mandag 1. desember 2008

Om kakebaking og mitt liv som blond

Eg er blitt blond.
Det er stygt det.
Dersom nokon lura, hadde eg aldri nokon forventingar om at det skulle verta vent. Det er berre ein mellomtilstand, håret måtte bleikast for at eg kan farge det slik eg vil. Korleis er då det? Nei, det får verta ei overrasking.
Dei aller fleste reaksjonane har vore krampelatter, særskilt ein viss herremann måtte gå litt vekk for å knekke saman av hiksta sine. Unntaka har vore ein sindig bømloing som nøgde seg med å seie "eg skjønar koffor du har på hatten" (eg har forvist meg sjølv til ein bowlarhatt, som eg etter beste evne puttar håret opp i) og Miriam, som alltid er snill og gav håret det einaste komplimentet det har fått. Tusen takk :)!
Kvifor klagar eg slik på dette håret, som eg har velgt sjølv og greier, dessutan er det jo berre ein hårfarge? For det fyrste tykkjer eg det er litt morosamt å klage over noko uvesentleg som eg dessutan kan gjere noko med. Eg kjem til å verta djupt tilfreds når eg ikkje lenger er blond. For det andre er håret mitt ein ganske viktig identitetsmarkør (ellers hadde eg aldri gidda å gro langt hår på bygda), og det funkar ikkje so bra når det er gulblondt.
Eg har ikkje berre vore blondine i helga, som den kjernefamilien eg og mi syster er her i Bergen unnagjorde me andre runde julebakst. Berre fire slag att no! Kokosmakroner og havreflarn er so lett at sjølv fulle born kan klare det, og det smakar ekstremt godt! Bakinga vart altso særs vellukka, sjølv om me nesten mista eit varmt steikefat på katten. Heldigvis var ho kjapp nok til å rygge unna.

Ingen kommentarer: