torsdag 15. april 2010

Om ein blond liten gut

Det er so rart kven ein saknar. Dei fire eg saknar mest i heile verda er det ikkje so rart at eg saknar. Ein av dei er døde, og ikkje blond i det heile, tvert om var han mørkhåra som ein ravn, og ravn var nettopp det me kalla han iblant. Min beste ven nokon gong og den snillaste eg har møtt. Dei tre andre lev, to av dei er ogso brunetter medan den tredje er ein av dei berømte blonde gutane. Det er likevel ikkje han, men ein annan blond gut eg vil skrive om idag, ein av dei det er rart at eg saknar.
Han er den blondaste eg veit om, platina med eit svakt gulskjær, og håret er tjukt og legg seg på ein sivilisert men spennande måte. Me har aldri kommunisert slik kjempegodt, men har nok alltid sett pris på kvarandres eksistens. Eg blei fyrst kjent med han som eit uromoment i lokalsamfunnet, ein av desse irriterande små ungane som er overalt og er heilt umoglege, og traff han att som ein særs motemedviten, ung mann som lett blei flau over meg og ikkje minst storebror sine karnevalske eskapader. Men eg trur (les: eg veit) at han tykte det var særs kjekt ogso. Me har rent nedover ein elv på Voss, ete jordber i parken, spela dimensjonsball og drukke cava saman. Etter den dagen gav han meg ein av dei godaste klemmane eg nokon gong har fått. So gjekk eg, og traff han berre to gonger til, snøgt og rart. Bindeleddet mellom oss to, to små redde gutar på kvar sin planet som kikka litt skeptisk og litt lengtande på kvarandre, var vekk. Eg ser han på den nettsida eg ikkje vil nemne namnet på ofte, og kvar gong vert eg melankolsk. For eg saknar han. Saknar han som ein saknar ein død bror. Sjølv om han ikkje har vore korkje ein bror, ein sjelevenn eller ein elskar. Berre ein av dei rare, blonde små gutane det vandrar ganske mange av i gatene, og som eg treff so vidt på eit hjørne iblant.

Ingen kommentarer: