein kyssa slik. Visste De det? Med heile tunga...

Det er eg som stillar spørsmåla – ikkje du! Fortsett!

Og Finn Deg Til Rette...i fjor sommar såg eg at ho gjekk inn på kinoen...for at, det er som om...åh, Finn Deg Til Rette får meg til å dåne! Kona mi skal vere som Finn Deg Til Rette!

Ho var åleine. Ho sat der. Rett foran meg!

Eg bytta plass. Eg bytta plass att.


Eg bytta att!

Og endeleg...

Kva leiter du etter?

Eg følte meg som ein idiot! Eg ville hive meg på sjøen! Men Don Valoso kan ikkje forstå desse tinga...

Men sidan eg måtte seie noko, sa eg at eg hadde runka ei gong, men berre bittelitt. Han tilgav meg straks. Han var fornøgd slik. Han sa at eg måtte be tre Fader Vår, og so sendte han meg vekk.

torsdag 15. april 2010

Om ein blond liten gut

Det er so rart kven ein saknar. Dei fire eg saknar mest i heile verda er det ikkje so rart at eg saknar. Ein av dei er døde, og ikkje blond i det heile, tvert om var han mørkhåra som ein ravn, og ravn var nettopp det me kalla han iblant. Min beste ven nokon gong og den snillaste eg har møtt. Dei tre andre lev, to av dei er ogso brunetter medan den tredje er ein av dei berømte blonde gutane. Det er likevel ikkje han, men ein annan blond gut eg vil skrive om idag, ein av dei det er rart at eg saknar.
Han er den blondaste eg veit om, platina med eit svakt gulskjær, og håret er tjukt og legg seg på ein sivilisert men spennande måte. Me har aldri kommunisert slik kjempegodt, men har nok alltid sett pris på kvarandres eksistens. Eg blei fyrst kjent med han som eit uromoment i lokalsamfunnet, ein av desse irriterande små ungane som er overalt og er heilt umoglege, og traff han att som ein særs motemedviten, ung mann som lett blei flau over meg og ikkje minst storebror sine karnevalske eskapader. Men eg trur (les: eg veit) at han tykte det var særs kjekt ogso. Me har rent nedover ein elv på Voss, ete jordber i parken, spela dimensjonsball og drukke cava saman. Etter den dagen gav han meg ein av dei godaste klemmane eg nokon gong har fått. So gjekk eg, og traff han berre to gonger til, snøgt og rart. Bindeleddet mellom oss to, to små redde gutar på kvar sin planet som kikka litt skeptisk og litt lengtande på kvarandre, var vekk. Eg ser han på den nettsida eg ikkje vil nemne namnet på ofte, og kvar gong vert eg melankolsk. For eg saknar han. Saknar han som ein saknar ein død bror. Sjølv om han ikkje har vore korkje ein bror, ein sjelevenn eller ein elskar. Berre ein av dei rare, blonde små gutane det vandrar ganske mange av i gatene, og som eg treff so vidt på eit hjørne iblant.

onsdag 14. april 2010

Om å spele blues på saksofon

Eg kan diverre ikkje spele sax. Ei gong, for noko som verkar som lengje sidan, byrja eg å lære å spele, ved sjølvstudium, i ein liten sal i eit gamalt kloster. Det høyrdes ut som ei døyande kyr, medan eg ville at det skulle høyras ut som Good Bait med Coltrane. Etterkvart vakna kyra til live og forlot romet (etter at eg hadde fengje klage frå kommunen), men nokon Coltrane blei eg aldri - heller ikkje nokon anonym storbandist.
Idag har eg for fyrste gong på lengje spela saksofon, og det gjekk betre enn frykta. Sjølv om eg strengt tatt (kvifor kan det aldri vere mjukt tatt?) ikkje kan spele, hjelp det alltid å spele. Bluesen forsvinn ut av kroppen, inn i munnstykket og vert kasta ut i romet. Sjølv om tonane som kjem er for enkle til å kunne kallast blå, er kjensla bak dei like blå som himmelen ute (som slik sett er eit glitrande psykisk landskap for meg nett no, sjølv om klisjeen skulle seie at det burde ha vore regn).
Eg er glad for at det ikkje er regn, det held med blues i hjartet og blues frå saksofonen. Heldigvis er det vår og ein er våryr, og det er perfekte dagar for å gå ut og plante rosebuskar slik at ein kan hauste roser seinare.
Når bluesen ikkje bur i gatene, er det mykje lettare å bere bluesen i hjartet.

fredag 9. april 2010

Om at alt eg har sagt er sitat

Eg har noia langt inn i tarmen, sommarfugler av jern i magen og har allereie bytta mitt knuste hjarte mot ei øydelagt nyre, likevel stormar eg fram over slettene med min eigne vanvittige logikk.
Heldigvis.

torsdag 8. april 2010

Om krokane eg heng på på ein dag eg helst vil berre skal slutte

Å vite at eg skal leggje meg i nyvaska sengetøy ikveld, og deretter finne krokus på stadig fleire stadar i byen (eg trur at krokusane har venta so lengje på våren iår at det har gjenge ein real faen i dei, og når våren no endleg er her, har dei berre eksplodert utover alt, slik at byen mest er lilla med kvite og gule flekkar). Lukte våren på Fløien. Drikke to koppar kaffi på Kompaniet av ein ny type espresso som smakar enno betre enn den gamle, og ete ein cookie til dessutan. Skulle ete omelett laga med all den kjærleiken eg har spara opp til anna bruk. Ha ei mummibok ventande til etterpå. Bruke lang tid på å vere sin personlege sekretær og endeleg få gjort alt det eg skulle ha gjort. Vite at morgondagen neppe gjeng sin veg, og at den er ein fredag, og alt dette med blanke ark og slik (det er nesten sant!)

mandag 5. april 2010

Om eit funn i ei bokhylle

Lille Tre var ei fin bok, sa han. Den burde eg lese. Eg fann boka i dag, og lurte på om eg skulle ta ho med meg for å lese ho, men eg sette ho attende inn i bokhylla. Å lese boka ville berre ha minna meg om han og, dersom eg ikkje kom til å like ho, om kløfta mellom oss, den me aldri ville ha klara å kome over, og til slutt ville eg bli mint på det aller tristaste: At han truleg ikkje les bøker lenger.